Oselvarverkstaden
Hopp til navigering
Hopp til søk
Oselvarverkstaden er eit båtbyggjeri i Os i Hordaland. Det vart skipa som ei stifting i 1997, med Os kommune, Hordaland fylkeskommune og Os båtbyggjarlag som eigarar. Verkstaden tek var på og formidlar oselvartradisjonen, ein meir enn tusen år gammal båtbyggjartradisjon.
Verkstaden byggjer båtar og tek vare på handverket, og har ope for publikum nokre timar kvar veke. Dei har også ei utstilling som viser oselvaren sin historie gjennom tusen år.