Moland kyrkje (Fyresdal): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Retter lenke.)
Linje 39: Linje 39:
I kyrkja er det oljemålarstykke av dei 11 fyrste Oldenburgerkongane, dei hang i koret i den gamle kyrkja så tidleg som i 1785.
I kyrkja er det oljemålarstykke av dei 11 fyrste Oldenburgerkongane, dei hang i koret i den gamle kyrkja så tidleg som i 1785.


Kyrkjeromet vart igjen restaurera i 1962. Det fekk då ein varm rosa farge. Altertavla vart skifta ut. Den noverande stod i gamle [[Heggland valfartkyrkje (Fyresdal)|Heggland kyrkje]] og er frå 1738. Det vart då og montera ny lysarmatur. Til då hadde det vore lysekroner og lampettar skore ut av Bendik Veum. Nytt orgel kom på plass i 1979. Bygd av Olaf Hammarberg, orgelbyggar frå Gøteborg. Det har 14 stemmer. Det gamle, som var gjeve til Moland kyrkje i 1908, vart flytt til Veum kyrkje.
Kyrkjeromet vart igjen restaurera i 1962. Det fekk då ein varm rosa farge. Altertavla vart skifta ut. Den noverande stod i gamle [[Heggland valfartkyrkje|Heggland kyrkje]] og er frå 1738. Det vart då og montera ny lysarmatur. Til då hadde det vore lysekroner og lampettar skore ut av Bendik Veum. Nytt orgel kom på plass i 1979. Bygd av Olaf Hammarberg, orgelbyggar frå Gøteborg. Det har 14 stemmer. Det gamle, som var gjeve til Moland kyrkje i 1908, vart flytt til Veum kyrkje.


Kyrkjeromet gjev eit opent og romsamt inntrykk og har sers god akustikk.
Kyrkjeromet gjev eit opent og romsamt inntrykk og har sers god akustikk.

Sideversjonen fra 26. apr. 2011 kl. 09:38

Den noverande kyrkja på Moland (Olav Momrak-Haugan)

Moland kyrkje ligg i Fyresdal kommune i Telemark.

Moland gamle kyrkjer

Den fyrste kyrkja i soknet skal etter tradisjonen ha vore på vestsida av Fyresvatn der det no heiter Røykjenes, staden er markera med ein «bautastein». "Røykjenessteinen."

Noverande kyrkjestad var truleg i bruk i 1342 då Torgaut er nemnd som prest. Tida før dette veit me ikkje noko om, det er og sers lite vi veit om kyrkje(ne) i tida 1342 – 1665. I 1386 var det bispevisitas ved biskopen i Oslo. Kyrkjene var vigde til St. Laurentius, i bygda vår kalla «Lavrans». Moland er namnet på prestegarden og det vart og namnet til kyrkja og soknet.

Dette er ei tusjteikning av S. O. Wolff i 1829, etter ein original av Linaae.

Vi kjenner til to kyrkjer her før den noverande vart bygd i 1843. Den fyrste kyrkja vart bygd ein gong i mellomalderen og rive i 1665. Det var ei stavkyrkje.I 1595 var biskop Jens Nilssøn på visitas i Fyresdal. Han skreiv ”---Molands kirke, en trækirke, ligger ret hos prestegaarden.” Han formana kyrkjelyden å forbetre og halde ved like kyrkje og prestegard, mogleg var dei då ikkje så godt tatt vare på. Meir seier han ikkje om kyrkja.

Teikninga vi ser ovanfor er av den kyrkja som vart bygd i 1665 og rive i 1841. Tusjteikninga er frå 1829 og var i privat eige i 1929 då Norsk Folkemuseum fotografera den som ledd i eit registreringsarbeid. Når originalbiletet til Linaae (Linaas?) er frå veit vi ikkje. Sjå vidare under prestegarden.

Qvisling skriv at medan Heggland kyrkje truleg vart kondemnera ved ”den alminnelige kirkebesiktigelse” i 1668, var Moland kyrkje alt rive og bygd opp att som ny fleire år i førevegen. Truleg har den då vore ubrukeleg slik at hr. Jakob (Jacob Hansen Morland var prest 1665-1672) har fått til bygging av ny kyrkje.

Moland nye hovudkyrkje var ei korskyrkje og bygd av tømmer. Prokurator Lund seier om denne: ”Et lidet Stykke fra Præsteboeligen sees Hoved-Kirken, som er en av Træe opført Kors Bygning, maled uden og inden, ret smukt”. Og Wille skriv: ”Molands Hovedkirke er en af Træ i Aaret 1665 opført Korsbygning, den smukkeste i Øvre Thelemarken, da den er lys, net malet og udsiret med alle Kongerne af den oldenborgske Stamme lige indtil Frederik V.”

Fil:Kongebilde.jpg
Christian VI (Olav Momrak-Haugan)

I eit glasmåleri i eit blyvindauge frå denne kyrkja, som seinare vart oppbevara på ein gard i nærleiken, står det innrissa: ”H. Christen Hansen Morland. Anno1669” Han var prest i Tønsberg og var bror til Jacob Hansen Morland som var prest 1665 -1672. Det var fleire vindaugo med innrissa 1669 og namn.

