Nicolai Tidemand: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Mellomlagring)
(Mellomlagring)
Linje 1: Linje 1:
{{Under arbeid}}
{{Under arbeid}}
{{thumb|Tidemand, N 1766-1828.jpg|Nicolai Tidemand. Ukjent kunstnar}}'''[[Nicolai Tidemand]]''' (fødd i [[Drammen]] 1. mai 1766, død same stad 12. april 1828) var offiser med oppnådd grad som oberst og adjutant for kronprins Karl Johan. Tidemand har vorte kalla Noregs fyrste militærteoretikar. Han skreiv mykje både om fagmilitære og stats- og unionsrettslege emne, alltid med utprega saksorienterte, analytiske og resonnerande tilnærmingsmåtar. Samstundes var han openbert påverka av den tyske romantikkens oppfatningar kva gjeld nasjon og «nasjonalånd». Politisk har han vore tillagt «constitutionnel liberal Farve», for unionen men mot [[amalgamasjon]] med Sverige, noko som tykkjest vere godt dekkande. Men Tidemand har vore oppfatta både som «talsmann for svenske interesser» og som nær assosiert med det radikale, unionsfiendtlege miljøet i Drammen rundt stortingspolitikarane [[Peter Flor]] og [[Nicolai Schejtli]]. Etter den eigenvalde avskilen frå dansk teneste i 1815, vart han endatil mistenkt for å vere hemmeleg agent for kongen av Danmark. Tidemand hadde da tent 27 år som offiser i Danmark, og slo seg ned att i fødebyen sin i Noreg.  
{{thumb|Tidemand, N 1766-1828.jpg|Nicolai Tidemand. Ukjent kunstnar}}'''[[Nicolai Tidemand]]''' (fødd i [[Drammen]] 1. mai 1766, død same stad 12. april 1828) var offiser og faglitterær forfattar. Han hadde nær 30 års militær tenestetid bak seg i Danmark da han i 1815 vende attende til Noreg og fødebyen med grad som oberst og adjutant for kronprins Karl Johan.  
 
Tidemand har vorte kalla Noregs fyrste militærteoretikar. Han skreiv mykje både om fagmilitære og stats- og unionsrettslege emne. Forfattarskapet ber preg av saksorienterte, analytiske og resonnerande tilnærmingsmåtar. Samstundes var han openbert påverka av den tyske romantikkens oppfatningar kva gjeld nasjon og «nasjonalånd».  
 
Politisk har han vore tillagt ein «constitutionnel liberal Farve», for unionen men mot [[amalgamasjon]] med Sverige, noko som tykkjest vere godt dekkande. Men Tidemand har vore oppfatta ''både'' som «talsmann for svenske interesser» ''og'' som nær assosiert med det radikale, unionskritiske miljøet i Drammen rundt stortingspolitikarane [[Peter Flor]] og [[Nicolai Schejtli]]. Etter den eigenvalde avskilen frå dansk teneste i 1815, vart han endatil mistenkt for å vere hemmeleg agent for kongen av Danmark.


