Nikolai Ramm Østgaard (1812–1873)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. feb. 2011 kl. 05:01 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Under arbeid. Sikkerhetskopiering)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nikolai Ramm Østgaard (fødd i Trondheim 21. april 1812, død i Elverum 3. januar 1873) var jurist, embetsmann og forfattar. Han var fut i Sør-Østerdal futedømme 1859-1872. Særleg er han kjend som forfattar av folkelivsskildringa En Fjeldbygd, med tema frå Tynset, der han budde frå han var sju til han var tolv år.

Østgaard tilhøyrde i 1840- og 1850-åra eit nasjonalt orientert, språkpolitisk engasjert og folkelivsinteressert litterært miljø i Christiania. Det var sentrert rundt foreininga Tollekniven og Kristiania Norske Theater, og inkluderte elles namn som P. Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe, Aa. O. Vinje og Knud Knudsen.

En Fjeldbygd kom i kjølvatnet av og bidrog sjølv til vidareutvikling av det nasjonale gjennombrotet i litteratur og folkelivsgransking midt på 1800-talet. Boka er ein kombinasjon av dokumentarberetning og underhaldande forteljing. Den har truleg gjeve inspirasjon og lånt motiv til Bjørnstjerne Bjørnsons bondeforteljingar, noko som i samtida iallfall vart sterkt framhalde av Aa.O.Vinje. Verket er ikkje minst interessant ved den nære kjennskapen til og dei haldningane som forfattaren legg for dagen i høve til sitt tema og «granskingsobjekt», bygdefolket på Tynset.

Ved museumssenteret Ramsmoen på Tynset er det reist ein bauta over Østgaard.


Familie

Foreldra til Nikolai Ramm Østgaard var bondesonen, kjøpmannen og skulestyraren Michael Østgaard (1779-1852) og Maren Magdalene fødd Ramm (1787-1874). Nikolai hadde ei syster, Anna Wilhelmine Marie (1814-1905, ugift).

Østgaard gifta seg den 12. august 1851 med Anna Gunhilda (Gunelia) Neergaard (1828-1910). Ho var dotter av urmakar Anders Johnsen Neergaard og Hanna Olava fødd Bjerck i Trondheim. Anna Gunhilda kom som pleiedotter til morbroren prokurator Caspar Wessel Bjerck i Øyer i Gudbrandsdalen.

Nikolai Ramm og Anna Gunhilda Østgaard fekk desse borna:

Det er eit slåande tids- og miljøtypisk trekk at borna fekk utprega norrøne namn. Dei var korkje henta frå Østgaards bondeslekt på farssida eller frå mora sin embetsmannsfamilie, med det unntaket at eldstejenta Valborg fekk tilnamnet Magdalene etter farmora. Namna på borna var heller ikkje frå familien på Anna Gunhilda Neergårds side. Ho hadde ein liknande bakgrunn som ektemannen, ei blanding av bonde-, handverkar- og embetsmannsmiljø.


Oppvekst og utdanning

Dei fyrste barneåra levde Nikolai Ramm Østgaard i Trondheim. I 1819 vart foreldra skilde, og borna følgde med mor si til morfaren skoginspektør Nicolai Hersleb Ramm, som budde på garden Moen (seinare kalla Ramsmoen) på Tynset. Som tolvåring kom Nikolai Ramm Østgaard til sorenskrivar Johan Randulf på garden Kirkenær i Elverum. I dei åra fekk han artiumsførebuande undervisning ved prost P. V. Deinbolls institutt i Løiten, og vart student i 1831. I Løiten hadde Nikolai venteleg tilhald hjå Randulfs syster Johanne, gift med gardbrukar Claus Holst.

Østgaard tok juridisk embetseksamen i 1840.


Tenestemanns- og embetskarriere

Frå 1836 var Østgaard tilsett som kopist i Revisjonsdepartementet, ved sida av studiane. Han vart konstituert fullmektig i det same departementet frå 1841, frå 1845 i fast stilling.

I 1844 kjøpte Østgaard eigedomen RosenlundSagene i daverande Aker herad, der han og familien budde til han vart utnemnd til fut i Sør-Østerdal futedømme i 1859. Da flytta Østgaard og familien til Elverum. Mora og systera hans hadde budd hjå han på Rosenlund frå 1845, og dei flytta med til Elverum.[1] På Elverum budde familien på garden Helset, som vart innkjøpt av staten til embetsgard i 1860.[2]

Østgaard søkte avskil frå embetet på grunn av sjukdom i 1872, og han døydde eit halvt års tid etter at avskilssøknaden var innvilga.


Bilete frå Østerdalen

Østgaards litterære hovudverk, En Fjeldbygd, kom ut i desember 1851, og vart ein stor suksess. Boka har undertittelen Billeder fra Østerdalen, og byggjer på forfattarens sjølvopplevde scener og hendingar og historier han har høyrt fortalt som barn. Boka kom i seks opplag før 1903, vart omsett til svensk og i utdrag også til engelsk. I utgåva frå 1873 var det kome til seks illustrasjonar i tresnitt. Kunstnaren var den unge Gerhard Munthe, som kjende Østgaard-familien personleg frå oppveksten sin på Elverum.

