M/S «Teisner»: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
({{nn}})
 
(6 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist)
Linje 15: Linje 15:
I lengda vart dette for krevjande for enkeltpersonar, og båten vart difor i 1990 vederlagsfritt overtatt av ''[[Fyresdal Bygdemuseum]]'' og landsett ved Prestevja ved [[Moland kyrkje (Fyresdal)|Moland Kyrkje]] der den framleis står i 2011. Ein imponerande innsats av ei lang rekke personar og ikkje minst eit par større entreprenørfirma gjorde dette mogleg. Då båten kom over Fyresvatnet frå vestsida var det eit stolt syn, – båten flaut som ei svane vart det sagt.  
I lengda vart dette for krevjande for enkeltpersonar, og båten vart difor i 1990 vederlagsfritt overtatt av ''[[Fyresdal Bygdemuseum]]'' og landsett ved Prestevja ved [[Moland kyrkje (Fyresdal)|Moland Kyrkje]] der den framleis står i 2011. Ein imponerande innsats av ei lang rekke personar og ikkje minst eit par større entreprenørfirma gjorde dette mogleg. Då båten kom over Fyresvatnet frå vestsida var det eit stolt syn, – båten flaut som ei svane vart det sagt.  


Båten  vart sandblåst og mønja i [[1991]]. Skroget er ''vurdera av Veritas'' og båten ''erklæra verneverdig av [[Riksantikvaren]] 11/9-91.'' Fyresdal Bygdemuseum har arbeidsteikninga frå 1874 frå Akers mek. verksted og ei medfylgjande grundig utgreiing for bygging av skrog, overbygg og innreiing. Museet har og ein god del utstyr frå båten og rikeleg med dokumentasjon.
Omsider blei Teisner dregen opp på land omkring [[1990]]. [[Jon Veum]] var ein av dei som var med å få båten på land, og kunne fortele at han, [[Cato Haugen]] og  [[Hans Kiland]] drog med traktorar, medan [[Bondal]] kopla hjullastaren til i baugen. Båten  vart sandblåst og mønja i [[1991]]. Skroget er ''vurdera av Veritas'' og båten ''erklæra verneverdig av [[Riksantikvaren]] 11/9-91.'' Fyresdal Bygdemuseum har arbeidsteikninga frå 1874 frå Akers mek. verksted og ei medfylgjande grundig utgreiing for bygging av skrog, overbygg og innreiing. Museet har og ein god del utstyr frå båten og rikeleg med dokumentasjon.


Båten vart ''registrera i Nedenes Skipsregister 17.10 .1991'' og fekk sitt ''nasjonalitetsbevis''. Det vart søkt om medlemskap i [[Norsk forening for fartøyvern]] og Teisner vart oppteken som fullverdig medlem. Den vart og uforpliktande vurdera av Hansen & Arntzen Co som kom med eit utkast til restaurering.
Båten vart ''registrera i Nedenes Skipsregister 17.10 .1991'' og fekk sitt ''nasjonalitetsbevis''. Det vart søkt om medlemskap i [[Norsk forening for fartøyvern]] og Teisner vart oppteken som fullverdig medlem. Den vart og uforpliktande vurdera av Hansen & Arntzen Co som kom med eit utkast til restaurering.
Linje 22: Linje 22:


