MB «Trygve» M 18 VA (1909)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Trygve
Øyahamna med tre fiskebåtar AMUn-001.1695.jpg
Trygve, Sleipner og Måken} i Øyahamna.
Registeringsnummer M 18 VA
Egennavn: Trygve
Båttype Kutter
Lengde 35,8 fot
Største bredde 350 fot
Byggeår 1909
Båtbygger: Eigarane i fellesskap ved Ola J. Årsetøy. Ola var yngst og lærte av faren Jakop Årsetøy
Framdriftsmidler: Seil, Motor
Motortype Kampen 10-12 HK, 2-takt, semidiesel (glødehaud- eller oppfyringsmotor) frå 1908
Kommune Volda kommune
Lagstilhørighet: Bjørkedal kystlag
Lagstilhørighet andre: Austefjord Museumslag
Nåværende eier: Lars Årsetøy

MB «Trygve» M 18 VA eller «Gamlesvarten» er ein kutter bygd i lokal fure (anten frå Årsetmarka eller Bjørkedalen, truleg litt av kvart) på Folkestad i 1909. Den var brukt til skreifiske og drivgarnfiske i fylgje registreringa i det nye fiskeriregisteret der båten er innført lokalt i Volda 28/8-1920. Båten var fiskeriregistrert til ca. 1970 (er ikkje med i registeret 1971).

Eigarane var Ole J. Aarsætøy (seinare ein av konstruktørane av Volda-motoren, laga på Volda Mekaniske Verkstad ),Jakob O. Aarsætøy (1859 - 1943), Rasmus O. Folkestad og Knut E. Løndal. Ola J. Årsetøy (Ole J. Aarsætøy, (1892 - 1955) vanleg kalla Øya-Ola, han var smed, så ettersom det var støy rundt han i smia vart han på Volda Mek. kalla Bolder-Ola) vart opp gjenom tida eineeigar av MB «Trygve». Då Ola døde i 1955 var det broren Lars Årsetøy (1894 - 1964) eigar til sin død. I 2013 er der Lars Årsetøy f. 1965 som er eigar.

I vinterfiskja var «Trygve» ein av Austefjordbåtane som hadde fast base på Synesvågen på Vigra frå den var ny og mange år framover.

Frå tekst etter Ola J. Årsetøy f. 1892: " I 1907 fekk eg for fyrste gong vere med han far i vinterfiskje. Dei hadde Synesvågen på Vigra som basis (og for å halde meg til det eg veit visst so vert det der eg tek seinare samanlikningar). Det var den vinteren 3 motorbåtar og 30 siglarar og tilhøva var truleg dei same andre stadar også. Det var få motorbåtar sjå på havet mot alle siglarane.

Hausten 1907 tok det til å hende ymse her i Volda og, og særleg i Austefjorden.

Vinteren 1908 var her såleis 5 motorbåtar frå Volda med i vinterfisket. Båten til Knut A. Høydal, «Kampen», som han vart kalla, var brukt til frakt og skyss.

Vinteren 1910 var her, så vidt eg veit, ikkje seglarar med i fiskja frå Volda og Dalsfjorden."

«Trygve» er dermed nybygd midt i teknologihevinga motoren førte inn fiskeflåten.

Heime vart «Trygve» i tillegg til fjordfiske og fraktefart leigd inn i Årset notlag . I rekneskapen til Årset notlag syner utgifter til drivstoff og andre utbetalingar til bruk av motorbåt både til «Trygve» og eit par andre båtar som tidvis vart leigde. Fyrste tida var det sleping av notbruket, dette utvida området dei kunne drive i. Frå 1937 då notlaget kjøpte «Litleveiren» vart desse to båtane brukte i lag når dei sette landnota langt frå land og slepa til lands med ein motorbåt for kvar si notgeil (dobbelt dragetau i notende). Var brukt i Årset notlag til snurpenota i 1951 og utover i 1952 til «Joffre» var klar til bruk. Her brukte ein nota framom rorhuset. Ein hadde ein styretrull på styrbord rorhushjørne for å halde nota klar av rorhuset ved setjing, denne rullen var flytta over på «Joffre».

Ein gong ved setjing stod der uheldigvis ein laus fjølamole (trestykke) i framkant av rorhuset, denne datt og kilte seg inn mellom rorhuset og rullen på rorhushjørnet med fylgje at midnota huka på fjøla og nota vart kløyvd / sundriven på langs om lag 50 famner før nokon såg kva som hende. Dette vart eit omfattande arbeid for mannskapet med stort tap av fangsttid. (Av skade blir ein vis, men ikkje rik).

Siste åra båten var i bruk låg den i utfar ved Aurstad-landet då bror til Ola, Lars Årsetøy, gift på Aurstad var brukar. «Trygve» var då rigga med størjekanon. Dei skaut både nise og laks men størja kom seg alltid unna og dei undrast på om det var lyden av motoren i denne båten størja reagerte på.

Båt og motor eksisterar framleis (2013). Motoren er ein «Kampen» 10-12 HK, 2-takt, semidiesel (glødehaud- eller oppfyringsmotor) frå 1908 (seinare ombygd til delvis Volda-motor av Ola, i flg . Ola sine notat). Sommaren 2012 vart naustet restaurert i ein dugnad administrert og gjenomføt av Austefjord Museumslag. Skaden som måtte reparerast stod orkanen "Dagmar" for. Er ein heldig kan naust og båt bergast for ettertida.

Kjelder

Informantar