Rommani: Forskjell mellom sideversjoner
(tok ut {{wikipedia|nn-tilpassa|Romani rakripa}} -- har fjerna alle restar etter bidrag frå andre enn meg sjølv.) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Rommani]]''' eller '''rommani rakripa''', òg kalla '''norsk romani''' og '''svensk romani''', er eit språk med hovudsakleg skandinavisk grammatikk og [[indoariske språk|indisk]]-basert ordforråd som tradisjonelt blir bruka av [[romanifolk]]et (tavringar, reisande, tatrar, romanoar, romanisæl) i det vestlege [[Sverige]], på [[Austlandet]] og i [[Trøndelag]]. Etter eit vedtak i den svenske [[Riksdagen]] den [[2. desember]] [[1999]] fekk romani i alle sine variantar (saman med [[samiske språk|samisk]], [[finsk]], [[tornedalsfinsk]] og [[jiddisch]]) offisiell status som nasjonalt minoritetsspråk i [[Sverige]]. | <onlyinclude>'''[[Rommani]]''' eller '''rommani rakripa''', òg kalla '''norsk romani''' og '''svensk romani''', er eit språk med hovudsakleg skandinavisk grammatikk og [[indoariske språk|indisk]]-basert ordforråd som tradisjonelt blir bruka av [[romanifolk]]et (tavringar, reisande, tatrar, romanoar, romanisæl) i det vestlege [[Sverige]], på [[Austlandet]] og i [[Trøndelag]]. Etter eit vedtak i den svenske [[Riksdagen]] den [[2. desember]] [[1999]] fekk romani i alle sine variantar (saman med [[samiske språk|samisk]], [[finsk]], [[tornedalsfinsk]] og [[jiddisch]]) offisiell status som nasjonalt minoritetsspråk i [[Sverige]]. </onlyinclude> | ||
== Ordtilfang == | == Ordtilfang == | ||
Linje 50: | Linje 50: | ||
|- | |- | ||
| elv || flussa || Fluß ([[tysk språk|tysk]]) | | elv || flussa || Fluß ([[tysk språk|tysk]]) | ||
|- | |- | ||
| vente || bidra || bide ([[skandinaviske språk|skandinavisk]]) | | vente || bidra || bide ([[skandinaviske språk|skandinavisk]]) | ||
|} | |} | ||
Ordtilfanget i romani ber sterkt preg av historia til [[romanifolk]]et. Kjernen av ordtilfanget kjem frå dei [[indoariske språk]]a kring [[Pandjab]] i [[Pakistan]] og det nordvestlege [[India]] og [[Rajasthan]] i India. Mange ord liknar på dei tilsvarande orda i [[hindi]] — slik som tala frå ein til fem. Andre vesentlege kjelder er [[gresk]], [[slaviske språk]], [[romanske språk]] og [[germanske språk]]. Det finst òg enkelte [[hebraisk]]e og [[finsk]]e ord i rommani. | <onlyinclude>Ordtilfanget i romani ber sterkt preg av historia til [[romanifolk]]et. Kjernen av ordtilfanget kjem frå dei [[indoariske språk]]a kring [[Pandjab]] i [[Pakistan]] og det nordvestlege [[India]] og [[Rajasthan]] i India. Mange ord liknar på dei tilsvarande orda i [[hindi]] — slik som tala frå ein til fem. Andre vesentlege kjelder er [[gresk]], [[slaviske språk]], [[romanske språk]] og [[germanske språk]]. </onlyinclude> Det finst òg enkelte [[hebraisk]]e og [[finsk]]e ord i rommani. | ||
Mange ord som er innlånte frå skandinavisk er omforma med suffiks som -(d)ra, -us, -is og liknande. | Mange ord som er innlånte frå skandinavisk er omforma med suffiks som -(d)ra, -us, -is og liknande. | ||
== Grammatikk == | == Grammatikk == | ||
