Pitesamisk: Forskjell mellom sideversjoner
m (ordstilling) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 7: | Linje 7: | ||
{{reflist}} | {{reflist}} | ||
{{Forside|Pitesamer}} | |||
{{f1}} | {{f1}} | ||
[[kategori:samiske språk]] | [[kategori:samiske språk]] | ||
[[kategori:pitesamer]] | [[kategori:pitesamer]] |
Sideversjonen fra 29. jun. 2009 kl. 21:03
Pitesamisk (bihtánsámegiella, bihtámasámegiella) er eit samisk språk som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord. Den sørlege naboen umesamisk ligg nærme sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk blir rekna som utdøydd som morsmål i Noreg og er sterkt truga i Sverige.
Buvda eller Båddådjo?
Pitesamisk vart aktuelt i nyheitene hausten 2003, da Sametinget foreslo overfor Bodø kommune at byen skulle innføre det lulesamiske namnet på byen, Båddådjo, som offisiell samisk namneform. Den pitesamiske organisasjonen i Salten Salto bihtesamiid searvi påpeikte at Bodø og resten av Sør-Salten er gammalt pitesamisk område — i motsetning til det lulesamiske Nord-Salten, og at den lokale samiske namneforma var det pitesamiske Buvda, som forøvrig òg tyder ‘bua, butikken’ eller ‘handelsstaden’.[1]
Fotnotar
- ↑ «Strid om samisk navn», NRK Nordland, publ. 20.10.2003