Matias Orheim: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
m (Robot: Erstatter kategorien Eid med Eid (Nordfjord)) |
||
Linje 18: | Linje 18: | ||
{{DEFAULTSORT:Orheim, Matias}} | {{DEFAULTSORT:Orheim, Matias}} | ||
{{nn}} | |||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] | ||
[[Kategori:Stad kommune]] | [[Kategori:Stad kommune]] | ||
[[Kategori:Eid]] | [[Kategori:Eid (Nordfjord)]] | ||
[[Kategori:Diktere]] | [[Kategori:Diktere]] | ||
[[Kategori:Kongens fortjenstmedalje]] | [[Kategori:Kongens fortjenstmedalje]] | ||
Linje 26: | Linje 27: | ||
[[Kategori:Fødsler i 1884]] | [[Kategori:Fødsler i 1884]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1958]] | [[Kategori:Dødsfall i 1958]] | ||
Nåværende revisjon fra 10. apr. 2024 kl. 10:33
Matias Sivert Orheim (fødd 26. juli 1884, død 20. april 1958) var salmediktar frå Stårheim i Eid i Nordfjord. Han skreiv om lag 1000 songar, komponerte 178 melodiar, og ga ut 13 diktsamlingar. Seks av salmene hans står i Nynorsk salmebok. Orheim var også predikant, bonde, romanforfattar og historikar.
Matias Orheim var son av bonde og smed Kristian Orheim (1861–1939) og Karen Øygarden (1861–1940), og vart gift i 1905 med Marie Dumbestein (1881–1958).
Matias Orheim vart kristen under eit pinsestevne i Stårheim i 1900. Berre tre år etter kom den første diktsamlinga hans, Heimlokk.
Orheim fekk ein augesjukdom i ung alder og mista etter kvart synet, men levde likevel eit aktivt arbeidsliv. Han var forkynnar i Nordfjord og Sunnfjord 1903–1905, så i Kristiania Indremisjon 1905–1907, deretter i Det Vestlandske Indremisjonsforbund 1907-1921. 1921–1944 reiste han som talar for Norges Kristelige Ungdomsforbund.
Han fekk Kongens fortenstmedalje i gull i 1953, og på grava til Matias Orheim og kona Maria ved Stårheim kyrkje står det ei minnestøtte laga av Anne Grimdalen. Han og kona døydde med berre nokre timars mellomrom.
I 2010 satte Sogn og Fjordane teater opp teaterstykket Matias Orheim med skodespelaren Frode Rasmussen i hovudrollen, med manus av Mette Brantzeg og Norvald Tveit. Stykket fortel historia om Orheim og kona.
Kjelde
- Kjebekk, Erik: Matias Orheim i Norsk biografisk leksikon på snl.no. Hentet 29. januar 2023 fra http://nbl.snl.no/Matias_Orheim
- Sogn og Fjordane fylkesleksikon
- Sogn og Fjordane teater presenterer: Matias Orheim. Utg. Sogn og Fjordane teater. 2010. Digital versjon på Nettbiblioteket.