P.O. Jarnes Møbelfabrikk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(lenkjer + kategori)
(kjeldemal)
Linje 8: Linje 8:


==Kjelde==
==Kjelde==
*[[Eldar Høidal]]: [http://www.nb.no/utlevering/contentview.jsf?urn=URN:NBN:no-nb_digibok_2007081004004 ''Industrisoge for Sykkylven'', Sykkylven 1990.]
*{{Høidal 1990}}


[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]

Sideversjonen fra 5. nov. 2013 kl. 09:24

P.O. Jarnes Møbelfabrikk var ein møbelfabrikk i Sykkylven som vart starta i 1947 av Peder Olav Jarnes. Dei første åra var det tre-fire arbeidarar i bedrifta. I 1949 var talet på arbeidarar kome opp i seks.

Møbelfabrikken kom i gang i leigde lokale på Ikornnes-kaia. Tidleg i 1950-åra bygde P.O. Jarnes fabrikk på ein parsell av bruk nr. 1 på Ytre Ikornnes. Tomta vart fråskilt i 1947. Bygget var i mur og på to etasjar med ei grunnflate på 300 kvadratmeter. Med betre plass var det grunnlag for å auke arbeidsstokken. I 1955 hadde møbelbedrifta 16 personar på lønningslista. Den fekk då også eiga maskinavdeling.

P.O. Jarnes Møbelfabrikk laga salongar og lenestolar i mellomskiktet. Produkta vart selde over heile landet.

I 1971 vart verksemda slått konkurs.

Kjelde