Myklemyr (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Myklemyr (Luster, gnr. 186) er ein matrikkelgard og ei grend i Jostedalen, Luster kommune. Myklemyr er den sørlegaste garden i Jostedal sokn og grensar mot Alsmo i Gaupne sokn. I nord grensar Myklemyr mot Fossen. Jostedøla dannar grensa mot bruket Ormbergstølen under matrikkelgarden Ormberg som ligg på austsida av elva.

Myklemyr var òg namnet på ein skulekrins i Jostedalen fram til 1962. Det gamle skulehuset ligg på Knippa i den nordaustre enden av bygda, og rett framafor ligg ungdomshuset Bergheim.

Myklemyr tyder 'den store myra' og ligg på ei av dei største elvesletta i Jostedalen. Flaumane har jamleg gått ut over mykje av flata, og den eldste busetnaden ligg i nordenden litt opp frå sletta. Bruket Øvre Myklemyr er ein høgdegard og ligg kring 100 meter høgare enn dei andre bruka. Den nyare busetnaden har breidd seg utover elvesletta, og det er bygt flaumvern mot elva frå sist på 1800-talet med store utvidingar i 1980-åra bygt flaumvern mot elva.

Bruk

I det fyrste dokumentet frå Jostedalen etter øydetida, presteskattelista frå 1596, er det nemnt to gardbrukarar på Myklemyr: Anders Mycklemyre og Olluff Neder Mycklemyr. Det var to bruk på Myklemyr fram til ’Myklemyr øydegard’ (Øyen) dukkar opp i skattelistene frå 1670-åra.

I periodar har to av desse bruka vore drivne saman i varierande samansetjingar, og grensene mellom dei har vorte endra (sjå under kvart bruk). Likevel kan ein rekne desse tre ’stambruka’ som utgangspunkt for bruksdelingane sidan 1831:

Bruk som stammar frå bnr. 4 Øvre Myklemyr:

  • Bnr. 5, Teigen – fråskild 1831
  • Bnr. 2, Løkken (Lykkja) – fråskild 22.5.1888
  • Bnr. 13, Tunvoll – fråskild bnr. 5 den 5.6.1931

Bruk som stammar frå bnr. 7 Nedre Myklemyr:

  • Bnr. 8, Skjeret – fråskild 11.10.1879
  • Bnr. 10, Runningen (Knippa) – fråskild 10.6.1907
  • Bnr. 12, Runningen – fråskild bnr. 10 den 30.7.1929
  • Bnr. 25, Mo – fråskild bnr. 8 den 2.12.1947

Bruk som stammar frå bnr. 1 Myklemyr (Øyen):

  • Bnr. 9, Øyen – fråskild den 11.5.1891
  • Bnr. 11, Bruhaug – fråskild den 26.9.1919
  • Bnr. 14, Nyset – fråskild bnr. 9 den 27.10.1932
  • Bnr. 18, Jørgenøy – fråskild bnr. 1 den 21.7.1943
  • Bnr. 19, Nygard – fråskild bnr. 1 den 21.7.1943

Myklemyr var den garden i Jostedalen med flest husmannsplassar. Lars Øyane har registrert heile 17 husmannsplassar og heimar under Myklemyrs-bruka.

Kjelder og litteratur

  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 1-81. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Myklemyr», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mal:Infoboks gardsbruk