Pitesamisk (bihtánsámegiella, bihtámasámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord. Den sørlige naboen umesamisk ligg nærme sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk blir rekna som utdøydd som morsmål i Noreg og er sterkt truga i Sverige.

Tospråklig vegskilt ved Árjepluovve (pitesamisk) / Arjeplog (svensk) i Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige.
Foto: Bjørn Utne, 2008.
Kart over Nordland fylke med det historiske utbreiingsområdet i Norge for pitesamisk (fiolett) og lulesamisk (raudt).

Fonologi (lydlære)

Pitesamisk og umesamisk står i ei midtstilling mellom sør- og nordsamisk, i og med at begge desse har både det nordlige trekket stadieveksling og det sørlige trekket omlyd i større eller mindre grad.

Stadieveksling

Pitesamisk har til felles med lulesamisk og dei andre nabospråka i nord at konsonanten mellom rotvokalen og stammevokalen varierer mellom sterk og svak artikulasjon etter visse grammatiske reglar:

nom.sg. guolle, ‘fisk’; akk.pl. guolijt ~ gulijt, ‘fiskane’

(Det same trekket finn vi att i den sørlige naboen umesamisk også, men der berre etter lang rotvokal. Sørsamisk manglar stadieveksling heilt.)

Omlyd

Sørlige dialektar av pitesamisk har til felles med nabospråka i sør, umesamisk og sørsamisk, at rotvokalen i mange fall skiftar etter endingsvokalen. Dette fenomenet kallar vi omlyd. Peter Steggo har sett opp ein matrise med i alt ni omlydsrekkjer og seks omlydssteg på pitesamisk.[1] Vi kan oppsummere dette med å seie at:

  • dei korte, høge vokalane i og u er uendra framom alle endingsvokalar.
  • dei høge endingane -i/-ij og -u/-uj hevar alle korte vokalar til høge (a, i > i; å, u > u); og alle lange vokalar/diftongar òg, men ikkje nødvendigvis heilt til høge vokalar;
  • ved stadievekslingstrinn III blir diftongane ie og uo senka (ie > ä; uo > ua, uä) framom halvlåge og låge endingsvokalar.

I tabellform får vi da:

Lang rotvokal Kort rotvokal Endingsvokal
á ie uo åå a i u o  
III I–II III I–II            
á ä ie ua uo åå a i u å á a å o
e
ä e u i u i ij u uj

Merk at denne matrisen, som byggjer på Peter Steggo sin matrise, manglar det korte vokalfonemet /e/ som er inkludert i det pitesamiske fonemsystemet som skildra av Lehtiranta.

Omlyd i norsk pitesamisk

Senking ved st. III

I Qvigstads oversiktsverk De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker (Oslo 1938) finn vi blant anna formene Fiewsajaw’rē (Kartverket: Fievsajávrre/Botnvatnet) ved Rognan i Saltdal kommune; og det underliggjande gardsnamnet Fæw’sa (stadium III) ved øverenden av dette vatnet. Tilsvarande har Qvigstad Dælbma (st. III; Kartverket: Dælmma / Tverråfjellet) i Beiarn kommune og den avleidde forma Dielmanjunnē på same staden. I desse namna — både frå Saltdal og frå Beiarn — har Qvigstad registrert veksling mellom æ i sterkt stadium (st. III) og ie i svakt stadium.

Heving føre -i og -u

Qvigstad har:

Qvigstad vokalar sidetal Kartverket: samisk Kartverket: norsk kommune
Suličælbma u-i 223 Sulečielbma Sulitjelma Fauske kommune
Lūnus(a)-jǫhkǫ ū-u 225 Lønselva Saltdal kommune
Luonōs uo-ō 225 Lønsdalen Saltdal kommune
Dippun-vag’gē i-u 225 Dypenådalen Saltdal kommune
Dippunje-jǫhkǫ i-u 225 Dypenåga
Dippun-čǫhkkǫ i-u 225 Dypenåfjellet Saltdal kommune
Lu(o)nōs-gai’sē u(o)-ō 225 Lønstinden Saltdal kommune
Stǫl’pu-jǫhkǫ ǫ-u 226 Stolpåga Beiarn kommune
Stǫl’pu-jaw’rē ǫ-u 226 Stolpevatnet Beiarn kommune
Stǫl’pu ǫ-u 226 Stolpen (fjell) Beiarn kommune
Sul’lu-jaw’rē u-u 227 Holmvatn (nord for Storglåmvatnet)
Gud’dum-jaw’rē u-u 227 Langvatnet
Gud’dum-var’dô u-u 227 (fjellet mellom Langvatnet og Storvatnet)

