Pitesamisk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Grunntal: lågev)
Linje 28: Linje 28:
|  
|  
| 10
| 10
| lågev
| lågev<ref name="Muv arbbe"/>, <ref name="PSDP"/>
| 20
| 20
|  
|  

Sideversjonen fra 3. aug. 2009 kl. 18:37

Pitesamisk (bihtánsámegiella, bihtámasámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord. Den sørlege naboen umesamisk ligg nærme sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk blir rekna som utdøydd som morsmål i Noreg og er sterkt truga i Sverige.

Fonologi

Pitesamisk og umesamisk står i ei midtstilling mellom sør- og nordsamisk, i og med at begge desse har både det nordlige trekket stadieveksling og det sørlige trekket omlyd i større eller mindre grad.

Stadieveksling

Pitesamisk har til felles med lulesamisk og dei andre nabospråka i nord at konsonanten mellom rotvokalen og stammevokalen varierer mellom sterk og svak artikulasjon etter visse grammatiske reglar:

nom.sg. guolle, ‘fisk’; akk.pl. gulijt, ‘fiskane’

(Det same rekket finn vi att i den sørlige naboen umesamisk også, men der berre etter lang rotvokal. Sørsamisk manglar stadieveksling heilt.)

Omlyd

Pitesamisk har til felles med nabospråka i sør, umesamisk og sørsamisk, at rotvokalen i mange fall skiftar etter endingsvokalen. Dette fenomenet kallar vi progressiv vokalharmoni eller omlyd. Det finst i alt ni omlydsrekkjer og seks omlydssteg.[1]

Morfologi

Substantiv

Pronomen

Verb

Talord

Grunntal

0 10 lågev[2], [3] 20
1 ákkta[3] 11 21
2 guoktte[2] = guäktte[3] 12 22
3 13 23
4 14 24
5 15 25
6 16 26
7 17 27
8 18 28
9 19 29

Stadnamn

Buvda eller Båddådjo?

Pitesamisk vart aktuelt i nyheitene hausten 2003, da Sametinget foreslo overfor Bodø kommune at byen skulle innføre det lulesamiske namnet på byen, Båddådjo, som offisiell samisk namneform. Den pitesamiske organisasjonen i Salten Salto bihtesamiid searvi påpeikte at Bodø og resten av Sør-Salten er gammalt pitesamisk område — i motsetning til det lulesamiske Nord-Salten, og at den lokale samiske namneforma var det pitesamiske Buvda, som forøvrig òg tyder ‘bua, butikken’ eller ‘handelsstaden’.[4]

Fotnotar

  1. Steggo, Peter: «Omlydstabell» på bloggen Muv árbbe
  2. 2,0 2,1 Muv árbbe
  3. 3,0 3,1 3,2 Pite Saami Documentation Project, Humboldt-Universität zu Berlin
  4. «Strid om samisk navn», NRK Nordland, publ. 20.10.2003