Myrhyrna

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. okt. 2010 kl. 12:47 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Myrhyrna''' (òg kalla ''Myrhorn'') er eit karakteristisk fjell i Jostedalen i Luster kommune. Myrhyrna ligg opp for stølen Myri vest for Krekagrendi, og det trigon…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Myrhyrna (òg kalla Myrhorn) er eit karakteristisk fjell i Jostedalen i Luster kommune. Myrhyrna ligg opp for stølen Myri vest for Krekagrendi, og det trigonometriske punktet litt nedanfor toppen er 1448 m.o.h.

Myrhyrna er særleg kjent som motiv for Johannes Flintoe, som var i Jostedalen i august 1822. Dette resulterte i fyrste omgang i gouachen Myrhorn i Jostedalen (1834). Då Flintoe i 1841 deokrerte veggane i Fugleværelset på Slottet i Oslo, valde han Myrhyrna som eitt av motiva. Kunstverket er såleis ofte å sjå i bakgrunnen på offisielle fotografi frå statsbesøk. Fjellet har òg vore motiv for ei rekkje andre kunstnarar, til dømes Joachim Frich.

Etter at det kom ein anleggsveg opp i Vanndalen på sørsida av Myrhyrna i 1980-åra, har det vorte ein lett og overkomeleg tur å kome seg til den framifrå utsiktstoppen.

Litteratur

  • Messel, Nils (red.). (2008). Oppdagelsen av fjellet. Oslo: Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.