P. Blindheim AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

P. Blindheim AS er ei kombinert leike- og gåveforretning på Aure i Sykkylven. Firmaet vart skipa som familieaksjeselskap i 1947, og med Petra, Petter og Bjørg Blindheim som dei viktigaste aksjeeigarane. Forretningslokala har sidan starten vore i Dale-huset i Aure sentrum, og vart i 1983 utvida med eit stort tilbygg, slik at den samla salsflata vart på om lag 260 m2. Vareutvalet har heile tida stort sett vore det same: glas, steinty, kjøkkenutstyr, sølvplett og leikety.

Petra Blindheim var dagleg leiar frå byrjinga. I midten av 1970-åra overtok Olav Kittang ein del av aksjane, og frå då av har Bjørg og Olav Kittang stått for den daglege drifta.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.