== Slekt og familie ==
== Slekt og familie ==
Linje 26: Linje 30:
Dei fyrste barneåra var sorgfrie, mintest Tidemand. «Jeg nød omhyggelig den Pleie, som min Alder krævede, og den Undervisning, som mine Aar tillod.» Men så døydde båe foreldra med nokre månaders mellomrom da Nicolai var sju-åtte år gammal. Brørne vart sette bort til ein eldre slektning, jomfru Wiel. Ho eigna seg nok ikkje så godt til å oppdra smågutar. «Dessuden var hun af den pietistiske Sekt, der ikke gjør sig megen Umage for det jordiske Fjas», skriv Tidemand. Ho tilhøyrde moglegvis [[Leksikon:Herrnhutere|herrnhutarane]], som gjorde seg betydeleg gjeldande i Drammen. Nicolai og Iver vart sette i «Strømsø saakaldte Storskole». Sjølv om han der lærde «Proportions-Regning», det meste av den latinske grammatik, «Pontoppidans Forklaring og en hel Del gudelige Sange», var Nicolai lite nøgd med undervisninga der.  
Dei fyrste barneåra var sorgfrie, mintest Tidemand. «Jeg nød omhyggelig den Pleie, som min Alder krævede, og den Undervisning, som mine Aar tillod.» Men så døydde båe foreldra med nokre månaders mellomrom da Nicolai var sju-åtte år gammal. Brørne vart sette bort til ein eldre slektning, jomfru Wiel. Ho eigna seg nok ikkje så godt til å oppdra smågutar. «Dessuden var hun af den pietistiske Sekt, der ikke gjør sig megen Umage for det jordiske Fjas», skriv Tidemand. Ho tilhøyrde moglegvis [[Leksikon:Herrnhutere|herrnhutarane]], som gjorde seg betydeleg gjeldande i Drammen. Nicolai og Iver vart sette i «Strømsø saakaldte Storskole». Sjølv om han der lærde «Proportions-Regning», det meste av den latinske grammatik, «Pontoppidans Forklaring og en hel Del gudelige Sange», var Nicolai lite nøgd med undervisninga der.  


I 1776 kom han og broren Iver i pensjon hjå kapellan i [[Asker]], [[Abraham Møller]]. Meininga var at dei skulle få vidare undervisning der, men Møller svara ikkje til sitt ry som pedagog, skriv Tidemand sjølv. «Vor Bespisning var slet og vor Undervisning ingen.» Der vart Nicolai buande i seks år, til han som 16-åring vart konfirmert av pastor [[Vogelius]] i Tanum anneks til Asker.
I 1776 kom han og broren Iver i pensjon hjå kapellan i [[Asker]], [[Abraham Møller]]. Meininga var at dei skulle få vidare undervisning der, men Møller svara ikkje til sitt ry som pedagog, skriv Tidemand sjølv. «Vor Bespisning var slet og vor Undervisning ingen.» Der vart Nicolai buande i seks år, til han som 16-åring vart konfirmert av pastor [[Vogelius]] i [[Tanum]] anneks til Asker.


== Militær karriere ==
== Militær karriere ==
Formyndaren ville at Nicolai skulle bli sjømann, men sjølv insisterte han på å gå den militære veg. Ved å setje seg i samband med ein slektning, oberst [[Hans Jacob H. Hesselberg|Hesselberg]], fekk Nicolai i 1782 trå i teneste som [[Leksikon:musketer|musketer]] ved Hesselbergs regiment i Kristiania, [[Nordafjelske gevorbne infanteriregiment]]. Hesselberg hadde stor tru på den oppvakte ungdomen. Han fekk koma i huset til løytnant [[Nicolai Hersleb Ramm]], som gav guten god både teoretisk og praktisk undervisning. I løpet av eit år fekk Tidemand grad som korporal, furer, sersjant og var også i teneste som kommandersersjant, altså heile rekkja av [[underoffiser|underoffisersgrader]]. I 1784 vart han offiser (sekondløytnant a la suite). Den vidare militære karrieren kan oppsummerast slik:
Formyndaren ville at Nicolai skulle bli sjømann, men sjølv insisterte han på å gå den militære veg. Ved hjelp av ein slektning, oberst [[Hans Jacob H. Hesselberg|Hesselberg]], fekk Nicolai i 1782 trå i teneste som [[Leksikon:musketer|musketer]] ved oberstens regiment i Kristiania, det rennomerte [[Nordafjelske gevorbne infanteriregiment]]. Hesselberg hadde stor tru på den oppvakte ungdomen. Han fekk koma i huset til løytnant [[Nicolai Hersleb Ramm]], som gav guten god både teoretisk og praktisk undervisning. I løpet av eit år fekk Tidemand grad som korporal, furer, sersjant og var også i teneste som kommandersersjant, altså heile rekkja av [[underoffiser|underoffisersgrader]]. I 1784 vart han offiser (sekondløytnant a la suite). Den vidare militære karrieren kan oppsummerast slik:


