Motorslåmaskina

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. mar. 2012 kl. 23:49 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Bilete og litt til)
Hopp til navigering Hopp til søk
Motorslåmaskin Rapid Rex
Foto: Oddvar Høydalsvik
AEBI AM 10 m MAG-motor 5 HK 2T a
AEBI AM 15 m MAG 1026 SRL X 55 6 HK 4T
AEBI AM 8 m MAG 1026 SRL X 148 7 HK 4T
AEBI AM 1 m MAG 1023 SRL X 169

Motorslåmaskina sitt inntog i vestlandsk jordbruk må ha ein god del av æra for at kulturlandskapet på våre kantar er halde i hevd etter at ljåen og hesteslåmaskina gjekk ut av bruk midt på 1950-talet.

Ein god representant for denne teknologien er Rapid Rex, produsert 1953 – 1981. Standardutstyret var slåtteapparat (fingerbjelke) og av motorslåmaskinene som er seld mange av på Vestlandet var nok denne mest effektive. Tileggsutstyr: Tvillinghjul, skubberive og tilhengar.

Forhandlar er Kullberg & Co, seinare Arstad og Konglevoll og AK-maskiner, lokalt med velkjend seljar og kulturperson på Folkestad, Alf Kvamme med salsdistrikt frå Stavanger til Trønelagsgrensa i starten, seinare Møre og Romsdal og Nordfjord. Alf har truleg norgesrekord i selde motorslåmaskiner på ein seljar før fôrhaustaren tok over tyngda av grashaustinga.

Argaste konkurrentane til Rapid Rex var Aebi AM 10 frå Skurtveit / lokal forhandlar Finn Ose og Agria 1300 / 2300 frå Felleskjøpet. Mykje sveitte har runne på slåtteteigane etter desse maskinene.

Dei tidlege maskinene med totaktsmotor utan turtalsregulator kunne vere ein prøvelse for pilotane når det var tynt med gras og motoren gjekk "magert" (for lite bensin i høve til luftmengde). Turtalet på motoren går opp, kniven i slåtteapparatet går raskt fram-og-tilbake og styrehandtaka ristar. Fingrane og skuldrane visnar bort og når dette skjedde måtte slåttekarane matast ved bordet, dei fekk ikkje opp hendene og fingrane ville ikkje virke lenger etter ein lang dag på slåttetegen.

Mange av desse maskinene er framleis i bruk 50 år gamle og ein prøvar å samle informasjon på sida om Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk.

På ein landbruksdag for slått på brattlendte bruk på Finnes i Hjørundfjorden midt på 1980-talet heldt ein professor frå landbrukshøgskulen eit foredrag der han blant anna sa: «Den største oppfinninga for brattlendte bruk etter motorslåmaskina med tvillinghjul er det å bruke fotballsko med piggar slik at ein kunne fylgje maskina på dei verste plassane».

Eg skulle ynskje at nokon tok på seg oppgåva å skrive historia om traktor- og maskinseljarane i Noreg frå 1945 til ca. 1975 då dette meir vart ein vanleg kontorjobb. Ikkje alle av desse hadde den store kunnskapen om teknikk så det vil vere ei kraftig overdriving å påstå at alt som vart sagt var heilt sant. Kundane var på si side vande med dei tidlegare hestehandlarane som heller ikkje var kjende for å vere "skorne for tungebandet" som det heitte. Ei god historie som fekk kundane i "stemning til å handle" var ofte viktigare enn kva for maskin av desse vanlegaste, samanlignbare som kom til gards.

Desse selgjarane var med å endre noregshistoria og er eit kulturminne i seg sjølv på same måten som motorslåmaskina.