Ole E. Hagen (1852–1908): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
m (bot: Retter artikkelnavn i oppslagsord)
 
(2 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Ole E. Hagen (1852-1908)|Ole Eriksen Hagen]]''' (fødd i [[Skjåk]] 7. august 1852 død 21.  november 1908 i Minnesota) var ein bondegut frå Skjåk som emigrerte til Amerika. Han vart kjend som forfattar og  journalist med radikale meiningar i politikk og religiøse spørsmål. Han må ikkje forvekslast med den nesten jamgamle namnebroren professor [[Ole Eriksen Hagen (1850-1927)]] som også var fødd i Skjåk og som også emigrerte til Midtvesten.
'''[[Ole E. Hagen (1852–1908)|Ole Eriksen Hagen]]''' (fødd i [[Skjåk]] 7. august 1852 død 21.  november 1908 i Minnesota) var ein bondegut frå Skjåk som emigrerte til Amerika. Han vart kjend som forfattar og  journalist med radikale meiningar i politikk og religiøse spørsmål. Han må ikkje forvekslast med den nesten jamgamle namnebroren professor [[Ole Eriksen Hagen (1850–1927)]] som også var fødd i Skjåk og som også emigrerte til Midtvesten.


== Bakgrunn og familie ==
== Bakgrunn og familie ==
Foreldra var Erik Olsen  (fødd ca. 1818) og hustru Torø Olsdotter (fødd ca. 1820). Dei dreiv garden [[Kjekahagen]] på [[Ramstadstrond]] i Skjåk. Ole  hadde fleire sysken. Dei fem borna som var heime på garden under folketeljinga 1865,<ref>
Foreldra var Erik Olsen  (fødd ca. 1818) og hustru Torø Olsdotter (fødd ca. 1820). Dei dreiv garden [[Kjekahagen]] på [[Ramstadstrond]] i Skjåk. Ole  hadde fleire sysken. Dei fem borna som var heime på garden under folketeljinga 1865,<ref>
{{folketelling person|pf01038057001154|Ole Eriksen|1865|Skjåk}}</ref> var i alderen tre til 24, og det er uvisst om dette var heile syskenflokken.  Nesteldste broren heitte også Ole (fødd 18. juli 1848)<ref>[https://media.digitalarkivet.no/view/8915/43428/106 Dåpsinnførsel for Ole d.e.] [https://media.digitalarkivet.no/view/8915/43428/160 Dåpsinnførsel for Ole d.y.]</ref>, dvs. at både farfar og morfar i familien, som båe heitte Ole, var oppkalla. Det er dess meir påfallande at eldste sonen, Johannes (fødd 1845) ikkje var oppkalla etter bestefedrane.
{{folketelling|pf01038057001154|Ole Eriksen|1865|Skjåk|nn}}</ref> var i alderen tre til 24, og det er uvisst om dette var heile syskenflokken.  Nesteldste broren heitte også Ole (fødd 18. juli 1848)<ref>[https://media.digitalarkivet.no/view/8915/43428/106 Dåpsinnførsel for Ole d.e.] [https://media.digitalarkivet.no/view/8915/43428/160 Dåpsinnførsel for Ole d.y.]</ref>, dvs. at både farfar og morfar i familien, som båe heitte Ole, var oppkalla. Det er dess meir påfallande at eldste sonen, Johannes (fødd 1845) ikkje var oppkalla etter bestefedrane.


I folketeljinga 1875<ref>
I folketeljinga 1875<ref>
{{folketelling|bf01052087000367|Kjekahagen|1875|Skjåk}}</ref> har Johannes overteke som gardbrukar i Kjekahagen. Foreldra er på føderåd, og tre av syskena bur framleis heime. Av dei er Ole d.y., som er oppført som handelskar. Den eldre Ola har vi ikkje funne i teljinga for Skjåk. I folketeljinga 1900<ref>
{{folketelling|bf01052087000367|Kjekahagen|1875|Skjåk|nn}}</ref> har Johannes overteke som gardbrukar i Kjekahagen. Foreldra er på føderåd, og tre av syskena bur framleis heime. Av dei er Ole d.y., som er oppført som handelskar. Den eldre Ola har vi ikkje funne i teljinga for Skjåk. I folketeljinga 1900<ref>
{{folketelling|bf01037079000353|Kjekahagen|1900|Skjåk}}</ref> er faren framleis føderådsmann i Kjekahagen, men ingen andre av familien bur der, og det er andre folk som er brukarar på garden.
{{folketelling|bf01037079000353|Kjekahagen|1900|Skjåk|nn}}</ref> er faren framleis føderådsmann i Kjekahagen, men ingen andre av familien bur der, og det er andre folk som er brukarar på garden.


