Røyrvik kommune: Forskjell mellom sideversjoner
(→Kyrkja) |
m (Raavrevijhken tjïelte > Raavrhvijhken tjïelte) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{Infoboks kommune | {{Infoboks kommune | ||
| bgfarge = | | bgfarge = | ||
| navn = | | navn = Raavrhvijhken tjïelte - Røyrvik kommune | ||
| våpen = 1739_Royrvik_komm.png | | våpen = 1739_Royrvik_komm.png | ||
| kart = {{PAGENAME}} | | kart = {{PAGENAME}} | ||
Linje 20: | Linje 20: | ||
}} | }} | ||
<onlyinclude><includeonly>[[Fil:1739 Royrvik komm.png|thumb|80px]]</includeonly> | <onlyinclude><includeonly>[[Fil:1739 Royrvik komm.png|thumb|80px]]</includeonly> | ||
'''[[Røyrvik kommune]]''' ({{bokm.}}/{{nyn.}}) eller ''' | '''[[Røyrvik kommune]]''' ({{bokm.}}/{{nyn.}}) eller '''Raavrhvijhken tjïelte''' ({{sørs.}}) er ein kommune lengst nordaust i [[Nord-Trøndelag fylke]]. Kommunen vart utskilt frå [[Grong kommune|Grong herred]] i [[1923]]. Regionsmessig sett ligg kommunen i [[Indre Namdalen]]. Kommunen grensar til [[Lierne kommune|Lierne]] i søraust og [[Namsskogan kommune|Namsskogan]] i vest. I nord grensar kommunen til [[Grane kommune|Grane]] og [[Hattfjelldal kommune|Hattfjelldal]] kommunar i [[Nordland fylke]]. I aust grensar kommunen til [[Strömsunds kommun]] i [[Jämtlands län]] i Sverige. Røyrvik har sterke band til det [[sørsamar|sørsamiske]] og ligg under [[Forvaltningsområdet for samisk språk]]. </onlyinclude> | ||
Med sine 496 innbyggarar <small>''(01.04.2013)''</small> er Røyrvik den minste kommunen i Trøndelag etter folketal og den tredje minste i heile [[Noreg]] (etter [[Utsira kommune|Utsira]] og [[Modalen kommune|Modalen]] kommunar). | Med sine 496 innbyggarar <small>''(01.04.2013)''</small> er Røyrvik den minste kommunen i Trøndelag etter folketal og den tredje minste i heile [[Noreg]] (etter [[Utsira kommune|Utsira]] og [[Modalen kommune|Modalen]] kommunar). |
Sideversjonen fra 5. mar. 2014 kl. 23:16
Forside for Raavrhvijhken tjïelte - Røyrvik kommune og bibliografi for Raavrhvijhken tjïelte - Røyrvik kommune
Raavrhvijhken tjïelte - Røyrvik kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1739 |
Fylke | Nord-Trøndelag |
Kommunesenter | Røyrvik |
Areal | 250.17 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 250.17 km² |
Folketall | ukjent kode (2023) |
Grunnlagt | 1923 |
Målform | nøytral; sørsamisk |
Nettside | Nettside |
Røyrvik kommune (Mal:Bokm./Mal:Nyn.) eller Raavrhvijhken tjïelte (Mal:Sørs.) er ein kommune lengst nordaust i Nord-Trøndelag fylke. Kommunen vart utskilt frå Grong herred i 1923. Regionsmessig sett ligg kommunen i Indre Namdalen. Kommunen grensar til Lierne i søraust og Namsskogan i vest. I nord grensar kommunen til Grane og Hattfjelldal kommunar i Nordland fylke. I aust grensar kommunen til Strömsunds kommun i Jämtlands län i Sverige. Røyrvik har sterke band til det sørsamiske og ligg under Forvaltningsområdet for samisk språk.
Med sine 496 innbyggarar (01.04.2013) er Røyrvik den minste kommunen i Trøndelag etter folketal og den tredje minste i heile Noreg (etter Utsira og Modalen kommunar).
Språk
Sørsamisk
Det sørsamiske språket i Røyrvik kommune er av nordlig type, relativt nærme vefsnsamisk. Kommunen vart innlemma i forvaltningsområdet for samisk språk frå 1. januar 2013.
Norsk
Den norske dialekten i Røyrvik kommune hører med til dei indre trøndermåla og ligg nærmast limål, men med nokre trekk frå innernamdaling. Trekka frå limål inkluderer fremre u-uttale i ord som uļļ, muņņ; pronomenet me (vi); -a i fleirtal av svake hokjønnsord (ma’ng gryta); -a i dativ eintal av både sterke og svake hannkjønnsord (i staļļa, i bakka); og lukka vokal i dativ fleirtal -om.
Trekk frå innernamdaling inkluderer presens kasta (limål ka’st) og næmni (limål næ’mn) så vel som 1. person eintal eig, som rettnok varierer med limål i.
Administrasjonshistorie
Kyrkja
I 1589 låg sokna Høylandet, Grong og «Glaszøø» (Gløshaug) under Overhalla prestegjeld. Gløshaug kyrkje dekte da Harran, Namsskogan og Røyrvik. I 1820 vart Overhalla prestegjeld delt, og det nye Grong prestegjeld dekte da Høylandet, Grong og Gløshaugen. Innafor Gløshaugen sokn vart det oppretta nye kapelldistrikt — Trones og Røyrvik. Det sistnemnte var eit kapell for nybyggarar og samar som det vart gjeve løyve til i februar 1828. Rørvigens Capell vart innvigd allereie den 11. september same året. Røyrvik kapelldistrikt vart omgjort til sokn i 1923.
Kommunen
Grong Formandskabsdistrict vart oppretta i 1838 og inkluderte vår tids Grong, Høylandet, Namsskogan og Røyrvik kommunar. I 1901 vart Høylandet herad utskilt; og i 1923 vart Harran, Namsskogan og Røyrvik utskilt frå Grong herad. Det vart ein del debatt kring namnet på den nye kommunen i Røyrvik-området. Blant forslaga kan nemnast Jaama, Fjellsjø/Fjellsjøan og Rørvik. Det sistnemnte, i forma Røyrvik, endte opp som heradsnamn.
Kjente folk frå Røyrvik
- Jens Ingvald Ornæs (1888–1959) - gardbrukar, reindriftsagronom og kommunepolitikar
- Jan Myrheim (f. 1948) - fysikar, oppdagaren av anyonar
- Alfhild Vekterli (f. 1948) - lærar og bildekunstnar