I noverande Moland kyrkje er det ein bjelke frå denne kyrkja der det står:

DENNE KIRCKE BLEF BYCKET ANNO CHRISTI 1665. J. H. S.

Johannes Halsteins søn var etter det som står i kallsboka ein trønder. Med denne kyrkja som modell bygde han i 1670 kyrkja i Arendal. Han skulle etter andre opplysningar vere frå Skjold i Ryfylke, ein ”nordmann” altså. Men som Qvisling skriv, kan og J. H. S. stå for Jesus Hominus Salvator, d. e. Jesus menneskenes frelser.

I Moland kyrkje heng no eit oljemaleri av Jesus på korset med presten Blochs portrett, dette var i den nedrivne kyrkja plassera over alteret som altertavle. – Der var og ”oljemalte portrætter av de elleve første oldenburgiske konger fra Kristian den 1ste til og med Kristian den 6te.” Dette seier Qvisling.

Presten Bloch. Tidlegare altetavle (Olav Momrak-Haugan)

Lund seier: ”I Choret sees alle Kongerne af den Oldenborgiske Stamme indtil Friderich den Vte salig og høilovlig Ihukommelse deres Portraiter.” (Den same serie bilete heng framleis i koret i gamle Kviteseid kyrkje.)

Sumaren 1835 vart kyrkja mykje skada av storm frå nordvest,lokalt kalla «Jordalsvinden». Etter dette rekna ein at det var farleg å bruke henne. Det var serleg tårnet som var øydelagd og måtte rivast. ”Ved kongelig resolution av 15de mars 1836 blev det bestemt, at ny kirke skulde opføres, og at den skulde bygges oppe på den såkaldte ”Landsaker”, hvorved den vilde faa en meget vakker beliggenhet.” Flytting av kyrkjestaden vart det etter alt å døme ikkje noko av. ”Landsaker” er det jordet som ligg vest for bankbygningen. Det er ikkje noko som tyder på at noverande kyrkje ikkje står på same plass som dei tidlegare kyrkjene.

Qvisling skriv: ”Den 1ste juni 1841 tok man endelig til at nedrive den nu 176 aar gamle, skrøbelige hovedkirke, der som før omtalt, var bygget i 1665.” På grunn av stor fattigdom i soknet vart det ikkje bygd ny kyrkje før i 1843. Om denne skriv han: ”---desværre utstyret man den ikke med noget taarn av den ganske unødig frygt for de sterke stormer, idet man lod seg skræmme av forholdene med den gamle kirke, hvis taarn, der stod midt paa kirken, dog hadde holdt sig godt, indtil sammenføiningerne paa grunn av manglende tilsyn var raatnet.”

Noverande kyrkje

Mal:Thumb høyre Den nye kyrkja vart innvigd 2. juli 1843 av bisp von der Lippe. Den er oppførd av Gunnar Tarjeisøn Klauvreid under tilsyn av byggmeister Anders Syrtveit frå Evje. Ei av slottsarkitekt H.D.F.Linstows enkle typeteikningar vart nytta. Benkane vart restaurera i 1906 og kyrkja vart måla innvendig og pryda i 1908. Romet var kvitt med benkar i grønt og gull. Grøn girlander oppe under taket.

I kyrkja er det oljemålarstykke av dei 11 fyrste Oldenburgerkongane, dei hang i koret i den gamle kyrkja så tidleg som i 1785.

Kyrkjeromet vart igjen restaurera i 1962. Det fekk då ein varm rosa farge. Altertavla vart skifta ut. Den noverande stod i gamle Heggland kyrkje og er frå 1738. Det vart då og montera ny lysarmatur. Til då hadde det vore lysekroner og lampettar skore ut av Bendik Veum. Nytt orgel kom på plass i 1979. Bygd av Olaf Hammarberg, orgelbyggar frå Gøteborg. Det har 14 stemmer. Det gamle, som var gjeve til Moland kyrkje i 1908, vart flytt til Veum kyrkje.

Kyrkjeromet gjev eit opent og romsamt inntrykk og har sers god akustikk.

Prestegarden Gnr.36/1 Moland

Moland gamle kyrkje og prestegard, tusjtegning etter Linaae av S.O.Wolff, 20. aug. 1829 (Norsk Folkemuseum)

Moland er namnet på prestegarden. Av og til skrive i fleirtal som ”Molandene”. Særleg på 1700 talet er og forma ”Morland” nytta. Mor tyder sand- eller grusslette. Kyrkja, soknet og ein periode også heradet har fått namnet til garden, noko som ikkje er uvanleg. Parallell til mellom anna Kviteseid gard, tidlegare prestegard.

Lund skriv: ”Moelands Præstegaard: Samme har en yndig Beliggenhed paa en jevn Plan ved Moelands Vandet, og har paa en halv norsk Fierdings Distanse ingen Fielde ved sig.”

