Olav Viken

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. des. 2012 kl. 17:44 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Olav Viken''' (fødd i Skjåk 25. februar 1895, død same stad 1963) var den siste i Skjåk som hadde tjørebrenning som yrke. Særleg i ungdomen var han også ak...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Olav Viken (fødd i Skjåk 25. februar 1895, død same stad 1963) var den siste i Skjåk som hadde tjørebrenning som yrke. Særleg i ungdomen var han også aktiv i lokalpolitkken, som ein av pionerane i den sosialistiske arbeidarrørsla i Skjåk.

Foreldra Lars Persen Viken (f. 1857) og Rønnaug Olsdotter (f. Kjørren 1860). Olav hadde åtte sysken og var sjølv nummer fem i rekkja. Eine systera var Ragna Nyhus. Familien hadde fleire heimar i Olavs oppvekst. I folketeljinga 1900 er dei plassfolk i Vigstadvika under gnr. 23.2 Nordistun Vigstad. Det er der dei har familienamnet Viken frå. Ei stund dreiv dei eit husmannsbruk i Lom. Faren dreiv elles på gardsarbeid, og han var på anlegg.

Sidan fekk faren arbeid som postomberar og som kyrkjetenar ved Skjåk kyrkje. På folketeljingstidspunktet 1910 bur familien til leige på gnr. 20.1 Søre Prestgarden. Seinare flytta dei til ein plass under Nigard Skjåk, som familien seinare kjøpte og kalla Strandheim. Heimen ligg rett ved Skjåk kyrkje.

Kilder og litteratur