Ole Hagen d.y. gifta seg den 14. oktober 1876<ref>[https://media.digitalarkivet.no/view/1553/67507/3 Klokkerbok for Lom, Bøverdalen og Garmo sokn]</ref> med Beret Pålsdotter frå Nordistugun Øverli i Lia i [[Lom]] (fødd i Lom 13. desember 1851, død 22. desember 1900), dotter av Pål Erlandsen Øverli og Mari Kristensdotter Øverli. Dei har kanskje budd i Skjåk den fyrste tida. Iallfall er eldste sonen Erik døypt i Skjåk kyrkje den 20. januar 1878.<ref>[https://media.digitalarkivet.no/view/25791/54996/99 Kyrkjeboka for Skjåk.]</ref> I 18779 er derimot familien registrerte som innerstar hjå Beret sine foreldre på Nordistugun Øverli.<ref>Kolden, J./Kjelland, A. 2002:223.</ref>
Ole Hagen d.y. gifta seg den 14. oktober 1876<ref>[https://media.digitalarkivet.no/view/1553/67507/3 Klokkerbok for Lom, Bøverdalen og Garmo sokn]</ref> med Beret Pålsdotter frå Nordistugun Øverli i Lia i [[Lom]] (fødd i Lom 13. desember 1851, død 22. desember 1900), dotter av Pål Erlandsen Øverli og Mari Kristensdotter Øverli. Dei har kanskje budd i Skjåk den fyrste tida. Iallfall er eldste sonen Erik døypt i Skjåk kyrkje den 20. januar 1878.<ref>[https://media.digitalarkivet.no/view/25791/54996/99 Kyrkjeboka for Skjåk.]</ref> I 18779 er derimot familien registrerte som innerstar hjå Beret sine foreldre på Nordistugun Øverli.<ref>Kolden, J./Kjelland, A. 2002:223.</ref>
Linje 32: Linje 32:
*[https://www.geni.com/people/Ole-Hagen-II/6000000010363062527 Nettstaden Geni.com, slektstavler over familien Hagen.]
*[https://www.geni.com/people/Ole-Hagen-II/6000000010363062527 Nettstaden Geni.com, slektstavler over familien Hagen.]
*Kyrkjebøker og folketeljingar på [[Digitalarkivet]].
*Kyrkjebøker og folketeljingar på [[Digitalarkivet]].
*{{hbr1-1|pf01038057001154|Ole E. Hagen}}


{{DEFAULTSORT:Hagen, Ole E.}}
{{DEFAULTSORT:Hagen, Ole E.}}
Linje 42: Linje 43:
[[Kategori:Redaktører]]
[[Kategori:Redaktører]]
[[Kategori:Norsk-amerikanere]]
[[Kategori:Norsk-amerikanere]]
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 30. nov. 2020 kl. 14:05

Ole Eriksen Hagen (fødd i Skjåk 7. august 1852 død 21. november 1908 i Minnesota) var ein bondegut frå Skjåk som emigrerte til Amerika. Han vart kjend som forfattar og journalist med radikale meiningar i politikk og religiøse spørsmål. Han må ikkje forvekslast med den nesten jamgamle namnebroren professor Ole Eriksen Hagen (1850–1927) som også var fødd i Skjåk og som også emigrerte til Midtvesten.

Bakgrunn og familie

Foreldra var Erik Olsen (fødd ca. 1818) og hustru Torø Olsdotter (fødd ca. 1820). Dei dreiv garden KjekahagenRamstadstrond i Skjåk. Ole hadde fleire sysken. Dei fem borna som var heime på garden under folketeljinga 1865,[1] var i alderen tre til 24, og det er uvisst om dette var heile syskenflokken. Nesteldste broren heitte også Ole (fødd 18. juli 1848)[2], dvs. at både farfar og morfar i familien, som båe heitte Ole, var oppkalla. Det er dess meir påfallande at eldste sonen, Johannes (fødd 1845) ikkje var oppkalla etter bestefedrane.

