Osestølen (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. feb. 2022 kl. 19:39 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (omskriving første del)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinater: 60°30′5″ N 8°2′26″ Ø


Mal:Thumb høyre

Ole O. og Anne Vindegg med ungeflokken på trappa til Osestølen.
Foto: Ukjent, 1925.

Osestølen ligg i sentrum av Ustaoset, Hol kommune. Frå 1882 kom heile stølseigedomen i garden Vindegg, Kvisla, sitt eige. Det var kring stølshusa ved Ustevatnet at hyttebyen vaks fram i samband med utbygginga av Bergensbanen. Allereie i 1894 vart truleg den fyrste hytta på Ustaoset sett opp ved Ustebergstølen, men hyttebygging i stor stil tok til med Ole O. Vindegg.

Eigedomstilhøve

Frå gamalt var det sameige mellom fleire av stølane på Ustaoset. Fleire gardar kunne også eige kvar sine delar av same støl. Båe delane gjaldt for Osestølen, noko som gjer det utfordrande å få oversikt over eigedomstilhøvar. Forsøket nedanfor er basert på søk i Folk og fortid i Hol i Nettbiblioteket.

Reinton nemner at garden Geilo, Ustedalen, eigde ein del av Osestølen i 1743. Stølsdelen vart då brukt som pant for eit lån til eit av bruka under Geilo.[1] Stølen er også nemnd i samband med deling av Geilo i 1755, då dei to nye eigarane skulle ha kvar sin halvpart av ei bu på Osestølen.

Verpe, Ustedalen, hadde ein del av stølen i 1745. Garden vart delt dette året, og dei to nye eigarane skulle ha denne delen av Osestølen saman.[2]

I 1771 kom søre Slettemoen, Moen, inn i biletet. Eigaren av garden kjøpte dette året Verpe sin del av Osestølen. I 1777 vart denne stølsdelen truleg seld vidare til synste søre Kaupang.[3] Ved eit skifte i 1779 vart både Osestølen, Gjeilelie og Lorthøl rekna til garden. Dette året vart garden og stølane selde på auksjon til nordre søre Kaupang.[4] Jf. også auksjonsskøytet.[5]

Ei avtale kom i stand i 1810 mellom Ruken, Øynan, Gjeilelie og Osestølen om kor grensene for felleshamn og særhamn skulle gå. Synste søre Kaupang (frå 1807 mest kalla Vindegg) og søre Slettemoen eigde då kvar sine delar av Gjeilelie og Osestølen.[6] Reinton nemner òg stølen i samband med at eigarane av Geilelie, Nystølen, Mjølhaugane og Osestølen i 1817 klaga Svein Olson Rudningen for å ha gått ut over beiteretten sin. Striden endte i 1829 med forlik mellom stølseigarane om felles beite og at kvar av dei skulle ha rett til å utvide stølsvollane og føre opp stølsbuer. Vindegg og søre Slettemoen eigde då framleis Osestølen saman.[7]

Neste gong Reinton nemner Osestølen er i 1882. Etter eit makeskifte med myljo Slettemoen, kom heile stølen i Vindegg sitt eige. Eigaren av garden var då Ola Mikkelson Vindegg. Etter ein auksjon i 1887 overtok bror hans, Per Mikkelson Vindegg, garden. Ola fekk likevel bu der med kona Ingebjørg og dei 9 borna. I 1897 døydde Ingebjørg. Frå då av budde Ola mest på Osestølen, medan dottera Margit (f. 1882) fekk ansvaret for dei yngre syskena sine på Vindegg.

Bergensbanen

På slutten av 1800-talet var det stor aktivitet kring Osestølen i samband med bygginga av Bergensbanen. Etter salet av Vindegg hadde ikkje Ola lenger heimel til grunn på Ustaoset. Han sette likevel opp ein bygning i to høgder, som han brukte til handel og utleige av rom, mest til dei som arbeidde på jernbanen. Dette var forløparen til Ustaoset hotell. Kring 1909 bygde han også eit gardsbruk, Osheim, som han dreiv saman med andre kona, Kari Kittilsdotter Sausgardshaugen. Det var Ola M. som sette opp dei fyrste hyttene i sentrum av Ustaoset.

Frå 1907 var det sonen til Ola som eigde Vindegg og Osestøl-eigedomen. Han heitte også Ola, men vart gjerne kalla Ole O. Ein rettstvist mellom dei to endte med at Ola M. fekk behalde Osheim, hotelltomta og noko utmark ned mot Usta. Ola M. døydde i 1918. Eigedomane etter han gjekk i arv til .

Dei fyrste hyttene

Det var Jens Christian Meinich som kjøpte den fyrste tomta på Osestølen i 1908, men før hytta kom opp i 1910, rakk kameraten Christian Theodor Holtfodt å få sett opp den aller fyrste hytta i Ustaoset sentrum (1909). I 1915 hadde det kome opp 30 hytter på Vindegg sine eigedomar. Berre fem år seinare var talet tredobla, og i 1940 stod det 200 hytter i ein vid krins rundt Osestølen. Frå 1886[8] til 1950[9] auka talet på eigedomar under Kaupang, som bruket Vindegg låg under, frå 14 til 337. Av dei nye var brorparten hytter på Ustaoset.

Den utbygginga som Ola M. hadde sett i gang på Ustaoset, overtok og utvida altså Ole O. Etter kvart bygde, leigde han bort og selde hytter og tomter i stor stil, og binæringa vart ein stadig større del av den totale verksemda. Kona Anne og ungane vart viktige både i gardsdrifta på Vindegg, stølsdrifta på Ustaoset og tenestyting overfor hyttefolk og andre turistar. Inntektene frå turismen vart pløgd inn i gardsdrifta, mellom anna i form av nye bygningar på Vindegg.

Etterkrigstida

Ole O. overdrog Vindegg til eldstesonen Olav i 1940. Stølseigedomen på Ustaoset vart delt mellom Olav og broren Torleiv. og Osestølen til i 1945. Sjølv bygde han eit nytt hus like nedanfor stølen, der han budde når han var på Ustaoset. Etter at Ole O. døydde i 1955 tok sonen Mikkel over dette huset og budde der heile året. Torleiv og Guri med familie busette seg på Osestølen og førde hytteverksemda vidare, dei fyrste åra parallelt med gardsdrift. Olav overtok Nyestølen, nordvest for Osestølen, og der kona Ingeborg støla. Tomtene kring stølen vart nytta til hytter. Seinare har både Olavs son, Ola, og Torleivs son, Stein og kona Inger Brit, drive omfattande hytteverksemd på Ustaoset. Både Osestølen og Nyestølen har dei seinare åra vore leigd ut til turistar. Frå 2020-talet er det fjerde generasjon Vindegg som driv hytteservice både kring Osestølen og Nyestølen.

Sjå også

Fotnotar

Kjelder