Nicolai Tidemand

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. feb. 2014 kl. 19:22 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Nicolai Tidemand''' (fødd i Drammen 1. mai 1766, død same stad 12. april 1828) var offiser med oppnådd grad som oberst og adjutant for kronprins Karl Johan. Tidemand har vo...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nicolai Tidemand (fødd i Drammen 1. mai 1766, død same stad 12. april 1828) var offiser med oppnådd grad som oberst og adjutant for kronprins Karl Johan. Tidemand har vorte kalla Noregs fyrste militærteoretikar, og skreiv mykje både om fagmilitære og stats- og unionsrettslege emne. Politisk har han vore oppfatta både som «talsmann for svenske interesser» og som nær assosiert med det radikale, unionsskeptiske miljøet i Drammen rundt stortingspolitikarane Peter Flor og Nicolai Schejtli. Tidemand hadde tent 27 år som offiser i Danmark, da han søkte avskil frå den danske hæren i 1815 og slo seg ned att i fødebyen sin i Noreg.