I folketeljinga 1875[3] har Johannes overteke som gardbrukar i Kjekahagen. Foreldra er på føderåd, og tre av syskena bur framleis heime. Av dei er Ole d.y., som er oppført som handelskar. Den eldre Ola har vi ikkje funne i teljinga for Skjåk. I folketeljinga 1900[4] er faren framleis føderådsmann i Kjekahagen, men ingen andre av familien bur der, og det er andre folk som er brukarar på garden.

Ole Hagen d.y. gifta seg den 14. oktober 1876[5] med Beret Pålsdotter frå Nordistugun Øverli i Lia i Lom (fødd i Lom 13. desember 1851, død 22. desember 1900), dotter av Pål Erlandsen Øverli og Mari Kristensdotter Øverli. Dei har kanskje budd i Skjåk den fyrste tida. Iallfall er eldste sonen Erik døypt i Skjåk kyrkje den 20. januar 1878.[6] I 18779 er derimot familien registrerte som innerstar hjå Beret sine foreldre på Nordistugun Øverli.[7]

Ole og Beret fekk åtte born i tidsrommet 1877-1892.

Bustader i Amerika

Ole og Beret Hagen med dei to borna dei til da hadde fått, emigrerte til USA i 1881. Det tredje barnet, som også heitte Pål (Paul) var fødd i Winnebago, Minnesota på slutten av det året. I 1883 flytta familien til byen i Crookston i Polk County, Minnesota. Der skal Hagen ha arbeidd som ”contractor”, utan at det er spesifisert kva som låg i den yrkesnemninga. Fem born var fødde der, inklusive den yngste (Inga Severine 1892). Familien har også truleg budd i Polk County i åra 1896-1901, da Hagen i den perioden var skifterettsdommar for Polk County. På bakgrunn av avisarbeidet hans (sjå nedanfor) må vi gå ut frå at Hagen har budd også i Fergus Falls, Minnesota (frå 1893) og i Fargo, North Dakota.

Som enkjemann flytta Hagen i 1903 til Roseau County nord i Minnesota, der han homesteaded i Palmville Township. Der vart han vald til auditor (revisor) i fylket i 1908, men døydde same året utan å ha fått teke til i stillinga.

Avismann og forfattar

I Midtvesten vart Hagen kjend som journalist og romanforfattar, med radikale meiningar, ikkje minst med brodd mot kyrkje og religion. Saman med ein annan norskamerikanar, Torkel Oftelie frå Høydalsmo i Tokke i Telemark, starta han i 1893 det norskspråklege vekebladet Rodhuggeren. Redaksjonen heldt til Fergus Falls, Otter Tail County, Minnesota. Bladet gav politisk støtte til det populistiske partiet The People’s Party. I 1898 flytta redaksjonen til Fargo, North Dakota. Der var Rodhuggeren slege saman med eit to andre norskspråklege blad i Fargo, Fjerde Juli og Dakota, Det nye vekebladet fekk namnet Fram. Hagen var medredaktør saman med Lauritz Stavnheim, og dei førte bladet over frå populismen til den sosialistiske leir.[8]

Hagens skjønnlitterære produksjon var ei rekkje romanar med samfunnskritisk, kulturradikal tendens, noko som vel framgår av titlar som Kapitalisdjævelen, Prestedom og Kristendom og Fritænkeren, Presten og Klokkeren. I romanen Tilfjelds går han til åtak mellom anna på husmannsvesenet, kjønnsrollemønsteret og det generelle sneversynet han mintest frå heimbygda i Noreg.

Referansar

  1. Ole Eriksen i folketeljinga 1865 for Skjåk frå Digitalarkivet
  2. Dåpsinnførsel for Ole d.e. Dåpsinnførsel for Ole d.y.
  3. Kjekahagen i folketeljinga 1875 for Skjåk frå Digitalarkivet
  4. Kjekahagen i folketeljinga 1900 for Skjåk frå Digitalarkivet
  5. Klokkerbok for Lom, Bøverdalen og Garmo sokn
  6. Kyrkjeboka for Skjåk.
  7. Kolden, J./Kjelland, A. 2002:223.
  8. Lovoll, O. 2010:166.

Kjelder og litteratur