Reksta krins
Reksta krins i gamle Kinn kommune. I 1788 var krinsen ein del av Det søndre skulehaldardistrikt i Kinn sokn. I byrjinga låg heile øya Reksta under Reksta krins, men ettersom befolkninga auka vart det trangt i det gamle skulehuset på Ytre Reksta. Etter første verdenskrig vart krinsen delt i to krinsar. Reksta krins der ungane frå Ytre og Indre Reksta gjekk og Rognaldsvåg krins der ungane i Rognaldsvågen gjekk. I 1920 fekk Reksta krins nytt skulehus i Indre Reksta. Det gamle skulehuset som stod i Ytre Reksta vart sidan flytta til Rognaldsvåg, der det framleis står i dag.
Skulen var som oftast todelt, av og til tredelt, men midt på 60-talet kom elevtalet under 13 og skulen vart udelt fram til 1972.
I 1972 vart heile øya på ny samla til ein krins. Då vart Reksta krins lagt ned og ungane sendt til den nye skulen i Rognaldsvåg.
Skuleveg
- Skulevegen frå Ytre Reksta til Rekstakjellaren gjekk på ein sti langs med fjæra. Dei brukte ikkje båt.
Skulehus
Gamleskulen på Ytre Reksta
Reksta skule
Lærarar
Lærarane på Reksta var også klokkarar i Kinnakyrkja. Klokkargarden låg i Indre Reksta og var etter tilhøva ein stor gard som gav god inntekt. Inntekta frå klokkargarden var større enn lærarlønna så denne lærarposten hadde mange søkjarar.
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Andersen | Hans Edvard | Reksta | 1905 | 1922 | Flytta til Krokane og bygde ny helseheim der | ||
Eide | M. | Reksta | |||||
Skjolden | M. | Reksta | |||||
Gunntveit | T. | Reksta | |||||
Eide Reksten | Astrid | Reksta | Var ikkje klokkar, men dreiv klokkargarden |
Foto
Prenta kjelder
- Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd.
- Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.
- Reksten, Torleif (2009) Reksta skule. I Flora-minne 2009
- Femårsmeldingar for folkeskulen i Kinn (1891-1900)
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Samtale med Lars Erik Reksten