I Noreg 1787-1788
I Noreg 1787-1788
Linje 56: Linje 60:
I Noreg 1815-
I Noreg 1815-


Tidemand fekk problem med å halde fram ein ordinær karriere i hærmakta til den nye norske staten. Han følte seg, truleg med god grunn, motarbeidd. Etter det han sjølv meinte, var det mellom anna fordi han til å byrje med vart mistenkt for å vere agent for danskekongen. Men han fekk snart eit godt forhold til Karl Johan, som hjelpte han ein god del i den vanskelege situasjonen.
Tidemand fekk problem med å halde fram ein ordinær karriere i hærmakta til den nye norske staten. Han følte seg, truleg med god grunn, motarbeidd og forbigådd. Men han fekk snart eit godt forhold til Karl Johan, som hjelpte han ein god del i den vanskelege situasjonen.


*1815: Etter audiens hjå kronprins Karl Johan vart han 30. november utnemnd til oberst a la suite (i påvente av stilling) i den norske hær, med regimentssjefs gasje, og adjutant hjå kronprinsen med særskilt gasje for dette.
*1815: Etter audiens hjå kronprins Karl Johan vart han 30. november utnemnd til oberst a la suite (i påvente av stilling) i den norske hær, med regimentssjefs gasje, og adjutant hjå kronprinsen med særskilt gasje for dette.
Linje 68: Linje 72:


== Politiske synsmåtar ==
== Politiske synsmåtar ==
Det er også militærstrategiske resonnement som i hovudsak bestemte Tidemands haldning til unionen med Sverige. Han fekk snart eit svært godt forhold til Karl Johan, for kronprinsens/kongens sjarm, men også som ein sjølvsagd ting for den pliktorienterte offiseren Tidemand å tene lojalt det lovleg innsette statsoverhovud og øvste krigsherre. Tidemand vart i 1816 tildelt riddarskapet av den kongelege svenske sverdordenen, og kronprins Karl Johan sytte for at Tidemand fekk behalde gasjen, men gav han ikkje noko embete. Tidemand var langt frå nokon spyttslikkar. Han rekna sjølv med at det var medverkande til at han ikkje fekk nokor fortent militær stilling i Noreg, var at han frimodig hadde sendt sine utgreiingar om unionens vesen og forsvarspolitikk til dels direkte til Karl Johan.  
Det er også militærstrategiske resonnement som mykje godt bestemte Tidemands haldning til unionen med Sverige. Han fekk snart eit svært godt forhold til Karl Johan. Det skuldast noko kronprinsens/kongens sjarm og velvilje. Men elles var det også ein sjølvsagd ting for den pliktorienterte offiseren Tidemand å tene lojalt han som var lovleg innsett statsoverhovud og øvste krigsherre. Tidemand vart i 1816 tildelt riddarskapet av den kongelege svenske sverdordenen, og kronprins Karl Johan sytte for at Tidemand fekk behalde gasjen, men gav han ikkje noko embete.  
 
Tidemand rekna sjølv med at noko av grunnen til at han ikkje fekk nokor fortent militær stilling i Noreg, var at han frimodig hadde sendt sine utgreiingar om unionens vesen og forsvarspolitikk til dels direkte til Karl Johan. Han var ingen smigrar og medllaupar.
 
Tidemand var fyrst og fremst av tryggingspolitiske grunnar tilhengar av ein sterk, men sakleg avgrensa union. Han såg for seg ei føderal regjering, vald etter prosedyrar som høvde med dei to unionspartnarane sine konstusjonelle former. Føderasjonen skulle i hovudsak ta seg av utanriks- og forsvarspolitikken, elles skulle dei to lands styresmakter nyte stor grad av indre sjølvstyre. Han jamfører denne tenkte skandinaviske regjeringa med dei politiske systema i Sambandsstatane (Kongressen) og i Nederland (Generalstendene). Tidemand var uttrykkeleg mot amalgamasjons-politikken som Karl Johan og krinsar i Sverige stod for. Den motstanden mot samansmelting som Tidemand så utvetydig gav uttrykk for, er truleg nok til å forklare hans nære forhold den unionskritiske opposisjonen på dei tidlege stortinga.