For dagens lesarar er kanskje føreordet til den fyrste utgåva fullt så interessant som sjølve boka. Forfattaren gjev oss fyrst del i sine førehandsrefleksjonar over val av sjanger, komposisjon og språkform. Så vender han seg direkte og fortruleg til sin barndoms sambygdingar:

«Til Slutning maa jeg snakke et lidet Ord særskilt med mine kjære Tønsætinger […]

I synes vel, Godtfolk, at jeg har gjort et faafængt Arbeide ved at skrive sammen en stor Bog bare om Tønsæt, og saa gjøre slig en vidtløftig Beskrivelse over hver en simpel hverdagslig Ting og fortælle saa meget baade Sandt og Usandt! Ja vist, mine Venner, jeg havde kanskee gjort klogere i at lade det være, men seer I vel, Bogen er nu egentlig skreven til Læsning for Byfolk eller Storfolk, som man siger, og de ville nu saa gjerne vide god Besked om Alt hva der hører Bonden til, baade om hans Tale og hans Stell og hans Skikke i Et og Alt, thi vi begynde nu mer og mer at indsee, at vi dog Allesammen ere sprungne af Bonde-Rod. Jo nøiere En da kan fortælle dem Alt, des grummere er det; men saa maa En altid sætte det lidt sammen og pynte lidt paa det, hvis de skulde have Moro af at læse det.»

Forfattaren føler at han så å seie blir stilt til forskingsetisk ansvar overfor det bygdefolket han granskar og skildrar. Han ser på dei i respekt som eit kompetent publikum med sjølvsagd meiningsrett når det gjeld «granskingsresultatet».

Interessa for bondesamfunnet og folkelivet botna i ei i grunn og botn tidstypisk nasjonalromantisk ideologi. Men Østgaard og miljøet han tilhøyrde distanserte seg uttrykkeleg frå det dei meinte var overflatiske, røyndomsfjerne og svermeriske utslag av nasjonalromantikken i samtida. Litteraturhistorikaren Willy Dahl seier om En Fjeldbygd at «her kan man virkelig snakke om realisme i bygde- og folkelivsskildringen».[3]


Øvrig forfattarskap og anna kulturell verksemd

I 1853 skreiv Østgaard eit langt dikt på bygdemål, Østerdølen hemkømmen fraa Amerika, som var tenkt til opplesing frå teaterscenen. Også eit par andre mindre verk for scenen (En Husjomfru 1854 og Et Fiskerhjem 1855) ligg føre frå Østgaards hand.

Dei to skodespela, som ikkje var nokon stor suksess og som vart verande utrykte, vart oppførde på Kristiania Norske Theater. Østgaard blir omtala som medskipar av dette teateret, og han var iallfall styremedlem der 1853-1858 og i representantskapet 1858-1859.

Østgaards engasjement for dette teateret var nasjonalt og språkpolitisk motivert. På same tid som teateret kom i gang (1852) hadde Østgaard ein språkpolitisk polemikk i aviser i Christiania, fyrst og fremst retta mot rektor F.L.Vibe. Vibe hadde vore sterkt kritisk til rektor F.M.Bugges omsetjing av Iliaden, der det var brukt ein god del særnorske ord og vendingar. Østgaard forsvara nettopp dette. Han stod språkpolitisk nær opp til Knud Knudsens fornorskingslinje.

I 1858 hadde Østgaard to månaders permisjon frå departementsarbeidet, som han skulle bruke til eit utanlandsopphald. Dei fyrste tolv dagane av permisjonen brukte han til å besøkje Nord-Gudbrandsdalen, særleg til vandring i Loms-fjella. Deretter drog han til Tysklan. Han vandra i Schwarwald-området, og oppsøkte forfattaren Berthold Auerbach, som var kjend for å ha skrive forteljingar frå bondemiljø (”Schwarzwalder-Dorfgeschichten” - landsbyhistorier frå Schwarzwald) . Etter heimkomsten fekk østgard det same året utgjeve sine reiseskildringar frå Lom og Schwarzwald i boka Fra Skov og Fjeld. Han utgav samstundes Storbonden og hans Sønner, som var ei fri omsetjing av Auerbachs forteljing Der Lehnhold.

Etter at han fekk futeembetet i Sør-Østerdalen og forlet Kristiania, gjorde Østgaard seg lite gjeldande som forfattar og i kulturdebatten.

Kjelder og litteratur

  • Anker, Øyvind: Artikkel om N.R.Østgaard i Norsk biografisk leksikon (1933)
  • Dahl, Willy: Norges litteratur I: Tid og tekst 1814-1884. Oslo 1981.
  • Finne-Grønn, S.H.: Elverum. En bygdebeskrivelse. II Bygdens almindelige historie institutioner og embedsmænd. Kristiania 1921.
  • Norsk Forfatter-Lexicon 1814-1880. Av J.B.Halvorsen, fullført av Halvdan Koht. 6. bind.
  • Oslo byleksikon (oppslag Rosenlund og Østgaards gate)
  • Paasche, Fredrik: Norges litteratur. Fra 1814 til 1850-årene. Ny utg. ved Paulus Svendsen. Oslo 1959.
  • Røst, Olaf: Minder fra Hjembygden. Kristiania 1883.
  • Streitlien, Ivar A.: ”Skoginspektør N. H. Ramm,” i Årbok for Glåmdalen 1974 og 1975.
  • Østgaard, Michael: Et kort Omrids af Michael Østgaards Liv af ham selv. (Skrevet i Juni 1845.) (Her i avskrift ved Erling Ramm Østgaard, Drammen, september 1952.)
  • Østgaard, Nikolai Ramm: En Fjeldbygd, jerde opplag 1873. Fortale til første og andre utgave.
  • Østgaard, Ragnhild: Utrykte slektstavler ca. 1941 .
  • Østigaard, Arne Dag: ”En Fjeldbygd” – eit glømt 150-års minne” i Dag og Tid 7. desember 2002.
  • Østigaard, Arne Dag: Artikkel om N.R.Østgaard i Norsk biografisk leksikon


Referansar

  1. [1865: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=f60427&gardpostnr=342&merk=342#ovre Folketeljinga 1865]
  2. Finne-Grønn, S.H. 1909 side 65.
  3. Dahl, W. 1981, side 166-167