Raudeberg skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. mai 2018 kl. 22:21 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Raudeberg skule 2016
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Raudeberg skule i Raudeberg krins i Vågsøy kommune.

Skulehuset

Det første skulehuset i Raudeberg stod på Røysa. I 1925 vart det bygd eit nytt skulehus lenger sør i Raudeberg. I 1959 fekk skulehuset eit nybygg ved sidan av det gamle. Nybygget fekk ein sidefløy i 1995, og i 2002 vart det gamle bygget frå 1925 rive. På same staden vart det bygd eit nytt bygg med mellom anna gymsal i 2003.

Skuleveg

I Vågsøy Historielag si Årbok 2016 er det ein artikkel om den gamle skulen på Røysa. Det er Ragnhild Løtveit som i 1975 har skrive ned sine minne om skuletida. Ho tok til på skulen på Røysa i 1923, og skriv mellom anna: "Skulen tok til kl. 9. Millom kl. 12 og 13 hadde vi ein time fri for å springe heim og ete middag. Det var ikkje alltid så greit for ein 7-åring å ta denne turen frå Røysa og sør i Vikja i vind og regn, stakkars den mora som ikkje hadde maten på bordet når borni kom springande." " Ein gong sto det to sinte kyr nesten nord ved skulehuset. Då måtte ei anna gjente og eg ta ein lang omveg heilt ned i fjæra for å komme fram."

Anna bruksområde

Bygga frå 1959, 1995 og 2003 vert framleis nytta som skulehus for Raudeberg skule.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Ingrid Maurstad. "Skulen for Raudeberg og Halsøyr" i Skulen i Vågsøy i 100 år. Vågsøy Lærarlag: 1966.

Vågsøy Historielag Årbok 2016, side 105:"Den gamle skulen på Røysa" av Ragnhild Løtveit.

Digitale kjelder

Raudeberg skule, skulehistorie.

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.985750_N_5.134338_E_type:landmark#Norge 61.985750° N 5.134338° Ø