Tidemand var fyrst og fremst av tryggingspolitiske grunnar tilhengar av ein sterk, men sakleg avgrensa union. Han såg for seg ei føderal regjering, vald etter prosedyrar som høvde med dei to unionspartnarane sine konstusjonelle former. Føderasjonen skulle i hovudsak ta seg av utanriks- og forsvarspolitikken, elles skulle dei to lands styresmakter nyte stor grad av indre sjølvstyre. Han jamfører denne tenkte skandinaviske regjeringa med dei politiske systema i Sambandsstatane (Kongressen) og i Nederland (Generalstendene). Tidemand var uttrykkeleg mot amalgamasjons-politikken som Karl Johan og krinsar i Sverige stod for. Den motstanden mot samansmelting som Tidemand så utvetydig gav uttrykk for, er truleg nok til å forklare hans nære forhold den unionsskeptiske opposisjonen på dei tidlege stortinga.
Spørsmålet om einevelde eller demokrati tykkjest ikkje stå så sentralt i Tidemands politiske resonnement. Det er nærmast eit spørsmål om å vege føremonar og ulemper ved båe delar mot kvarandre. Han er redd for despotiet og etter alt å dømme lojal overfor norske konstitusjonelle former. Jonas Anton Hjelm, som i si tid hadde stått under Tidemands kommando, oppsummerer Tidemands politiske standpunkt som «Hengivenhed for det arvelige constitutionelle Monarki, og en paa Lighed og Retfærd bygget nordisk Union.»<ref>I føreord til Tidemands verk Om de sammensatte Staters Foreningsmaade, som Hjelm utgav posthumt i 1829, her sitert frå Tidemand/Anker 1881:6.</ref> Tidemand var også inne på tanken at Danmark burde slutte seg til unionen, og han vart i 1860-åra teken til inntekt for dei på den tid sterke skandinavistiske haldningane. I eit foredrag i [[Det scandinaviske Selskab]] i Christiania i 1868, oppsummerte statsråd [[O.A.Bachke]] Tidemands politiske synsmåtar slik:


Spørsmålet om einevelde eller demokrati tykkjest ikkje stå så sentralt i Tidemands politiske resonnement. Det er nærmast eit spørsmål om å vege føremonar og ulemper ved båe delar mot kvarandre. Han er redd for despotiet og etter alt å dømme lojal overfor norske konstitusjonelle former. Jonas Anton Hjelm, som i si tid hadde stått under Tidemands kommando, oppsummerer Tidemands politiske standpunkt som «Hengivenhed for det arvelige constitutionelle Monarki, og en paa Lighed og Retfærd bygget nordisk Union.»<ref>I føreord til Tidemands verk Om de sammensatte Staters Foreningsmaade, som Hjelm utgav posthumt i 1829, her sitert frå Tidemand/Anker 1881:6.</ref>
:«Man maa ikke forledes til at tro, at Tidemand tilhørte nogen revolutionair Skole. Tvertimod var han en Politiker av constitutionnel liberal Farve, der i Mænd som Edmund Burke og Mallet du Pan saa følgeværdige Exempler [...] Tidemand har i Bevidstheden om at have skrevet i brændende Kjærlighed for Fædrelandet og Selvstændigheden, i enthousiastisk Hengivenhed for Constitutionen og med Troskab mod Foreningen og Afsky mod Amalgamationen med Sverige efterladt sine Skrifter som et slags Poltisk Testament, - vel værd enhver tænkende Mands rolige og upartiske Overveielse.»


