Ormberg (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Litteratur: 1801-teljinga)
(mykje utvida - skatt, sjølveige og flaumen 1741)
Linje 22: Linje 22:
{{thumb høyre|Julekort Ormbergstøl Skattum 1916.jpg|Julekort frå Marie Ormbergstøl (bnr. 2) til skyldfolket på [[Skattum (Østre Toten)|Skattum]] på Toten (1916).}}'''[[Ormberg (Jostedalen)|Ormberg]]''' (Luster, gnr. 187) er ein [[matrikkelgard]] i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Det er den sørlegaste garden på austsida av [[Jostedøla]] i Jostedal sokn.
{{thumb høyre|Julekort Ormbergstøl Skattum 1916.jpg|Julekort frå Marie Ormbergstøl (bnr. 2) til skyldfolket på [[Skattum (Østre Toten)|Skattum]] på Toten (1916).}}'''[[Ormberg (Jostedalen)|Ormberg]]''' (Luster, gnr. 187) er ein [[matrikkelgard]] i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Det er den sørlegaste garden på austsida av [[Jostedøla]] i Jostedal sokn.


Ormberg har følgjande bruk:
Ormberg er nemnd i det fyrste dokumentet frå Jostedalen etter øydetida, skattelista frå 1596, som slo fast at ''Olluff Aarebøe'' skulle betale 2 geitskinn til presten. Alt i 1600 og 1603 er namnet skrive ''Ormberig/Ormeberigh''.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=117 Presteskatten 1596], [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=2076 Jordeboka 1600] og [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=2095 Pengeskatten 1603] (Jostedal historielag)</ref> 
 
Då jostedalsbøndene byrja å betale leiglendingskatt i 1627/28, fekk Ormberg ei skyld på 2 pund smør. Ormberg var såleis mellom dei 3-4 minste gardane i bygda. Skylda var 2 pund til 1742 (sjå nedanfor).<ref>Jf. [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=118 Skattematrikkelen 1647] (Jostedal historielag)</ref>
 
==Overgang til sjølveige==
Futeenkja [[Birgitte Munthe]] fekk i 1681 skøyte på alle gardane i Jostedalen. Året etter vart så dette godset splitta opp ved at prestsonen [[Hans Otteson Ravn]] kjøpte to av tre partar i [[Myklemyr (Myklemyr)|Myklemyr]], heile Ormberg og heile [[Fossen (Jostedal)|Fossen]]. Ravn sjølv budde på ein del av Myklemyr og hadde leiglendingar på dei andre bruka. Men alt i 1688 hadde Ormberg og Fossen gått attende til Birgitte Munthe. (Sjå detaljar og referansar under [[Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800]].)
 
Etter dette vart Ormberg verande i Munthe-ætta saman resten av jostedalsgodset. Då godset vart delt mellom dei tre sønene til [[Christopher Munthe]] etter 1754, var det [[Ludvig Munthe (1717-1785)]] som fekk hand om Ormberg. Han overtok åtte gardar, og dei seks siste, mellom anna Ormberg, selde han til leiglendingane 10. september 1771. Ein av dei var [[Anders Andersson Ormberg]] som hadde teke over som leiglending på garden i 1764 og såleis vart den fyrste sjølveigaren då han kjøpte garden for 210 rdl.
 
==Bruk==
Ormberg vart delt i to bruk i 1717, men samla att til eitt bruk kring 1739.
 
Matrikkelgarden er sidan 1800-talet delt i følgjande bruk:
*Bnr. 1, Ormberg
*Bnr. 1, Ormberg
*Bnr. 2, [[Ormbergstølen (Jostedalen)|Stølen (òg kalla Ormbergstølen)]]
*Bnr. 2, [[Ormbergstølen (Jostedalen)|Stølen (òg kalla Ormbergstølen)]]
Linje 39: Linje 51:
*[[Elvøy (Jostedalen)|Elvestad]] - rydda i midten av 1930-åra, utskild som bnr. 7 i 1939
*[[Elvøy (Jostedalen)|Elvestad]] - rydda i midten av 1930-åra, utskild som bnr. 7 i 1939
*[[Elvøy (Jostedalen)|Elvøy]] - rydda i midten av 1930-åra, utskild i 1985 som bnr. 16
*[[Elvøy (Jostedalen)|Elvøy]] - rydda i midten av 1930-åra, utskild i 1985 som bnr. 16
==Flaumskade 1741==
Ein storflaum i 1741 valda stor skade på Ormberg, og det var ein av fem gardar i Jostedalen som det var halde avtaksforretningar for i august 1742. Her heiter det at elva hadde gått tre omfar opp på fleire av gardshusa under flaumen. Av eng- og åkerlandet på nedsida hadde elva greve bort 44 av 155 dekar (mest 30 %), og på ovasida var 8 dekar borte. Mykje av den attverande marka var "overskyllet adskillig stæder med sand", og oppsitjaren Anders Ormberg oppgav at "hand ingen afling fik til føde for samme Aar".
På toppen kom frost og misvekst som var til skade for avlinga på dei fleste gardar gjennom uåra kring 1740. Anders fortalde at han av 1 tønne utsæd berre fekk 1 tønne og 3 meler kornavling, altså stusslege 1,3 foll (1666-matrikkelen for Jostedalen opererte med 3 foll som det normale). Han måtte difor "saavel som alle andre i Jøstedalen udj almindelighed, brugt furre- og alme-bark at tørke og male, og samme blant deris Korn Meel til brød forblandet."<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1146 Avtaksforretningar i Jostedalen 1742] (Jostedal historielag)</ref>
Ormberg fekk skylda på 2 pund smør nedsett med 12 merker til 1 pund og 12 merker, altså ein reduksjon på 25 %. [[Ormbergstølen (Jostedalen)|Ormbergstølen]] fekk ved fråskiljinga i 1825 ei skyld på 9 merker slik at hovudbruket vart ståande att med 1 pund og 3 merker.
==Notar==
<references/>


