Notlag: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: '''Notlag''' var ei organisasjonsform ein kunne finne i fjord- og kystbygder langt opp mot siste hundreårsskifte. Laga vart organisert for å utnytte fiskeressursane i fjordane på ein…) |
({{nn}}) |
||
(7 mellomliggende versjoner av 5 brukere er ikke vist) | |||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Notlag]]''' var ei organisasjonsform ein kunne finne i fjord- og kystbygder langt opp mot siste hundreårsskifte. Laga vart organisert for å utnytte fiskeressursane i fjordane på ein best muleg måte. | '''[[Notlag]]''' var ei organisasjonsform ein kunne finne i fjord- og kystbygder langt opp mot siste hundreårsskifte. Laga vart organisert for å utnytte fiskeressursane i fjordane på ein best muleg måte. | ||
Heimefiske har til alle tider vore viktig for folket som var busett langs fjordane og kysten i Noreg. Gardane var små og maten frå fjorden var | Heimefiske har til alle tider vore viktig for folket som var busett langs fjordane og kysten i Noreg. Gardane var små, og maten frå fjorden var heilt naudsynt for livberginga. Fisken gav òg inntekter i form av pengar, noko som har vore med på å sikre busetjinga langt opp mot vår tid. | ||
Frå riktig gamal vart det nok fiska med snøre, men etter kvart tok ein òg i bruk garn og not. Nokre fiskeslag, t.d. sild og makrell, kan kome inn i fjordane i store stimar, og da kan fiske med nøter gje store fangstar. Dette førte til at fjordbøndene nokså tidleg organiserte seg i slike notlag, der kanskje eit heilt grendelag gjekk saman. Eigardel i eit notlag var verdifull, det kan ein sjå av tradisjon om at ein son kunne få notalagsparten i bryllaupsgåve frå far sin. | Frå riktig gamal vart det nok fiska med snøre, men etter kvart tok ein òg i bruk garn og not. Nokre fiskeslag, t.d. sild og makrell, kan kome inn i fjordane i store stimar, og da kan fiske med nøter gje store fangstar. Dette førte til at fjordbøndene nokså tidleg organiserte seg i slike notlag, der kanskje eit heilt [[grendelag]] gjekk saman. Eigardel i eit notlag var verdifull, det kan ein sjå av tradisjon om at ein son kunne få notalagsparten i bryllaupsgåve frå far sin. Dette har endra seg, og dei fleste notlag er no nedlagde. | ||
[[Kategori:Notlag og notbruk]] | |||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 2. feb. 2016 kl. 11:02
Notlag var ei organisasjonsform ein kunne finne i fjord- og kystbygder langt opp mot siste hundreårsskifte. Laga vart organisert for å utnytte fiskeressursane i fjordane på ein best muleg måte.
Heimefiske har til alle tider vore viktig for folket som var busett langs fjordane og kysten i Noreg. Gardane var små, og maten frå fjorden var heilt naudsynt for livberginga. Fisken gav òg inntekter i form av pengar, noko som har vore med på å sikre busetjinga langt opp mot vår tid.
Frå riktig gamal vart det nok fiska med snøre, men etter kvart tok ein òg i bruk garn og not. Nokre fiskeslag, t.d. sild og makrell, kan kome inn i fjordane i store stimar, og da kan fiske med nøter gje store fangstar. Dette førte til at fjordbøndene nokså tidleg organiserte seg i slike notlag, der kanskje eit heilt grendelag gjekk saman. Eigardel i eit notlag var verdifull, det kan ein sjå av tradisjon om at ein son kunne få notalagsparten i bryllaupsgåve frå far sin. Dette har endra seg, og dei fleste notlag er no nedlagde.