Olav Viken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Viken ca. 1960. Foto:Kristian Hosar.

Olav Viken (fødd i Skjåk 25. februar 1895, død same stad 1963) var den siste i Skjåk som hadde tjørebrenning som yrke. Særleg i ungdomen var han også aktiv i lokalpolitkken, som ein av pionerane i den sosialistiske arbeidarrørsla i Skjåk.

Foreldra var Lars Persen Viken (f. 1857) og Rønnaug Olsdotter (f. Kjørren 1860). Olav hadde åtte sysken og var sjølv nummer fem i rekkja. Eine systera var Ragna Nyhus. Familien hadde fleire heimar i Olavs oppvekst. I folketeljinga 1900 er dei plassfolk i Vigstadvika under gnr. 23.2 Nordistun Vigstad. Det er der dei har familienamnet Viken frå. Ei stund dreiv dei eit husmannsbruk i Lom. Faren dreiv elles på gardsarbeid, og han var på anlegg. Sidan fekk han arbeid som postomberar og som kyrkjetenar ved Skjåk kyrkje. På folketeljingstidspunktet 1910 bur familien til leige på gnr. 20.1 Søre Prestgarden. Seinare flytta dei til ein plass under Nigard Skjåk, som familien seinare kjøpte og kalla Strandheim. Heimen ligg rett ved Skjåk kyrkje.

I ungdomen dreiv Olav Viken fleire slags arbeid, på gardane, i skogen og på anlegg. I 1928 byrja han for alvor med tjørebrenning i skogen til Skjåk-ålmenninga. Han bygde seg ei hytte ved riksvegen ved Kvernåa i Billingsdalen, nokre kilometre vest for Pollfoss, og budde der mest året rundt. Næraste naboane om vinteren var gardane Pollmoen og Glitne og hotella Pollfoss og Grotli, alt fleire kilometer unna. Det var også tømmerhoggarar i skogane omkring om vinteren. Om sommaren var det store trafikk. Han samla feitrøter (tyrirøter), reinsa dei for jord og grus, hogg dei opp til småved og la den opp etter ein bestemt metode. På sommaren, helst i juli, brende han mila. Det tok fire døger. Av 80-90 kubikkmeter feitved som han til vanleg hadde samla til ei mile, kunne han få få om lag 2500 kilo tjøre og 18-20 kubikkmeter trekol. Rundt 1960 vart dette til ei årsinntekt på ca. 3000 kroner.

Kilder og litteratur