Nicolai Tidemand: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Utbygging, mellomlagring...)
(Utbygging, mellomlagring...)
Linje 16: Linje 16:
Da Nicolai var sju år gammal, døydde båe foreldra med nokre månaders mellomrom. I to-tre år budde han hjå ein eldre slektning, jomfru Wiel, og fekk elementær skulegang på Strømsøe. I 1776 kom han og broren Iver i pensjon hjå kapellan i Asker, [[Abraham Møller]]. Meininga var at dei skulle få vidare undervisning der, men Møller svara ikkje til sitt ry som pedagog, skriv Tidemand sjølv. «Vor Bespisning var slet og vor Undervisning ingen.»
Da Nicolai var sju år gammal, døydde båe foreldra med nokre månaders mellomrom. I to-tre år budde han hjå ein eldre slektning, jomfru Wiel, og fekk elementær skulegang på Strømsøe. I 1776 kom han og broren Iver i pensjon hjå kapellan i Asker, [[Abraham Møller]]. Meininga var at dei skulle få vidare undervisning der, men Møller svara ikkje til sitt ry som pedagog, skriv Tidemand sjølv. «Vor Bespisning var slet og vor Undervisning ingen.»


Tidemand gifta seg i Århus 10. desember 1800 med Christiane Charlotte Dorothea Jensen (fødd i Rendsborg 22. juli 1777, død i Fredriksvern 10. mai 1861). Ho var dotter til oberst Ferdinand August Jensen og Margaretha Eleonora Sophie Buchwald. Nikolai og Christiane Tidemand hadde fleire born.
== Ekteskap og born ==
Tidemand gifta seg i Århus 10. desember 1800 med Christiane Charlotte Dorothea Jensen (fødd i Rendsborg 22. juli 1777, død i Fredriksvern 10. mai 1861). Ho var dotter til oberst Ferdinand August Jensen og Margaretha Eleonora Sophie Buchwald. Nikolai og Christiane Tidemand hadde desse borna:
*Ferdinandine Tidemand (1801-1826)
*Hans H. Tidemand (1803-1823), overstyrmann.
*Einar Tidemand (1811-?) kaptein i marinen, gift med 1) Charlotte E. Steenfeldt (1811-1842) og 2) Karen C. Grip (1818-?)
*Iver Tidemand (1805-1817)
*Emilie Samsine Tidemand (1808-1830), gift med prest Chr. Wulff i Bjelland (1803-1847)


== Militær karriere ==
== Militær karriere ==
Linje 54: Linje 60:


== Militærfagleg forfattarskap ==
== Militærfagleg forfattarskap ==
Tidemand gav opp å få noko høveleg embete, konsentrerte Tidemand seg om sitt faglege og politiske forfattarskap.
Tidemand gav opp å få noko høveleg embete, og konsentrerte seg da om sitt faglege og politiske forfattarskap.


== Politiske synsmåtar ==
== Politiske synsmåtar ==

Sideversjonen fra 6. feb. 2014 kl. 07:45

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Nicolai Tidemand. Ukjent kunstnar

Nicolai Tidemand (fødd i Drammen 1. mai 1766, død same stad 12. april 1828) var offiser med oppnådd grad som oberst og adjutant for kronprins Karl Johan. Tidemand har vorte kalla Noregs fyrste militærteoretikar, og skreiv mykje både om fagmilitære og stats- og unionsrettslege emne. Politisk har han vore oppfatta både som «talsmann for svenske interesser» og som nær assosiert med det radikale, unionsskeptiske miljøet i Drammen rundt stortingspolitikarane Peter Flor og Nicolai Schejtli. Tidemand hadde tent 27 år som offiser i Danmark, da han søkte avskil frå den danske hæren i 1815 og slo seg ned att i fødebyen sin i Noreg.

Familie og oppvekst

Foreldra var Christen Iversen Tidemand og hans tredje kone Antoinette Frisenberg. Faren var forvaltar ved Kongsberg Magasiner i Drammen. Det var i følgje sonen eit bra embete, og faren hadde tidlegare også opparbeidd seg ein viss kaptal ved handel og sjøfart. Det gav familien nokså romslege kår. Dei budde i ein bygard på Strømsø, på hjørnet av Forgaden og Brinkegangen, ein bustad som seinare vart overteken av Nicolai Tidemands systerson kjøpmann Michael Malling. Familien hadde også eit landsted, Nordby.

Nicolai Tidemand hadde fire halvsysken frå farens andre ekteskap med Susanne Arbo (død 1757):

  • Elisabeth Maria Tidemand (1751-1820) gift med grosserar Hans Malling (1749-1816) i Drammen .
  • Peter A. Tidemand (1754-1805), tollinspektør i Mandal, gift med Johanne M. Post (1779-1859)
  • Abraham Tidemand (1758-1824) justisråd, kontorsjef i den ostindiske Likvidation. Ugift.
  • Ole Tidemand (nærare opplysningar manglar)

Han hadde to yngre heilbrør:

  • Iver Tidemand (1768-1819), prest i Utterslev på Lolland, gift med Cathrine M. Bay (1772-1861)
  • Christen Tidemand (1771-18?), offiser, fengsla fleire gonger for tenestebrot og forskjellige tilhøve. Gift i 1791 med Frederikke Christiane Schwentzen.

