Nicolai Tidemand

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. feb. 2014 kl. 19:43 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nicolai Tidemand (fødd i Drammen 1. mai 1766, død same stad 12. april 1828) var offiser med oppnådd grad som oberst og adjutant for kronprins Karl Johan. Tidemand har vorte kalla Noregs fyrste militærteoretikar, og skreiv mykje både om fagmilitære og stats- og unionsrettslege emne. Politisk har han vore oppfatta både som «talsmann for svenske interesser» og som nær assosiert med det radikale, unionsskeptiske miljøet i Drammen rundt stortingspolitikarane Peter Flor og Nicolai Schejtli. Tidemand hadde tent 27 år som offiser i Danmark, da han søkte avskil frå den danske hæren i 1815 og slo seg ned att i fødebyen sin i Noreg.

Familie og oppvekst

Foreldra var Christen Iversen Tidemand og hans tredje kone Antoinette Frisenberg. Faren var forvaltar ved Kongsberg Magasiner i Drammen. Båe foreldra døydde da Nicolai var sju år gammal. I to-tre år budde han hjå ein eldre slektning, jomfru Wiel, og fekk elementær skulegang på Strømsøe. I 1776 kom han og hans yngre bror Iver i pensjon hjå kapellan i Asker, Abraham Møller. Meininga var at dei skulle få vidare undervisning der, men Møller svara ikkje til sitt ry som pedagog, skriv Tidemand sjølv. «Vor Bespisning var slet og vor Undervisning ingen.»

Militær karriere

I 1782 fekk Tidemand gå i teneste som musketer ved Nordafjelske gevorbne infanteriregiment. Der fatta sjefen, oberst Hesselberg, intersse for den gåverike ungdomen. I løpet av eit år fekk Tidemand grad som korporal, furer og sersjant. I 1784 vart han offiser (sekondløytnant). Den vidare militære karrieren kan oppsummerast slik:

  • 1784: Teneste ved artilleridetasjementet i Kristiania, med sjølvstudium i oppmåling, fortifikasjon, tysk og fransk.
  • 1787: Adjutant ved Nordafjelske infanteriregiment
  • 1788: Deltok i felttoget til Båhuslen (Tyttebærkrigen).
  • 1788: Ved Kronprinsens regiment i København.
  • 1789: Premierløytnant.