== Fedrelandskjærleik og lokal heimstadkjensle ==
== Fedrelandskjærleik og lokal heimstadkjensle ==
Hjelm skriv vidare i det siterte føreordet: «Glødende Fædrelandskjærlighed [...] var hans herskende Lidenskab. Den udgjorde et Grundtræk i hans Charakter.»
Hjelm skriv i det tidlegare siterte føreordet: «Glødende Fædrelandskjærlighed [...] var hans herskende Lidenskab. Den udgjorde et Grundtræk i hans Charakter.»
== Bibliografi (utvalde verk)  ==
== Bibliografi (utvalde verk)  ==
== Referansar ==
== Referansar ==

Sideversjonen fra 18. feb. 2014 kl. 13:53

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Nicolai Tidemand. Ukjent kunstnar

Nicolai Tidemand (fødd i Drammen 1. mai 1766, død same stad 12. april 1828) var offiser og faglitterær forfattar. Han hadde nær 30 års militær tenestetid bak seg i Danmark da han i 1815 vende attende til Noreg og fødebyen med grad som oberst og adjutant for kronprins Karl Johan.

Tidemand har vorte kalla Noregs fyrste militærteoretikar. Han skreiv mykje både om fagmilitære og stats- og unionsrettslege emne. Forfattarskapet ber preg av saksorienterte, analytiske og resonnerande tilnærmingsmåtar. Samstundes var han openbert påverka av den tyske romantikkens oppfatningar kva gjeld nasjon og «nasjonalånd».

Politisk har han vore tillagt ein «constitutionnel liberal Farve», for unionen men mot amalgamasjon med Sverige, noko som tykkjest vere godt dekkande. Men Tidemand har vore oppfatta både som «talsmann for svenske interesser» og som nær assosiert med det radikale, unionskritiske miljøet i Drammen rundt stortingspolitikarane Peter Flor og Nicolai Schejtli. Etter den eigenvalde avskilen frå dansk teneste i 1815, vart han endatil mistenkt for å vere hemmeleg agent for kongen av Danmark.

Slekt og familie

Foreldra var Christen Iversen Tidemand (1713-1774), forvaltar ved Kongsberg Magasiner i Drammen, og hans tredje kone Antoinette Frisenberg (1734-1773). Ho var dotter av tollembetsmann i Brevik, Nicolai Frisenberg.

Nicolai Tidemand hadde fire halvsysken frå farens andre ekteskap med Susanne Arbo (død 1757):

  • Elisabeth Maria Tidemand (1751-1820) gift med grosserar Hans Malling (1749-1816) i Drammen .
  • Peter A. Tidemand (1754-1805), tollinspektør i Mandal, gift med Johanne M. Post (1779-1859)
  • Abraham Tidemand (1758-1824) justisråd, kontorsjef i den ostindiske Likvidation. Ugift.
  • Ole Tidemand? (Nærare opplysningar manglar. Ole er nemnd i slektstavla vedhefta Tidemands opptegnelser, men Tidemand nemner sjølv at i dette ekteskapet var det berre ei dotter og to søner.)

Han hadde to yngre heilbrør:

  • Iver Tidemand (1768-1819), prest i Utterslev på Lolland, gift med Cathrine M. Bay (1772-1861).
  • Christen Tidemand (1771-18?), offiser, gift 1791 med Frederikke Christiane Schwentzen. Han var i følgje broren «en uophørlig Kilde til Sorg for hele Familien». Christen vart arrestert for militær ulydnad og forskjellige andre tilhøve. Fyrste gongen sona han på Munkholmen ved Trondheim, andre gongen som «statsfange» på Bornholm (Christiansø festning).

Nicolai Tidemand gifta seg i Århus 10. desember 1800 med Christiane Charlotte Dorothea Jensen (fødd i Rendsborg 22. juli 1777, død i Fredriksvern 10. mai 1861). Ho var dotter til oberst Ferdinand August Jensen og Margaretha Eleonora Sophie Buchwald. Nikolai og Christiane Tidemand hadde desse borna:

  • Ferdinandine Tidemand (1801-1826).
  • Hans H. Tidemand (1803-1823), overstyrmann.
  • Einar Tidemand (1811-?) kaptein i marinen, gift med 1) Charlotte E. Steenfeldt (1811-1842) og 2) Karen C. Grip (1818-?).
  • Iver Tidemand (1805-1817)
  • Emilie Samsine Tidemand (1808-1830), gift med prest Chr. Wulff i Bjelland (1803-1847).