Da Nicolai var sju år gammal, døydde båe foreldra med nokre månaders mellomrom. I to-tre år budde han hjå ein eldre slektning, jomfru Wiel, og fekk elementær skulegang på Strømsøe. I 1776 kom han og broren Iver i pensjon hjå kapellan i Asker, Abraham Møller. Meininga var at dei skulle få vidare undervisning der, men Møller svara ikkje til sitt ry som pedagog, skriv Tidemand sjølv. «Vor Bespisning var slet og vor Undervisning ingen.»

Ekteskap og born

Tidemand gifta seg i Århus 10. desember 1800 med Christiane Charlotte Dorothea Jensen (fødd i Rendsborg 22. juli 1777, død i Fredriksvern 10. mai 1861). Ho var dotter til oberst Ferdinand August Jensen og Margaretha Eleonora Sophie Buchwald. Nikolai og Christiane Tidemand hadde desse borna:

  • Ferdinandine Tidemand (1801-1826)
  • Hans H. Tidemand (1803-1823), overstyrmann.
  • Einar Tidemand (1811-?) kaptein i marinen, gift med 1) Charlotte E. Steenfeldt (1811-1842) og 2) Karen C. Grip (1818-?)
  • Iver Tidemand (1805-1817)
  • Emilie Samsine Tidemand (1808-1830), gift med prest Chr. Wulff i Bjelland (1803-1847)

Militær karriere

I 1782 fekk Tidemand gå i teneste som musketer ved Nordafjelske gevorbne infanteriregiment. Der fatta sjefen, oberst Hesselberg, intersse for den gåverike ungdomen. I løpet av eit år fekk Tidemand grad som korporal, furer og sersjant. I 1784 vart han offiser (sekondløytnant). Den vidare militære karrieren kan oppsummerast slik:

  • 1784: Teneste ved artilleridetasjementet i Kristiania, med sjølvstudium i oppmåling, fortifikasjon, tysk og fransk.


I Noreg 1787-1788

  • 1787: Adjutant ved Nordafjelske infanteriregiment
  • 1788: Deltok i felttoget til Båhuslen (Tyttebærkrigen).


I Danmark 1788-1815

  • 1788: Ved Kronprinsens regiment i København.
  • 1789: Premierløytnant.
  • 1792: Ved 1. Jydske infanteriregiment, der han i tillegg til ordinær teneste føretok mykje oppmålings- landmålingsarbeid i Jylland, særleg i samband med vegutbygging.
  • 1799: Kaptein.
  • 1802: Stabskaptein, innbeordra til Defensionskommisssionen for Samsø forsvar for å leie utbygging av festningsverka på Kyholmen og Samsø.
  • 1805-1806: Med sitt regiment i Holstein.
  • 1806: Majors grad og sjef for regimentets 2. bataljon.
  • 1807: Under trugsmålet frå den britiske flåten leia Tidemand istandsetjinga av forsvarsverk på Fyn og seinare på året utnemnd til kommandant på Samsø.
  • 1810: Ba seg sjølv friteken frå stillinga for å reinvaske seg for skuldingar om dårleg embetsførsel.
  • 1811: Oberstløytnant og bataljonssjef ved 2. Jyske infanteriregiment.
  • 1812: Kommandør for 2. jyske infanteriregiment.
  • 1813: Leia regimentet sitt i det kortvarige felttoget i Slesvig.
  • 1814: Hadde kommandoen over ein brigade i grenseområda i Slesvig.
  • 1815: Avskil etter eige ønske frå den danske hær, med obersts grad.


I Noreg 1815-

Tidemand fekk betydelege problem med å halde fram ein ordinær militær karriere i hærmakta til den nye norske staten. Han følte seg, truleg med god grunn, motarbeidd, etter det han sjølv meinte mellom anna var fordi han til å byrje med vart mistenkt for å vere agent for danskekongen. Men han fekk snart eit godt forhold til Karl Johan, som hjelpte han ein god del i den vanskelege situasjonen.

  • 1815: Etter audiens hjå kronprins Karl Johan vart han 30. november utnemnd til oberst a la suite (i påvente av stilling) i den norske hær, med regimentssjefs gasje, og adjutant hjå kronprinsen med særskilt gasje for dette.
  • 1816: Etter at generalmajor og statsråd Diderich Hegermann trekte seg attende frå offentlege verv, søkte Tidemand å overta etter han som sjjef for Krigsskolen. Han hadde grunn til å tru at han skulle få stillinga, men vart forbigått av ein yngre offiser med lågare rang.
  • 1818: Innstilt av regjeringa til sjef for 1. Akershusiske brigade, men fekk ikkje stillinga da det kom til stykket.

Militærfagleg forfattarskap

Tidemand gav opp å få noko høveleg embete, og konsentrerte seg da om sitt faglege og politiske forfattarskap.

Politiske synsmåtar

Fedrelandskjærleik og lokal heimstadkjensle

Referansar

Kjelder og litteratur