Refsnes krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Refsnes krins 1861
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Refsnes krins på Stadtlandet i Selje kommune.

Ved krinsreguleringa i 1861 strakte Refsnes krins seg frå Årvika, Ormeteig, Ervika til Morkedalen. Det var då 36 elevar. Skulestove og kost skulle haldast fleire plassar: 8 veker hjå Rasmus Pedersen Aarevik, 8 veker hjå Anders Haldorsen Dalsbø og 8 veker hjå Hans Hansen Ervik. Tilsynsmann var Nils Ferstad.

I 1923 vart det avgjort at det skulle byggast nytt hus i Refsnes krins. Grendene Ervik og Indre Morkedalen søkte då om å få bli skuld ut til eigne krinsar. Dette vart avvist av skulestyret, men elevane i Morkedalen fekk seks veker særskule. I 1924 bygde grenda Ervik sjølv eit skulehus for småskulen i protest mot at den nye skulen i Refsnes krins vart for langt unna. Der heldt dei privatskule i nokre år. Den 15. september 1924 søker oppsittarane i Ervik om fritak frå skuleskatten til Selje kommune. Skulestyret nektar dei dette sidan delinga av Refsnes krins ikkje har skjedd på ein sakleg måte.

Skulehus

Refsnes gamle skule

  • Byggeår: 1888
  • Fungerte som skule: 1888-1924
  • Anna bruksområde:

Refsnes skule

  • Byggeår: 1924
  • Fungerte som skule: 1924-
  • Anna bruksområde:

Ervik småskule

  • Byggeår: 1924
  • Fungerte som skule: 1924-
  • Anna bruksområde:

Ytre Stad grendaskule

  • Byggeår: 1998
  • Fungerte som skule: 1998-2014
  • Anna bruksområde: blir i dag brukt som bygdehus med bla. bygdekino

Årvik skule

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Andenes Olina Margreta 20.06.1895 Nordstrand, Årvik, Refsnes og Honningsvåg skular 1923 Volda lærarskule 1919

Foto

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Femårsmelding: Beretning om Folkeskolerne i Selje Skolekommune for Femaaret 1891-95. Sandane i Gloppen. Nordfjords Bog- og Accidentstrykkeri
  • Edvard Os (1957) Selje og Vågsøy - Bygdene og Bygdesamfunnet.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 62.162034° N 5.173242° Ø