Reinost: Forskjell mellom sideversjoner
m (Teksterstatting – «{{sørsam.}}» til «sørsamisk») |
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:») |
||
Linje 20: | Linje 20: | ||
{{F1}} | {{F1}} | ||
[[ | [[Kategori:rein og reindrift]] | ||
[[ | [[Kategori:samisk mat]] | ||
[[ | [[Kategori:ost]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Sideversjonen fra 18. nov. 2023 kl. 23:03
Reinost (nynorsk/bokmål; bokmål/svensk renost; sørsamisk bovtsenvuasta; pitesamisk buhtsuvuässta -st-; lulesamisk boahttsuvuosstá -st-) er ein ost som tradisjonelt er basert på reinmjølk sprengt med det mørke feittet kring tarmane på ferskvassfisken harr (Thymallus thymallus). Osten blir gjerne forma til flate, runde ostar i kring 10–25 cm vide og 3–5 cm djupe ostformer av fletta/sydde rottæger (lulesamisk dæjvvo -jv-) eller utskore tre (lulesamisk skáhppo -hp-) og tørka. Reinosten blir tradisjonelt blant anna skava tynt og bruka som ost i kaffen. Reinost og reinkjøtt har vore to av dei viktigaste byttemidla frå fjellsamisk side i verdde-systemet med utveksling av varer og tenester mellom dei og den fastbuande befolkninga. I samisk folkemedisin har reinost tradisjonelt vorte bruka til å behandle frostskadar — ein metode som passar godt med moderne medisinsk kunnskap som tilseier at frostskadar helst skal behandlast med feite, oppmjukande salver og forsiktig oppvarming.[1] I tradisjonell samisk religion var reinost eitt av dei matslaga som kunne pakkast inn i bark og hengast opp i tre kring gåhten som offer til sjukdoms- og dødsdemonen Rota for å verne kvinnfolka.
Reinost i stadnamn
Namdalen
Reinostberget er eit lite berg på ein holme i Dåtnejaevrie (Tunnvatnet) i Røyrvik kommune.
Salten
Reinosthellaren ligg oppi lia knapt ein kilometer vestom Tverråvatnet vestom Røkland i Saltdal kommune. I Beiarn kommune ligg Reinostbakken kring 70–100 moh. i lia mellom Nordlandsvika og Nordlandsknubben.