==Kjelder og litteratur==
==Kjelder og litteratur==

Sideversjonen fra 4. jun. 2012 kl. 09:18

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Mal:Thumb høyreOrmberg (Luster, gnr. 187) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Det er den sørlegaste garden på austsida av Jostedøla i Jostedal sokn.

Ormberg er nemnd i det fyrste dokumentet frå Jostedalen etter øydetida, skattelista frå 1596, som slo fast at Olluff Aarebøe skulle betale 2 geitskinn til presten. Alt i 1600 og 1603 er namnet skrive Ormberig/Ormeberigh.[1]

Då jostedalsbøndene byrja å betale leiglendingskatt i 1627/28, fekk Ormberg ei skyld på 2 pund smør. Ormberg var såleis mellom dei 3-4 minste gardane i bygda. Skylda var 2 pund til 1742 (sjå nedanfor).[2]

Overgang til sjølveige

Futeenkja Birgitte Munthe fekk i 1681 skøyte på alle gardane i Jostedalen. Året etter vart så dette godset splitta opp ved at prestsonen Hans Otteson Ravn kjøpte to av tre partar i Myklemyr, heile Ormberg og heile Fossen. Ravn sjølv budde på ein del av Myklemyr og hadde leiglendingar på dei andre bruka. Men alt i 1688 hadde Ormberg og Fossen gått attende til Birgitte Munthe. (Sjå detaljar og referansar under Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800.)

Etter dette vart Ormberg verande i Munthe-ætta saman resten av jostedalsgodset. Då godset vart delt mellom dei tre sønene til Christopher Munthe etter 1754, var det Ludvig Munthe (1717-1785) som fekk hand om Ormberg. Han overtok åtte gardar, og dei seks siste, mellom anna Ormberg, selde han til leiglendingane 10. september 1771. Ein av dei var Anders Andersson Ormberg som hadde teke over som leiglending på garden i 1764 og såleis vart den fyrste sjølveigaren då han kjøpte garden for 210 rdl.

Bruk

Ormberg vart delt i to bruk i 1717, men samla att til eitt bruk kring 1739.

Matrikkelgarden er sidan 1800-talet delt i følgjande bruk:

Husmannsplassar

Det er registrert åtte plassar og heimar under Ormberg:

  • Svalem (Ormbergstølen) - rydda kring 1775, utskild som bnr. 2 i 1825
  • Flatane (Klokkarøyen) - rydda kring 1825, nedlagd i 1840-åra
  • Nedstegjerdet - rydda i 1830-åra, nedlagd i 1920-åra
  • Rokkeplassen - rydda i 1830-åra, nedlagd sist i 1860-åra
  • Sva - kårstove bortfest som plass i 1850-åra, nedlagd i 1890-åra
  • Jetmundplassen - rydda kring 1918, nedlagd i 1960
  • Elvestad - rydda i midten av 1930-åra, utskild som bnr. 7 i 1939
  • Elvøy - rydda i midten av 1930-åra, utskild i 1985 som bnr. 16

Flaumskade 1741

Ein storflaum i 1741 valda stor skade på Ormberg, og det var ein av fem gardar i Jostedalen som det var halde avtaksforretningar for i august 1742. Her heiter det at elva hadde gått tre omfar opp på fleire av gardshusa under flaumen. Av eng- og åkerlandet på nedsida hadde elva greve bort 44 av 155 dekar (mest 30 %), og på ovasida var 8 dekar borte. Mykje av den attverande marka var "overskyllet adskillig stæder med sand", og oppsitjaren Anders Ormberg oppgav at "hand ingen afling fik til føde for samme Aar".

På toppen kom frost og misvekst som var til skade for avlinga på dei fleste gardar gjennom uåra kring 1740. Anders fortalde at han av 1 tønne utsæd berre fekk 1 tønne og 3 meler kornavling, altså stusslege 1,3 foll (1666-matrikkelen for Jostedalen opererte med 3 foll som det normale). Han måtte difor "saavel som alle andre i Jøstedalen udj almindelighed, brugt furre- og alme-bark at tørke og male, og samme blant deris Korn Meel til brød forblandet."[3]

Ormberg fekk skylda på 2 pund smør nedsett med 12 merker til 1 pund og 12 merker, altså ein reduksjon på 25 %. Ormbergstølen fekk ved fråskiljinga i 1825 ei skyld på 9 merker slik at hovudbruket vart ståande att med 1 pund og 3 merker.

Notar

  1. Presteskatten 1596, Jordeboka 1600 og Pengeskatten 1603 (Jostedal historielag)
  2. Jf. Skattematrikkelen 1647 (Jostedal historielag)
  3. Avtaksforretningar i Jostedalen 1742 (Jostedal historielag)

Kjelder og litteratur

  • «Ormberg» i folketeljinga 1801 (Digitalarkivet)
  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Ormberg», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mal:Infoboks gardsbruk