MB «Trygve» M 18 VA (1909)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. mar. 2010 kl. 22:14 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Ny side: «Trygve» M 18 VA eller «Gamlesvarten»: Klinkerbygd kutter i tre. Bygd i 1909 med desse måla: 32,1 / 11,3 / 5,1 fot. Motor: Kampen 10 -12 HK, 4-takt, semidiesel (glødehaud- eller oppfy…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

«Trygve» M 18 VA eller «Gamlesvarten»: Klinkerbygd kutter i tre. Bygd i 1909 med desse måla: 32,1 / 11,3 / 5,1 fot. Motor: Kampen 10 -12 HK, 4-takt, semidiesel (glødehaud- eller oppfyringsmotor) frå 1920. Eigd av Ola J. Årsetøy m / fl. Var brukt i Årset notlag til snurpenota i 1951 og utover i 1952 til «Joffre» var klar til bruk. Her brukte ein nota framom rorhuset. Ein hadde ein styretrull på styrbord rorhushjørne for å halde nota klar av rorhuset ved setjing.
Ein gong ved setjing stod der uheldigvis ein fjølamole i framkant av rorhuset, denne datt og kilte seg inn mellom rorhuset og rullen på rorhushjørnet med fylgje at midnota huka på fjøla med det resultat at nota vart kløyvd / sundriven på langs om lag 50 famner før nokon såg kva som hende. Dette vart eit svert omfattande arbeid for mannskapet med stort tap av fangsttid. (Av skade blir ein vis, men ikkje rik).

Kjelder og informantar