Reksta krins
Reksta krins i gamle Kinn kommune. I 1788 var krinsen ein del av Det søndre skulehaldardistrikt i Kinn sokn. I byrjinga låg heile øya Reksta under Reksta krins, men ettersom befolkninga auka vart det trangt i det gamle skulehuset på Ytre Reksta. Etter første verdenskrig vart krinsen delt i to krinsar. Reksta krins der ungane frå Ytre og Indre Reksta gjekk og Rognaldsvåg krins der ungane i Rognaldsvågen gjekk. I 1920 fekk Reksta krins nytt skulehus i Indre Reksta. Det gamle skulehuset som stod i Ytre Reksta vart sidan flytta til Rognaldsvåg, der det framleis står i dag.
Skulen var som oftast todelt, av og til tredelt, men midt på 60-talet kom elevtalet under 13 og skulen vart udelt fram til 1972.
I 1972 vart heile øya på ny samla til ein krins. Då vart Reksta krins lagt ned og ungane sendt til den nye skulen i Rognaldsvåg.
Skuleveg
- Skulevegen frå Ytre Reksta til Rekstakjellaren gjekk på ein sti langs med fjæra. Dei brukte ikkje båt.
Skulehus
Gamleskulen på Ytre Reksta/Rognaldsvåg
- Byggeår:
- Flytta til Rognaldsvåg:
- Fungerte som skule:
- Anna bruksområde: I dag er huset i privat eige.
Rekstakjellaren
- Byggeår: 1920
- Fungerte som skule: 1920-1972
- Anna bruksområde: Bygget var kombinert samfunnshus og skule. Grenda hadde kjellaren og kommunen hadde resten av bygget til skule. Det vart arrangert mykje dans og basarar i kjellaren. I dag er det ungdomslaget i grenda som eig heile huset.
Lærarar
Lærarane på Reksta var også klokkarar i Kinnakyrkja. Klokkargarden låg i Indre Reksta og var etter tilhøva ein stor gard som gav god inntekt. Inntekta frå klokkargarden var større enn lærarlønna så denne lærarposten hadde mange søkjarar.
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Andersen | Hans Edvard | Reksta | 1905 | 1922 | Flytta til Krokane og bygde ny helseheim der | ||
Eide | M. | Reksta | |||||
Skjolden | M. | Reksta | |||||
Gunntveit | T. | Reksta | |||||
Eide Reksten | Astrid | Reksta | Var ikkje klokkar, men dreiv klokkargarden |
Foto
Prenta kjelder
- Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd.
- Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.
- Reksten, Torleif (2009) Reksta skule. I Flora-minne 2009
- Femårsmeldingar for folkeskulen i Kinn (1891-1900)
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Samtale med Lars Erik Reksten
Koordinater: 61.562765° N 4.836730° Ø