O. Haddals Møbelfabrikk: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
(lenkjer) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''O. Haddals Møbelfabrikk''' var ein møbelprodusent i Sykkylven. Verksemda vart starta av Osvald Haddal i [[1941]] og den første tida heldt ho til i kjellaren på Vadhuset i Aure sentrum. Med seg på eigarsida hadde Haddal handelsbetjent Einar Moldestad. Verksemda gjekk difor første tida under namnet Moldestad & Haddal. Seinare vart Moldestad løyst ut. | '''[[O. Haddals Møbelfabrikk]]''' var ein møbelprodusent i [[Sykkylven]]. Verksemda vart starta av [[Osvald Haddal]] i [[1941]], og den første tida heldt ho til i kjellaren på Vadhuset i Aure sentrum. Med seg på eigarsida hadde Haddal handelsbetjent Einar Moldestad. Verksemda gjekk difor første tida under namnet Moldestad & Haddal. Seinare vart Moldestad løyst ut. | ||
Osvald Haddal kjøpte tomt på Grebstad i 1949 og bygde stovehus der. Verkstaden fekk då plass i kjellarhøgda i nyehuset. | Osvald Haddal kjøpte tomt på Grebstad i 1949 og bygde stovehus der. Verkstaden fekk då plass i kjellarhøgda i nyehuset. | ||
Linje 9: | Linje 9: | ||
Einar Moldestad dreiv i 1950-åra møbelproduksjon i kjellaren i bustadhuset sitt på Klokkarhaugen. I 1955 hadde han fem tilsette. | Einar Moldestad dreiv i 1950-åra møbelproduksjon i kjellaren i bustadhuset sitt på Klokkarhaugen. I 1955 hadde han fem tilsette. | ||
==Kjelde== | |||
*Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990. | *[[Eldar Høidal|Høidal, Eldar]]: [http://www.nb.no/utlevering/contentview.jsf?urn=URN:NBN:no-nb_digibok_2007081004004 ''Industrisoge for Sykkylven''. Sykkylven 1990.] | ||
{{DEFAULTSORT:Haddal Møbelfabrikk, O.}} | {{DEFAULTSORT:Haddal Møbelfabrikk, O.}} |
Sideversjonen fra 23. sep. 2013 kl. 11:34
O. Haddals Møbelfabrikk var ein møbelprodusent i Sykkylven. Verksemda vart starta av Osvald Haddal i 1941, og den første tida heldt ho til i kjellaren på Vadhuset i Aure sentrum. Med seg på eigarsida hadde Haddal handelsbetjent Einar Moldestad. Verksemda gjekk difor første tida under namnet Moldestad & Haddal. Seinare vart Moldestad løyst ut.
Osvald Haddal kjøpte tomt på Grebstad i 1949 og bygde stovehus der. Verkstaden fekk då plass i kjellarhøgda i nyehuset.
Fabrikken hadde i etterkrigsåra til vanleg fem-seks mann i arbeid. Dei laga lenestolar og salongar. Haddal var ein av dei lokale kjellarprodusentane som heldt det gåande lengst. Det kom mellom anna av at han var heldig å få fram ein lenestolmodell som trefte godt i møbelmarknaden. Den var rasjonelt oppbygd og dei fekk tre stolar ned i ein pakke.
I 1963 såg Haddal ein annonse i Aftenposten der skipsreiar Mosvold etterlyste møbelkunnige folk som kunne lære opp dei tilsette i møbelfabrikken han hadde bygd opp i Etiopia. Osvald Haddal var motivert for eit miljøskifte og søkte på stillinga. Det resulterte i at han reiste til Etiopia med familien i 1963. Då la han ned bedrifta i Sykkylven.
Einar Moldestad dreiv i 1950-åra møbelproduksjon i kjellaren i bustadhuset sitt på Klokkarhaugen. I 1955 hadde han fem tilsette.