Motorslåmaskina

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. mai 2011 kl. 08:58 av Kallrustad (samtale | bidrag) (fjerner dobbeltkategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Motorslåmaskin Rapid Rex
Foto: Oddvar Høydalsvik

Motorslåmaskina sitt inntog i vestlandsk jordbruk må ha ein god del av æra for at kulturlandskapet på våre kantar er halde i hevd etter at ljåen og hesteslåmaskina gjekk ut av bruk midt på 1950-talet.

Ein god representant for denne teknologien er Rapid Rex, produsert 1953 – 1981. Standardutstyret var slåtteapparat (fingerbjelke) og av motorslåmaskinene som er seld mange av på Vestlandet var nok denne mest effektive. Tileggsutstyr: Tvillinghjul, skubberive og tilhengar.

Forhandlar er Kullberg & Co, seinare Arstad og Konglevoll og AK-maskiner, lokalt med velkjend seljar og kulturperson på Folkestad, Alf Kvamme med salsdistrikt Møre og Romsdal og Nordfjord. Alf har truleg norgesrekord i selde motorslåmaskiner på ein seljar før fôrhaustaren tok over tyngda av grashaustinga.

Argaste konkurrentane til Rapid Rex var Aebi AM 10 frå Skurtveit / lokal forhandlar Finn Ose og Agria 1300 / 2300 frå Felleskjøpet. Mykje sveitte har runne på slåtteteigane etter desse maskinene. Mange av desse maskinene er framleis i bruk 50 år gamle og ein prøvar å samle informasjon på sida om Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk.

På ein landbruksdag for slått på brattlendte bruk på Finnes i Hjørundfjorden midt på 1980-talet heldt ein professor frå landbrukshøgskulen eit foredrag der han blant anna sa: «Den største oppfinninga for brattlendte bruk etter motorslåmaskina med tvillinghjul er det å bruke fotballsko med piggar slik at ein kunne fylgje maskina på dei verste plassane».

Eg skulle ynskje at nokon tok på seg oppgåva å skrive historia om traktor- og maskinseljarane i Møre og Romsdal og Nordfjord frå 1945 til ca. 1975 då dette meir vart ein vanleg kontorjobb. Desse folka var med å endre noregshistoria og er eit kulturminne i seg sjølv.