Ola F. Gjeilo

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. feb. 2010 kl. 08:23 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ola F. Gjeilo (fødd i Skjåk 29.9.1891, død same stad 31.12.1978) var gardbrukar og lokalpolitikar i Skjåk. Mellom anna var han ordførar for Bondepartiet i Skjåk i to periodar i 1920- og 1930-åra.

Ola var fødd og oppvaksen på garden Søpå Geilo (gnr. 4.1) Foreldra var Frants Olsen Gjeilo (fødd 1861) og Embjørg Amundsdotter Dalen (fødd 1870). Ola var eldst av ni sysken. Han gifta seg i 1912 med Synne Jonsdotter Gjeilo frå Vågåsar i Lom. Dei fekk fem born, fødde i tidsrommet 1913-1923.

Ola og Synne dreiv garden Sygard Geilo (gnr. 5.1), som ho hadde overtek etter fosterforeldra sine i 1911. Ola og Synne overlet garden til sonen Gregor i 1954.

Gjeilo vart fyrste gongen innvald i kommunestyret ved valet i 1919 på lista for Venstre/Radikale folkeparti. Han sat da den eine perioden (1920-1922). Da han kom inn att neste gong, ved valet i 1925, representerte han Bondepartiet, som han alltid sidan gjorde. Han var i kommunestyret samanhengjande 1926-1937, og på nytt 1946-1947. Han var ordførar 1926-1928 og 1932-1934.

I 1966 gav Gjeilo ut eit lite hefte med minne frå si mest aktive politikartid, Glimt fra mellomkrigsåra. Det han legg hovudvekta på, er naturleg nok den vanskelege økonomiske situasjonen for bygdefolket og kommunen, skapt av «pengemangel, gjeldstrykk, renteåk og skattebyrde», som han uttrykkjer det. Av dei store sakene han var involvert, i kan nemnast kraftutbyggingsplanane for Høgfossen, vinterbiltrafikken gjennom Ottadalen, arbeidet for å berge kommuneøkonomien, og ikkje minst vegen gjennom Lundagrenda og fleire setervegsprosjekt som kom i stand mellom anna som eit ledd i sysselsetjingspolitikken.

Gjeilo var også aktiv på fleire samfunnsområde utanom kommunepolitikken. Det galdt særleg slikt som var knytta til landbruket og bondelagsrørsla. Han var med i styret for Lom og Skjåk ysteri i 27 år, ein god del av den tida som formann. I mange år sat han i rådet for Bøndernes Blad. I styret for Skjåk Almenning var han med i tidsrommet 1937-1941.


Kjelder og litteratur

  • Bruheim, Mathias: Skjåk ålmenning 1798-1948. Skjåk Ålmenningsstyre 1969.
  • Gjeilo, Ola F.: Glimt fra mellomkrigsåra. Lillehammer 1966
  • Gudbrandsdølen: 75-årsomtale 29.9.1966, 80-årsomtale 29.9.1971 og 85-årsomtale 29.9.1976
  • Ættebok for Skjåk band I side 142 spalte 2 og band II side 110 spalte 1