Oterholtvegen

Sideversjon per 7. jun. 2021 kl. 12:47 av Rool (samtale | bidrag)

Oterholtvegen i i Midt-Telemark kommune går nordover frå Gymnasbakken i krysset med Prestevegen, kryssar BøelvaOterholt, og endar i krysset med Livegen og Vreimsida.

Oterholtvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2016).

Vegen har namn etter det gamle handelssenteret Oterholt, er ein del av Fv 155, og er omlag 1,9 km lang.

Frå gamalt av har det vore bru over Bøelva frå Oterholt-sida til Sisjord-sida. På Oterholt-sida voks det fram eit lite bygdesenter frå midten av 1850-talet og framover. Staden blei omtala som «ved Oterholt-brua». Noko seinare kom også nemninga «Tatergata» i bruk. Det var mykje framandfolk her og tatarar slo leir. Etter 1900 tok nåverande Bø sentrum til å vekse, og området ved Oterholt-brua kom meir i bakleksa etter kvart. Seinare gjekk nemninga for staden over til å bli «på Oterholt», igjen eit gardsnamn som har gjett namn til ein «tettstad».

Kjelder


Koordinater: 59.41873° N 9.05944° Ø