Oppvekst

Farens embete som magasinforvaltar i Drammen var i følgje sonen sonen eit bra embete, og Christen Tidemand hadde tidlegare også opparbeidd seg ein viss kaptal ved handel og sjøfart. Det gav familien nokså romslege kår. Dei budde i ein bygard på Strømsø, på hjørnet av Forgaden og Brinkegangen, ein bustad som seinare vart overteken av Nicolai Tidemands systerson kjøpmann Michael Malling. Familien hadde også eit landsted, Nordby.

Dei fyrste barneåra var sorgfrie, mintest Tidemand. «Jeg nød omhyggelig den Pleie, som min Alder krævede, og den Undervisning, som mine Aar tillod.» Men så døydde båe foreldra med nokre månaders mellomrom da Nicolai var sju-åtte år gammal. Brørne vart sette bort til ein eldre slektning, jomfru Wiel. Ho eigna seg nok ikkje så godt til å oppdra smågutar. «Dessuden var hun af den pietistiske Sekt, der ikke gjør sig megen Umage for det jordiske Fjas», skriv Tidemand. Ho tilhøyrde moglegvis herrnhutarane, som gjorde seg betydeleg gjeldande i Drammen. Nicolai og Iver vart sette i «Strømsø saakaldte Storskole». Sjølv om han der lærde «Proportions-Regning», det meste av den latinske grammatik, «Pontoppidans Forklaring og en hel Del gudelige Sange», var Nicolai lite nøgd med undervisninga der.

I 1776 kom han og broren Iver i pensjon hjå kapellan i Asker, Abraham Møller. Meininga var at dei skulle få vidare undervisning der, men Møller svara ikkje til sitt ry som pedagog, skriv Tidemand sjølv. «Vor Bespisning var slet og vor Undervisning ingen.» Der vart Nicolai buande i seks år, til han som 16-åring vart konfirmert av pastor Vogelius i Tanum anneks til Asker.

Militær karriere

Formyndaren ville at Nicolai skulle bli sjømann, men sjølv insisterte han på å gå den militære veg. Ved hjelp av ein slektning, oberst Hesselberg, fekk Nicolai i 1782 trå i teneste som musketer ved oberstens regiment i Kristiania, det rennomerte Nordafjelske gevorbne infanteriregiment. Hesselberg hadde stor tru på den oppvakte ungdomen. Han fekk koma i huset til løytnant Nicolai Hersleb Ramm, som gav guten god både teoretisk og praktisk undervisning. I løpet av eit år fekk Tidemand grad som korporal, furer, sersjant og var også i teneste som kommandersersjant, altså heile rekkja av underoffisersgrader. I 1784 vart han offiser (sekondløytnant a la suite). Den vidare militære karrieren kan oppsummerast slik:

I Noreg 1787-1788

  • 1784: Teneste ved artilleridetasjementet i Kristiania, med sjølvstudium i oppmåling, fortifikasjon, tysk og fransk.
  • 1787: Adjutant ved Nordafjelske infanteriregiment
  • 1788: Deltok i felttoget til Båhuslen (Tyttebærkrigen).