<gallery>
<gallery>
Image:Fyrisdal.jpg|D/S «Fyresdal» vart ombygd fleire gonger slik det visast nedanfor. Biletet må vere tatt ca. 1910, i alle høve før 1914, og båten ligg ved brygga ved kyrkja.
Fil:DS Fyrisdal på slipp .jpg|Her ser vi båten på slipp, den same som vart nytta  til Fyresdølen, for utviding av overbygget framover. Tidspunktet må vere omkring 1910. Fotograf: Olav S. Nylid
Image:Teisner og Fyresdølen.jpg|Det kom i 1913 ein ny båt på Fyresvatn som fekk namnet D/S «FYRESDØLEN». Det er den som er til venstre på biletet .
Fil:Fyrisdal.jpg|D/S «Fyresdal» vart ombygd fleire gonger slik det visast nedanfor. Biletet må vere tatt ca. 1910, i alle høve før 1914, og båten ligg ved brygga ved kyrkja.
Image:Mb_Teisner.jpg|«Teisner» som tømmerfløytingsbåt. (Foto: Tore Fossum)
Fil:DS Fyrisdal ved prestebrygga .jpg|D/S Fyrisdal ved brygga ved Moland kyrkje. Det er særs langgrunt her, og før det vart bygd ei brygge med stein var det ei lang og låg brygge av tre så langt ut at båtane kunne legge til. Årstal ukjent. Foto: Olav S. Nylid
Image:Teisner 1976.jpg|Reiarlaget «Teisners vener» i arbeid.
Fil:Teisner og Fyresdølen.jpg|Det kom i 1913 ein ny båt på Fyresvatn som fekk namnet D/S «FYRESDØLEN». Det er den som er til venstre på biletet .
Image:Ilandsetjing av Teisner.jpg|Ilandsetjing av båten «Teisner» ved Prestevja ved Moland Kyrkje.
Fil:Mb Teisner.jpg|«Teisner» som tømmerfløytingsbåt. (Foto: Tore Fossum)
Image:Teisner 1.jpg|Båten «Teisner» på plassen ved Prestevja i Fyresdal. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)
Fil:Teisner 1976.jpg|Reiarlaget «Teisners vener» i arbeid.
Image:Nasjonalitets bevis Teisner.jpg|Båten vart registrera i Nedenes Skipsregister 17.10.1991 og fekk sitt nasjonalitetsbevis.
Fil:Teisner-fyresdal-small.jpg|Teisner før den blei satt ved Prestevja.
Image:DS Fyresdal Teikning 1.jpg|Originalteikninga til D/S «Fyresdal».  (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)
Fil:Ilandsetjing av Teisner.jpg|Ilandsetjing av båten «Teisner» ved Prestevja ved Moland Kyrkje.
Fil:Teisner 1.jpg|Båten «Teisner» på plassen ved Prestevja i Fyresdal. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)
Fil:Nasjonalitets bevis Teisner.jpg|Båten vart registrera i Nedenes Skipsregister 17.10.1991 og fekk sitt nasjonalitetsbevis.
Fil:DS Fyresdal Teikning 1.jpg|Originalteikninga til D/S «Fyresdal».  (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)
</gallery>
</gallery>


Linje 40: Linje 43:
*«Den fyrste dampbåten på Fyresvatn» i ''[[Sjå deg attyvi]]'' Årsskrift 1990 for [[Fyresdal Sogelag]]. (Teksten på biletet er feil!)
*«Den fyrste dampbåten på Fyresvatn» i ''[[Sjå deg attyvi]]'' Årsskrift 1990 for [[Fyresdal Sogelag]]. (Teksten på biletet er feil!)


{{DEFAULTSORT:Teisner}}
[[Kategori:Fartøy]]
[[Kategori:Fartøy]]
[[Kategori:Kilegrend]]
[[Kategori:Kilegrend]]
[[Kategori:Fyresdal kommune]]
[[Kategori:Fyresdal kommune]]
{{nn}}
{{nn}}
[[Kategori:Fartøy fra 1800-tallet]]

Nåværende revisjon fra 2. sep. 2022 kl. 08:30

D/S «Fyresdal» på kyrkjeferd.
Foto: Olav S. Nylid før 1910

Dampbåten som i 1913 blei omdøypt til M/S «Teisner» gjekk i 1876 av stabelen ved Fyresvatn og vert då døypt D/S «Fyresdal». Dampbåten var 63,7 fot lang, 12,8 fot brei og 3,4 fot djuptgåande. Båten vart bygd ved Akers mek. Verksted i 1874 som byggjenummer 78 («Dampbaad No 78»), kom i delar til Fyresdal og vart satt saman ved Fyresvatn. D/S «Fyresdal» var passasjer- og slepebåt fra 1876 til 1912. Den hadde eit mannskap på 4 og hadde plass til 100 passasjerar. Ein kunne få kjøpt kaffi, brød og smør om bord.

Båten gjekk ikkje i regelmessig rutefart og det var vanskeleg å vite rutetidene. Den skulle og slepe tømmer. Om søndagane var det vanleg med kyrkjeturar til Moland kyrkje slik det visast på eit bilete som må vere frå før 1910, båten er på veg inn til brygga ved kyrkja..