Om husa på garden vart det mange gonger på 1700 talet sagt at dei var så dårlege på grunn av manglande vedlikehald at det ikkje var von for dei. Men så vart dei stella litt på og så gjekk det ei stund til. Om hovudbygningen vart det sagt: ”Setehuset hadde ei stor stoge, 3 kammer, kjøkken med spiskammer og ei ljorestove på enden. Over dette var det ein stor sal og 5 andre kammer. Der var og drengestove, røykstove og ei rekkje med uthus. Kornstolpebu m. m.

I 1747 var hovudbygningen forfallen medan det i 1749 hadde kome nye tak og murar. Ei vurdering i 1770 konkludera med at våningshuset ikkje var til å redde og at det skulle byggjast ny bygning etter mønster av Kviteseid prestegard, 4 rom nede og 4 rom oppe. (Prestegarden i Kviteseid brann i 1764 og det vart bygd opp att ny.)

Lund skriv i 1785: ”Præstens Huse ere nye og temmelig bekvemme.

Qvisling skriv: ”Husene på prestegaarden var temmelig forfaldne, da Sang (1818-1826)kom til kaldet i 1819; men han fikk dem efterhaand i ret god stand. Hovedbygningen, som var blitt opført i Bugges tid, (Henning Junghaus Bugge 1783-1790), henstod endnu uklædt. Sang fik den klædet og dessuten dagligstuen panelt, idet han med rette herom bemerker i kallsboken, at ”paa dette avsidesliggende sted er en hyggelig prestebolig et sandt gode.”

Noverande stabbur har vore kornmagasin for heradet. Det er det som er nemnd som kornstolpebod, i tillegg var der mjølbur og kjøtbur. Ser vi på teikninga frå før 1829, som er på grunnlag av eit tidlegare bilete, står dette bygget lengst ut til høgre, i god avstand frå tunet. Der er ei slags bru opp i andre høgda. I det området er det eit jordstykke, ei ”rein”, som heilt opp til vår tid er kalla ”Maksiniusreina” etter som eg har fått opplyst. Dette er eigentleg ”Magasinhusreina” etter kornmagasinet der bakgrunnen for namnet er gløymt. Ein eller annan gong, mogleg då Teisner bygde nye uthus i dette området, vart så dette bygget flytta og satt opp i austre del av tunet, nær hovudbygningen, som eit stabbur. Der står det på biletet frå 1890. Då det så vart bygd ny driftsbygning i 1917 på denne sida av tunet vart stabburet igjen flytta til området der den gamle driftsbygningen var, på vestre sida av tunet, der det no står.

Hovudbygningen på teikninga frå 1829 verkar stor og gjev inntrykk av å vere bygd opp frå grunnen av. Originalbiletet må difor vere frå tida etter at det vart bygd ny, ein gong mellom 1770 og 1785. Kvifor var det då nødvendig med ny bygning att etter snaue 100 år? Det var stadig i alle år fram og attende om dårleg vedlikehald, ålmugen skulle halde hovudbygningen og presten stort sett uthusbygningane. Dette vart det ofte vanskar av.

Prestegarden 1890 (Bendik Taraldlien)

Iver Andreas Teisner var prest 1848-1870 og fekk uthusa rivne og nye bygd opp att. Det er den husrekkja vi ser til høgre på biletet. Drengestova ser vi står framleis, til høgre for hovudbygningen. Teisner fekk og ålmugen til å byggje ny bygning, men denne rokk han ikkje å sjå heilt ferdig. Det er bygningen vi ser her. Det er kornstolpebua, kornmagasinet, noverande stabbur vi ser til venstre i tunet. Drengestova brann i 1920. Stabbur og uthus bytte plass i tunet då det vart bygd ny driftsbygning i 1917.

Kjelder og litteratur

  • J. L. Qvisling: ”Fyresdals historie” Skien 1912
  • Steinar Marvik: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal 1992
  • Prokurator Johan Michael Lund: ”Forsøg til Beskrivelse over Øvre Tellemarken” Kjøb.1785
  • Utrykte optegnelser om Thelemarken af H. J. Wille. Udgivne i Uddrag af DR. LUDVIG DAAE. Kristiania 1881. (Reisa byrja 1786.)
  • Kirker i Telemark. Henriksveen og Tveråen. Flora forlag. Stathelle 1986
  • Biskop Jens Nilssøns Visitasbøger og reiseopptegnelser 1574 - 1597. Ei utskrift datera Kristiania 1885.
  • "Sjå deg attyvi" Fyresdal sogelag 1997 s. 66 Akulyptuskransen oppunder taket i Moland kyrkje.
  • "Sjå deg attyvi" Fyresdal sogelag 2006 s. 87. Orgla i Moland og Veum kyrkjer.
  • Bendik Taraldlien. "Fyresdal" 1910 s. 49 (Diverse om Moland kyrkje.)
  • Bendik Taraldlien. "Fyresdal", andre utgåva 1949. s. 44 med diverse bilete og s. 33 om altartavla frå Heggland kyrkje.