I Danmark 1788-1815

  • 1788: Ved Kronprinsens regiment i København.
  • 1789: Premierløytnant.
  • 1792: Ved 1. Jydske infanteriregiment, der han i tillegg til ordinær teneste føretok mykje oppmålings- landmålingsarbeid i Jylland, særleg i samband med vegutbygging.
  • 1799: Kaptein.
  • 1802: Stabskaptein, innbeordra til Defensionskommisssionen for Samsø forsvar for å leie utbygging av festningsverka på Kyholmen og Samsø.
  • 1805-1806: Med sitt regiment i Holstein.
  • 1806: Majors grad og sjef for regimentets 2. bataljon.
  • 1807: Under trugsmålet frå den britiske flåten leia Tidemand istandsetjinga av forsvarsverk på Fyn og vart seinare på året utnemnd til kommandant på Samsø.
  • 1810: Ba seg sjølv friteken frå stillinga for å reinvaske seg for skuldingar om dårleg embetsførsel.
  • 1811: Oberstløytnant og bataljonssjef ved 2. Jyske infanteriregiment.
  • 1812: Kommandør for 2. jyske infanteriregiment.
  • 1813: Leia regimentet sitt i det kortvarige felttoget i Slesvig.
  • 1814: Hadde kommandoen over ein brigade i grenseområda i Slesvig.
  • 1815: Avskil etter eige ønske frå den danske hær, med obersts grad.


I Noreg 1815-

Tidemand fekk problem med å halde fram ein ordinær karriere i hærmakta til den nye norske staten. Han følte seg, truleg med god grunn, motarbeidd og forbigådd. Men han fekk snart eit godt forhold til Karl Johan, som hjelpte han ein god del i den vanskelege situasjonen.

  • 1815: Etter audiens hjå kronprins Karl Johan vart han 30. november utnemnd til oberst a la suite (i påvente av stilling) i den norske hær, med regimentssjefs gasje, og adjutant hjå kronprinsen med særskilt gasje for dette.
  • 1816: Etter at generalmajor og statsråd Diderich Hegermann trekte seg attende frå offentlege verv, søkte Tidemand å overta etter han som sjjef for Krigsskolen. Han hadde grunn til å tru at han skulle få stillinga, men vart forbigått av ein yngre offiser med lågare rang.
  • 1818: Innstilt av regjeringa til sjef for 1. Akershusiske brigade, men fekk ikkje stillinga da det kom til stykket.

Den tidemandske trusselanalyse

Tidemand gav opp å få noko høveleg embete, og konsentrerte seg heller om sitt militærfaglege og statsvitskaplege forfattarskap. Dette forfattarskapet fekk stor betydning for norsk forsvarsplanlegging langt framover i tid. Det gjeld fyrst og fremst det som historikaren Roald Berg har gjeve nemninga «den tidemandske trussel- og garantianalyse» som han utarbeidde rundt 1820. Den gjekk ut på at det store trugsmålet mot Noreg (og Skandinavia) kom av Tsar-Russlands ekspansive politikk, som snart kunne ventast å vende seg vestover. Faren for åtak var størst i nordområda, da det ville bli avgjerande for Russland å skaffe seg tilgang til Atlanteren og Nordsjøen den vegen. Den verkelege garantien for norsk tryggingspolitikk i dette perspektivet var at Storbritannia i rein eigeninteresse kunne reknast med å støtte Noreg/Skandinavia mot eit åtak frå Russland. Trusselanalysen var stikk i strid med Sveriges forsvarsdoktrine som dominerte unionkongens strategi, nemleg at russarane ville gå til åtak over Østersjøen, og at dei to unionsrika si felles militærmakt måtte ha ein hovudkonsentrasjon om det sørlege Skandinavia, særleg det sentrale og sørlege Sverige. Roald Berg konkluderer dette slik: «Den tidemandske trusselanalyse med dens vekt på norskekysten, Norge og Russland ble en bestående forutsetning for Forsvarets planarbeid i mer enn 150 år.»[1]

Det er også Berg som kallar Tidemand den fyrste norske militærteoretikar, med særleg tilvising til at Tidemand allereie tidleg i 1790-åra hadde omsett den vidgjetne preussiske hærreformator general Scharnhorsts Taktik for Kavalerie og Infanterie.[2]

Politiske synsmåtar

Det er også militærstrategiske resonnement som mykje godt bestemte Tidemands haldning til unionen med Sverige. Han fekk snart eit svært godt forhold til Karl Johan. Det skuldast noko kronprinsens/kongens sjarm og velvilje. Men elles var det også ein sjølvsagd ting for den pliktorienterte offiseren Tidemand å tene lojalt han som var lovleg innsett statsoverhovud og øvste krigsherre. Tidemand vart i 1816 tildelt riddarskapet av den kongelege svenske sverdordenen, og kronprins Karl Johan sytte for at Tidemand fekk behalde gasjen, men gav han ikkje noko embete.

