Olav P. Eidem Striefabrikk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: Olav P. Eidem tok i 1941 til med veving av fasongstrie i kjellaren i huset sitt på Eidem i Sykkylven. Råvare i strieproduksjonen under krigen var surrogatmaterialet, papirtråd. Tidleg...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
Olav P. Eidem tok i 1941 til med veving av fasongstrie i kjellaren i huset sitt på Eidem i Sykkylven. Råvare i strieproduksjonen under krigen var surrogatmaterialet, papirtråd. Tidlegare hadde naturstrie blitt nytta. I møbelframstillinga var strie eit viktig produkt. Stria vart nytta som underlag og mellomlegg i møbelstoppinga. Råmaterialet til naturstria kom frå utlandet, og under krigen stoppa tilførsla opp. Her låg det til rette for surrogatproduksjon.

Produksjonsutstyret som Eidem nytta var ein vevstol som var importert frå Tyskland, og stolen vov strie i ei breidd på 1.80 meter. I ver
Produksjonsutstyret som Eidem nytta var ein vevstol som var importert frå Tyskland, og stolen vov strie i ei breidd på 1.80 meter. I verkstaden hadde Olav Eidem hjelp av brørne, Lars og Nils Eidem. Nils var utdanna teolog, men under nazistyret ville han ikkje praktisere som prest. Han slo seg på strieproduksjon i staden.
 
Stria leverte dei i rullar til møbelfabrikantar på Sunnmøre, og Eidem-brørne hadde ingen vanskar med å finne avtakarar. Skytlane i veven hadde god fart allereie første driftsåret. Etter krigen var det igjen råd å få tak i god naturstrie, og i 1946 vart strieverksemda lagt ned.
 
Frå 1947 laga Olav Eidem lenestolar i kjellarlokala sine. Han selde stolane direkte til butikkar i Bergen og Oslo. I 1950 valde han å slutte som sjølvstendig næringsdrivande. I staden tok han arbeid ved Vestlandske Møbelfabrikk.
 
===Kjelde:===
* Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.
 
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Bedrifter i Sykkylven kommune]]
[[Kategori:Etableringer i 1941]]

Sideversjonen fra 11. sep. 2012 kl. 06:51

Olav P. Eidem tok i 1941 til med veving av fasongstrie i kjellaren i huset sitt på Eidem i Sykkylven. Råvare i strieproduksjonen under krigen var surrogatmaterialet, papirtråd. Tidlegare hadde naturstrie blitt nytta. I møbelframstillinga var strie eit viktig produkt. Stria vart nytta som underlag og mellomlegg i møbelstoppinga. Råmaterialet til naturstria kom frå utlandet, og under krigen stoppa tilførsla opp. Her låg det til rette for surrogatproduksjon.

Produksjonsutstyret som Eidem nytta var ein vevstol som var importert frå Tyskland, og stolen vov strie i ei breidd på 1.80 meter. I verkstaden hadde Olav Eidem hjelp av brørne, Lars og Nils Eidem. Nils var utdanna teolog, men under nazistyret ville han ikkje praktisere som prest. Han slo seg på strieproduksjon i staden.

Stria leverte dei i rullar til møbelfabrikantar på Sunnmøre, og Eidem-brørne hadde ingen vanskar med å finne avtakarar. Skytlane i veven hadde god fart allereie første driftsåret. Etter krigen var det igjen råd å få tak i god naturstrie, og i 1946 vart strieverksemda lagt ned.

Frå 1947 laga Olav Eidem lenestolar i kjellarlokala sine. Han selde stolane direkte til butikkar i Bergen og Oslo. I 1950 valde han å slutte som sjølvstendig næringsdrivande. I staden tok han arbeid ved Vestlandske Møbelfabrikk.

Kjelde:

  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.