Ole Toresson Engvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. des. 2014 kl. 09:48 av Kallrustad (samtale | bidrag) (formatering)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Toresson Engvik (1752-1828) var gardbrukar i KvernesNordmøre. Han fekk skøyte på garden Engvika i 1771. I 1776 vart han gift med Randi Mikkelsdtr. Sveggen (1742-1795). Etter at ho døydde i 1795, gifte Ole Toresson seg oppatt året etter med Andrianna Tørrisdtr. Strøm (1763-1821). Det var ingen barn i nokon av ekteskapa.

Ole Toresson Engvik var valmann for Kvernes prestegjeld våren 1814.

Kjelde:

  • Holten, Endre: Averøy bygdebok, bd. 2, s. 19-21.