Nedre Fåberg (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. apr. 2011 kl. 09:13 av Oddloho (samtale | bidrag) (→‎Personar frå Nedre Fåberg: Lagt til L.R: Faaberg)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Nedre Fåberg (Luster, gnr. 204) er ein matrikkelgard i grenda Fåberg i Jostedalen, Luster kommune.

Garden vart truleg rydda på 1500-talet i samband med koloniseringa av Jostedalen etter øydetida (sjå namnegarden Fåberg). Garden var i periodar på 16- og 1700-talet delt i to bruk og vart siste gongen samla til eitt bruk att i 1755. Det har ikkje vore mogleg å identifisere kvar den andre brukarfamilien heldt til, så dei har kanskje delt på husa.

Steinstova

Det eldste stovehuset på Nedre Fåberg i dag er steinstova, som skal ha vorte oppsett mellom 1803 og 1809. Etter ein lokal tradisjon vedda brukaren Rasmus Larsson Fåberg (1777-1825) med bror sin Tøger Larsson KrunaKruna om kven som kunne byggja tyngste huset. Rasmus vann klart med steinstova.[1]

Personar frå Nedre Fåberg

Bruk

Nedre Fåberg har følgjande bruk:

  • Bnr. 1, Berget (rydda som husmannsplass tidleg i 1790-åra, utskilt som eige bruk i 1829)
  • Bnr. 2, Fåberg nedre
  • Bnr. 3, Horpen (rydda som husmannsplass kring 1795, utskilt i 1901)
  • Bnr. 4, Torstad (utskilt som eige bruk i 1929)
  • Bnr. 5, Åreteigen (utskilt som eige bruk i 1929)
  • Bnr. 7, Brun
  • Bnr. 25, Vidsyn

Notar

  1. Øyane 1994, s. 690

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)

Eksterne ressursar

Mal:Infoboks gardsbruk