Namnegard: Forskjell mellom sideversjoner
({{nn}}) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 7: | Linje 7: | ||
*Holmsen, Andreas 1979: ''Gård, skatt og matrikkel''. Universitetsforlaget. | *Holmsen, Andreas 1979: ''Gård, skatt og matrikkel''. Universitetsforlaget. | ||
*Sandnes, Jørn og Helge Salvesen 1978: ''Ødegårdstid i Norge. Det nordiske ødegårdsprosjekts norske undersøkelser''. Universitetsforlaget. | *Sandnes, Jørn og Helge Salvesen 1978: ''Ødegårdstid i Norge. Det nordiske ødegårdsprosjekts norske undersøkelser''. Universitetsforlaget. | ||
{{nn}} | {{nn}} | ||
[[Kategori:Gardstyper]] |
Nåværende revisjon fra 7. nov. 2023 kl. 12:45
Namnegard er nemninga busetnads- og agrarhistorikarar nyttar på ei primær busetnadseining nemnt med eitt og same namn, t.d. Berg, Kolstad, Hoset, Pålsrud o.l. Viss garden Bø var delt i Nørstebø og Sønstebø før Svartedauden, reknar ein med to høgmellomalderske namnegardar. Mange namnegardar er gjennom tida oppdelt i to eller fleire gardsbruk, som er vanleg nemning på ei driftseining som ein familie har budd på og drive, evt. ved hjelp av tenestfolk i periodar (Sandnes / Salvesen 1978: 30).
Først på 1700-talet fekk dei driftseiningane (bruka) som da var etablerte kvart sitt nummer i matrikkelen på ein nokså tilfeldig måte (Holmsen 1979: 182ff). Dermed kunne ein namnegard som tidlegare var oppdelt i fleire bruk bli til fleire matrikkelgardar.
Litteratur
- Holmsen, Andreas 1979: Gård, skatt og matrikkel. Universitetsforlaget.
- Sandnes, Jørn og Helge Salvesen 1978: Ødegårdstid i Norge. Det nordiske ødegårdsprosjekts norske undersøkelser. Universitetsforlaget.