Namnet på båten ser ein av namneplata på skroget har og vore skrive Fyrisdal. D/S «Fyresdal» vart ombygd fleire gonger slik eit foto viser oss. Biletet må vere tatt ca. 1910, i alle høve før 1914, og båten ligg ved brygga ved kyrkja.

D/S «Fyresdal» som slepebåten M/S «Teisner» 1912–1971

I 1912 vart båten seld til Arendalsvassdragets Fellesfløtning for bruk som slepebåt. Det kom så i 1913 ein ny båt på Fyresvatn som fekk namnet D/S «FYRESDØLEN». Som slepebåt fekk båten eit større styrhus og overbygningen vart endra. Dampmaskinen vart erstatta med ein dieselmotor av typen «Bolinder» på 45 HK. På grunn av namnet på den nye båten vart namnet på den gamle endra i 1914 frå «Fyrisdal» til «Teisner» etter presten Iver Andreas Teisner som var ein foregangsmann i kommunen på mange område.

M/S «Teisner» i privat eige 1971–1990

I 1971 var det slutt på fløytinga og «Teisner» vart arbeidslaus. Det var tale om å senke båten, men lokale entusiastar på vestkanten av Fyresvatn tok opp ansvaret slik at ein periode hadde Reiarlaget Teisners vener båten og tok godt vare på han. Dei hadde vitjing av Sjøfartsmuseet og Veteranskibs-klubben og det vart då sagt at etter D/S «Skibladner» kunne «Teisner» vere den eldste båten som flaut.

M/S «Teisner» som veteranskip 1990 – Eigar Fyresdal Bygdemuseum.

I lengda vart dette for krevjande for enkeltpersonar, og båten vart difor i 1990 vederlagsfritt overtatt av Fyresdal Bygdemuseum og landsett ved Prestevja ved Moland Kyrkje der den framleis står i 2011. Ein imponerande innsats av ei lang rekke personar og ikkje minst eit par større entreprenørfirma gjorde dette mogleg. Då båten kom over Fyresvatnet frå vestsida var det eit stolt syn, – båten flaut som ei svane vart det sagt.

Omsider blei Teisner dregen opp på land omkring 1990. Jon Veum var ein av dei som var med å få båten på land, og kunne fortele at han, Cato Haugen og Hans Kiland drog med traktorar, medan Bondal kopla hjullastaren til i baugen. Båten vart sandblåst og mønja i 1991. Skroget er vurdera av Veritas og båten erklæra verneverdig av Riksantikvaren 11/9-91. Fyresdal Bygdemuseum har arbeidsteikninga frå 1874 frå Akers mek. verksted og ei medfylgjande grundig utgreiing for bygging av skrog, overbygg og innreiing. Museet har og ein god del utstyr frå båten og rikeleg med dokumentasjon.

Båten vart registrera i Nedenes Skipsregister 17.10 .1991 og fekk sitt nasjonalitetsbevis. Det vart søkt om medlemskap i Norsk forening for fartøyvern og Teisner vart oppteken som fullverdig medlem. Den vart og uforpliktande vurdera av Hansen & Arntzen Co som kom med eit utkast til restaurering.

Det krev sers mykje å få restaurera ein slik båt og tilgangen på ressursar er varierande. Men etter konsolidering av musea ser det ikkje ut til at Vest-Telemark Museum er noko engasjera i båten. Den er ikkje lenger medlem i Fartøyvernforeninga trass i at denne synest dette er trist. Men ein ny søknad om medlemskap vil gå greitt seier dei då all dokumentasjon er på plass. I mellomtida er båten relativt godt sikra i «møllpose» som foreininga uttrykte det.

Kjelder og litteratur

  • Lorentzen, Hansen og Bratsberg. Innlandsbåtene på 10 Telemarksvann. Genius Forlag, Skien 1987.
  • Momrak-Haugan, Ragnvald: Rutebåtane på Fyresvatn. Særoppgåve 1990/91.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Med bilæte. Kristiania 1910. s. 11
  • Qvisling, J. L.: Fyresdals historie. 1912. Ny utgåve 2001. s. 245.
  • Veum, Lars: Fyresdal Bygdemuseum gjennom 100 år. Fyresdal Bygdemuseum 2009.
  • «Den fyrste dampbåten på Fyresvatn» i Sjå deg attyvi Årsskrift 1990 for Fyresdal Sogelag. (Teksten på biletet er feil!)