Tidemand rekna sjølv med at noko av grunnen til at han ikkje fekk nokor fortent militær stilling i Noreg, var at han frimodig hadde sendt sine utgreiingar om unionens vesen og forsvarspolitikk til dels direkte til Karl Johan. Han var ingen smigrar og medllaupar.

Tidemand var fyrst og fremst av tryggingspolitiske grunnar tilhengar av ein sterk, men sakleg avgrensa union. Han såg for seg ei føderal regjering, vald etter prosedyrar som høvde med dei to unionspartnarane sine konstusjonelle former. Føderasjonen skulle i hovudsak ta seg av utanriks- og forsvarspolitikken, elles skulle dei to lands styresmakter nyte stor grad av indre sjølvstyre. Han jamfører denne tenkte skandinaviske regjeringa med dei politiske systema i Sambandsstatane (Kongressen) og i Nederland (Generalstendene). Tidemand var uttrykkeleg mot amalgamasjons-politikken som Karl Johan og krinsar i Sverige stod for. Den motstanden mot samansmelting som Tidemand så utvetydig gav uttrykk for, er truleg nok til å forklare hans nære forhold den unionskritiske opposisjonen på dei tidlege stortinga.

Spørsmålet om einevelde eller demokrati tykkjest ikkje stå så sentralt i Tidemands politiske resonnement. Det er nærmast eit spørsmål om å vege føremonar og ulemper ved båe delar mot kvarandre. Han er redd for despotiet og etter alt å dømme lojal overfor norske konstitusjonelle former. Jonas Anton Hjelm, som i si tid hadde stått under Tidemands kommando, oppsummerer Tidemands politiske standpunkt som «Hengivenhed for det arvelige constitutionelle Monarki, og en paa Lighed og Retfærd bygget nordisk Union.»[3] Tidemand var også inne på tanken at Danmark burde slutte seg til unionen, og han vart i 1860-åra teken til inntekt for dei på den tid sterke skandinavistiske haldningane. I eit foredrag i Det scandinaviske Selskab i Christiania i 1868, oppsummerte statsråd O.A.Bachke Tidemands politiske synsmåtar slik:

«Man maa ikke forledes til at tro, at Tidemand tilhørte nogen revolutionair Skole. Tvertimod var han en Politiker av constitutionnel liberal Farve, der i Mænd som Edmund Burke og Mallet du Pan saa følgeværdige Exempler [...] Tidemand har i Bevidstheden om at have skrevet i brændende Kjærlighed for Fædrelandet og Selvstændigheden, i enthousiastisk Hengivenhed for Constitutionen og med Troskab mod Foreningen og Afsky mod Amalgamationen med Sverige efterladt sine Skrifter som et slags Poltisk Testament, - vel værd enhver tænkende Mands rolige og upartiske Overveielse.»

Fedrelandskjærleik og lokal heimstadkjensle

Hjelm skriv i det tidlegare siterte føreordet: «Glødende Fædrelandskjærlighed [...] var hans herskende Lidenskab. Den udgjorde et Grundtræk i hans Charakter.»

Bibliografi (utvalde verk)

Referansar

  1. Berg, R. 2001:113.
  2. Berg, R. 2001:43.
  3. I føreord til Tidemands verk Om de sammensatte Staters Foreningsmaade, som Hjelm utgav posthumt i 1829, her sitert frå Tidemand/Anker 1881:6.

Kjelder og litteratur