Nicolai Tidemand

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. feb. 2014 kl. 20:28 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Nicolai Tidemand (fødd i Drammen 1. mai 1766, død same stad 12. april 1828) var offiser med oppnådd grad som oberst og adjutant for kronprins Karl Johan. Tidemand har vorte kalla Noregs fyrste militærteoretikar, og skreiv mykje både om fagmilitære og stats- og unionsrettslege emne. Politisk har han vore oppfatta både som «talsmann for svenske interesser» og som nær assosiert med det radikale, unionsskeptiske miljøet i Drammen rundt stortingspolitikarane Peter Flor og Nicolai Schejtli. Tidemand hadde tent 27 år som offiser i Danmark, da han søkte avskil frå den danske hæren i 1815 og slo seg ned att i fødebyen sin i Noreg.

Familie og oppvekst

Foreldra var Christen Iversen Tidemand og hans tredje kone Antoinette Frisenberg. Faren var forvaltar ved Kongsberg Magasiner i Drammen. Båe foreldra døydde da Nicolai var sju år gammal. I to-tre år budde han hjå ein eldre slektning, jomfru Wiel, og fekk elementær skulegang på Strømsøe. I 1776 kom han og hans yngre bror Iver i pensjon hjå kapellan i Asker, Abraham Møller. Meininga var at dei skulle få vidare undervisning der, men Møller svara ikkje til sitt ry som pedagog, skriv Tidemand sjølv. «Vor Bespisning var slet og vor Undervisning ingen.»

Tidemand gifta seg i Århus 10. desember 1800 med Christiane Charlotte Dorothea Jensen (fødd i Rendsborg 22. juli 1777, død i Fredriksvern 10. mai 1861). Ho var dotter til oberst Ferdinand August Jensen og Margaretha Eleonora Sophie Buchwald. Nikolai og Christiane Tidemand hadde fleire born.

Militær karriere

I 1782 fekk Tidemand gå i teneste som musketer ved Nordafjelske gevorbne infanteriregiment. Der fatta sjefen, oberst Hesselberg, intersse for den gåverike ungdomen. I løpet av eit år fekk Tidemand grad som korporal, furer og sersjant. I 1784 vart han offiser (sekondløytnant). Den vidare militære karrieren kan oppsummerast slik:

  • 1784: Teneste ved artilleridetasjementet i Kristiania, med sjølvstudium i oppmåling, fortifikasjon, tysk og fransk.


I Noreg 1787-1788

  • 1787: Adjutant ved Nordafjelske infanteriregiment
  • 1788: Deltok i felttoget til Båhuslen (Tyttebærkrigen).


I Danmark 1788-1815

  • 1788: Ved Kronprinsens regiment i København.
  • 1789: Premierløytnant.
  • 1792: Ved 1. Jydske infanteriregiment, der han i tillegg til ordinær teneste føretok mykje oppmålings- landmålingsarbeid i Jylland, særleg i samband med vegutbygging.
  • 1799: Kaptein.
  • 1802: Stabskaptein, innbeordra til Defensionskommisssionen for Samsø forsvar for å leie utbygging av festningsverka på Kyholmen og Samsø.
  • 1805-1806: Med sitt regiment i Holstein.
  • 1806: Majors grad og sjef for regimentets 2. bataljon.
  • 1807: Under trugsmålet frå den britiske flåten leia Tidemand istandsetjinga av forsvarsverk på Fyn og seinare på året utnemnd til kommandant på Samsø.
  • 1810: Ba seg sjølv friteken frå stillinga for å reinvaske seg for skuldingar om dårleg embetsførsel.
  • 1811: Oberstløytnant og bataljonssjef ved 2. Jyske infanteriregiment.
  • 1812: Kommandør for 2. jyske infanteriregiment.
  • 1815: Avskil etter eige ønske frå den danske hær.


I Noreg 1815-

Militærfagleg forfattarskap

Politiske synsmåtar

Fedrelandskjærleik og lokal heimstadkjensle

Referansar

Kjelder og litteratur