Mathias H. Østrem

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. apr. 2016 kl. 23:43 av Svein Ove (samtale | bidrag) (Ny side: '''Matias Østrem''' frå Emblemsbygda kan med fordel kallast ei "personifisering av hamskifteprosessane" på bygdene kring slutten av 1800-talet. Få i Borgund kommune var vel like fram...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Matias Østrem frå Emblemsbygda kan med fordel kallast ei "personifisering av hamskifteprosessane" på bygdene kring slutten av 1800-talet. Få i Borgund kommune var vel like framsynt som han i samtida. Matias, eller Mattis på folkemunne, vart døypt (NIels) Matias Ole Andreas Halvorsen Østrem(1). Han vart fødd på tampen av året den 29. desember i 1852.

Matias kunne fortsett i foreldra sine fotspor og drive garden på tradisjonelt vis, men det gjorde han ikkje. Det kan verke som om han hadde ei særeigen interesse for den nye tid som skulle kome og han hadde også økonomiske ressursar til å prøve ut dei nye idéane han fekk høyre om. Det vert fortalt at hen var den første i bygda som dyrka opp markane på garden slik at ein kunne nytte hestedriven reiskap, som slåmaskin, møkrakjerre, høyvendar og kunstgjødselspreiar. Kan kunne for så vidt ha stoppa der, for nydyrkninga må ha vore eit enormt prosjekt i seg sjølv. Det var ikkje så reint lite stein som måtte flyttast med handemakt og markar som skule drenerast og planerast, men resultatet vart ei meir effektiv driftsform og dermed også tid til overs til andre prosjekt. Med den nye kunstgjødselspreiaren vart han også ein tidleg kunde for Norsk Hydro [[1]]

Han gifte seg 17. juni i 1883 med Pernille Pedersdotter Viddal(6) (1861-1947). Saman fekk dei borna Hans Laurits (1885-1885), Mathias Laurits (1887-1887), Inga Olivia Mathæa (f.1889), Fredrik Hilmar Peder (1891-1962) og Ingeborg Hanna Sofie (1896-1981).

I Matias si tid var det vanleg å tørke fisken på berga nede ved sjøen for sal. Dette var måten ein kunne få tak på kontantar. Tørka fisk kunne også fraktast dit dei beste prisane var å finne. Han kunne nok ha stogga med det og truleg seld tørrfisken med brukbar forteneste, men det gjorde han ikkje. Matias kjøpte seg derimot ei lita trekanttomt oppå eit svaberg nede ved Østremsjøen. Her mura han opp ein mur mot sjøen for å planere på toppen og sette opp eiga sjøbu. På mange måtar så likna det på eit forvakse naust med hesteveg og dører innlasting av varer på baksida og doble dører i framkant for opplasting av sluppgaleasen som han vart medeigar i. Båten vart nytta både som bankskøyte for å få meir fangst og som transport av tørrfisken til Spania. Så attåt gardsdrifta og nyryddinga vart han reiar og fiskeeksportør også. Men det enda ikkje der.

I 1886 hadde søstera til Matias, Olivie Marie Johanne Halvorsdotter Østrem(1) (1869-1918) gifta seg på Blindheim med Lars Petter Rasmussen Blindheim(2). Dottera deira, Ingeborg gifta seg so med elektroingeniøren Arne Barmann (1872-1947) frå Haram. Med han fekk Matias førstehandkunnskap om utnytting av vasskrafta, noko som var høgaste mote kring den 1. verdskrigen. På den tida reiste folk land og strand rundt i Norge for å kjøpe opp fallrettar frå bøndene. Her var ikkje Emblemsbygda noko unntak, men Arne kunne fortelle om dei nyaste dynamoane dom etter kvart også skulle settast inn på Pilkevig Snøre og not fabrikk. Ein trong ikkje å ha fossefall for å elektrifisere. Dette visste ein frå tidligare drift av truskeverk med bndrift og småelvar i bygda som drivkaft. Problemet var berre at det var eit stykke mellom elva og gardshusa i Mattisgarden. Matias lot seg likevel overtale til å ta fatt på eit risikabelt prosjekt der ein grov kanal og fekk bygd eit langt trerør for vatnet på bødkervis. Turbin og anna vart kjøpt frå England og prosjektert av Barmann.

Resultatet vart det første gardselektrisitetsverket i Borgund.