Morfologi (formlære)

Substantiv

Nominativ, illativ og essiv eintal har sterkt stadium (trinn III eller II); alle andre eintalsformer så vel som alle fleirtalsformer har svakt stadium (trinn II eller I). Merk elles at genitiv og komitativ fleirtal er identiske. Som eksempel har vi bruka riehpie ('rev'), riejttuo ('reidskap') og namma ('namn'):

Kasus Mønster -ie (-ē) -uo (-ō) -a
Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal
Nominativ [III]- -h riehpie riebieh riejttuo riejtuoh namma namah
Akkusativ -v -jt riebiev riebijt riejtuov riejtuojt
Genitiv - -j riebie riebij riejtuo riejtuoj
Illativ [III]-*j -jta riehpaaj riebijta riejttuj riejtuojta
Inessiv -n -jn riebien riebijn riejtuon riejtuojn
Elativ -st -jst riebiest riebijst riejtuost riejtuojst
Komitativ -jn(a) -j riebijn(a) riebij
Essiv [III]-n   riehpien  
Abessiv -htahk   riebiehtahk  

Pronomen

Verb

Talord

Grunntal

0 10 lågev[2], [3] 20
1 ákkta[3] 11 21
2 guoktte[2] = guäktte[3] 12 22
3 gålbmå[3] 13 23
4 nällje[3] 14 24
5 vihta[3] 15 25
6 guhta[3] 16 26
7 gietjav[3] 17 27
8 gákktse[3] 18 28
9 åkktse[3] 19 29

Stadnamn

Buvda eller Båddådjo?

Pitesamisk vart aktuelt i nyheitene hausten 2003, da Sametinget foreslo overfor Bodø kommune at byen skulle innføre det lulesamiske namnet på byen, Båddådjo,[4] som offisiell samisk namneform. Den pitesamiske organisasjonen i Salten Salto bihtesamiid searvi påpeikte at Bodø og resten av Sør-Salten er gammalt pitesamisk område — i motsetning til det lulesamiske Nord-Salten, og at den lokale samiske namneforma var det pitesamiske Buvda, som forøvrig òg tyder ‘bua, butikken’ eller ‘handelsstaden’.[5]

Fotnotar

  1. Steggo, Peter: «Omlydstabell» på bloggen Muv árbbe
  2. 2,0 2,1 Muv árbbe
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 3,9 Pite Saami Documentation Project, Humboldt-Universität zu Berlin
  4. Skrivemåten Båddådjo varierer elles med Bododdjo og Bodöddjo/Bodøddjo i lulesamisk.
  5. «Strid om samisk navn», NRK Nordland, publ. 20.10.2003

Sjå også

Bibliografi

  • Halász Ignácz: Lapponica, 1, Sprachtexte im schwedisch-lappischen Dialecte der Lule- und Pite-lappmark : gesammelt und zum Teil mit ungarischer Übersetzung, sowie einem lappisch-ungarisch und deutschen Glossar. Budapest : [s.n.], 1885. [Separatabdruck aus B. 19, der von der Ungar. Akademie d. w. herausgegebenen Zeitschrift “Nyelvtudományi közlemények”.][1]
  • Halász Ignácz: Svéd-lapp nyelv, 5, A Pite-lappmark Arjepluogi egyházkerületéből. Budapest : Kiadja a Magyar Tudományos Akadémia, 1893.[2]
  • Lehtiranta, Juhani: Arjeploginsaamen äänne- ja taivutusopin pääpiirteet. Helsinki : Suomalais-ugrilainen seura, 1992. (Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia; 212) ISBN 951-9403-55-8 [3]
  • Ruong, Israel: Lappische Verbalableitung dargestellt auf Grundlage des Pitelappischen. (Uppsala universitets årsskrift; 1943:10)
  • Trohaug, Kjellrunn Kr.: «Strid om samisk namn på Bodø» i Avisa Nordland, 27.10.2003[4]