Pitesamisk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. jun. 2009 kl. 22:01 av Olve Utne (samtale | bidrag) (arjeplogssamiska)
Hopp til navigering Hopp til søk

Pitesamisk (bihtánsámegiella, bihtámasámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord. Den sørlege naboen umesamisk ligg nærme sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk blir rekna som utdøydd som morsmål i Noreg og er sterkt truga i Sverige.

Buvda eller Båddådjo?

Pitesamisk vart aktuelt i nyheitene hausten 2003, da Sametinget foreslo overfor Bodø kommune at byen skulle innføre det lulesamiske namnet på byen, Båddådjo, som offisiell samisk namneform. Den pitesamiske organisasjonen i Salten Salto bihtesamiid searvi påpeikte at Bodø og resten av Sør-Salten er gammalt pitesamisk område — i motsetning til det lulesamiske Nord-Salten, og at den lokale samiske namneforma var det pitesamiske Buvda, som forøvrig òg tyder ‘bua, butikken’ eller ‘handelsstaden’.[1]

Fotnotar

  1. «Strid om samisk navn», NRK Nordland, publ. 20.10.2003