Grammatikken står i sterk motsetnad til ordtilfanget i romani rakripa; både [[syntaks]]en (setningsoppbyggjinga) og [[morfologien]] (systemet av bøyingsendingar) er i det store og heile av sentralskandinavisk type. | <onlyinclude>Grammatikken står i sterk motsetnad til ordtilfanget i romani rakripa; både [[syntaks]]en (setningsoppbyggjinga) og [[morfologien]] (systemet av bøyingsendingar) er i det store og heile av sentralskandinavisk type. </onlyinclude> | ||
=== Morfologi === | === Morfologi === | ||
Linje 122: | Linje 120: | ||
* [http://www.ethnologue.com/show_language.asp?code=rmu «Ethnologue Report: Romani, Tavringer : a language of Sweden»] | * [http://www.ethnologue.com/show_language.asp?code=rmu «Ethnologue Report: Romani, Tavringer : a language of Sweden»] | ||
{{F1}} | |||
[[kategori:romani]] | [[kategori:romani]] | ||
[[kategori:romanifolk]] | [[kategori:romanifolk]] |
Sideversjonen fra 11. okt. 2010 kl. 20:34
Rommani eller rommani rakripa, òg kalla norsk romani og svensk romani, er eit språk med hovudsakleg skandinavisk grammatikk og indisk-basert ordforråd som tradisjonelt blir bruka av romanifolket (tavringar, reisande, tatrar, romanoar, romanisæl) i det vestlege Sverige, på Austlandet og i Trøndelag. Etter eit vedtak i den svenske Riksdagen den 2. desember 1999 fekk romani i alle sine variantar (saman med samisk, finsk, tornedalsfinsk og jiddisch) offisiell status som nasjonalt minoritetsspråk i Sverige.
Ordtilfang
Norsk | Romani | Opphavsspråk |
ein | jikk | ek (hindi) |
to | dy | do (hindi) |
tre | trin | tīn (hindi) |
fire | sjtar | cār (hindi) |
fem | parnsj | pāṃc (hindi) |
seks | sinkus | ? |
sju | efta | häft (farsi) el. epta (gresk) |
åtte | okta | okhto (gresk) |
ni | enja | ennea (gresk) |
ti | desch, dyparnsj |
das (hindi) do (hindi)+ pāṃc (hindi) |
stor | baro | baṛā (hindi) |
hest | kuro | ghoṛā (hindi) |
vatn | pani | pāṇī (hindi) |
mykje | butt | bahut (hindi) |
Gud | Devel | dev (hindi) |
Gud | Adonai | Adonáj (hebraisk) |
flott, stolt | buno | buono (italiensk) |
bok | libri | libre (fransk) |
kvit | blank | blanc (fransk) |
åleine | alonom | alone (engelsk) |
gata | stråtan | straat (nederlandsk) |
vegg | vanta | Wand (tysk) |
elv | flussa | Fluß (tysk) |
vente | bidra | bide (skandinavisk) |
Ordtilfanget i romani ber sterkt preg av historia til romanifolket. Kjernen av ordtilfanget kjem frå dei indoariske språka kring Pandjab i Pakistan og det nordvestlege India og Rajasthan i India. Mange ord liknar på dei tilsvarande orda i hindi — slik som tala frå ein til fem. Andre vesentlege kjelder er gresk, slaviske språk, romanske språk og germanske språk. Det finst òg enkelte hebraiske og finske ord i rommani.
Mange ord som er innlånte frå skandinavisk er omforma med suffiks som -(d)ra, -us, -is og liknande.
Grammatikk
Grammatikken står i sterk motsetnad til ordtilfanget i romani rakripa; både syntaksen (setningsoppbyggjinga) og morfologien (systemet av bøyingsendingar) er i det store og heile av sentralskandinavisk type.
Morfologi
Substantiv
Ubunde eintal |
Bunde eintal |
Ubunde fleirtal |
Bunde fleirtal |
divus (dag) | divusen | divusar | divusane |
bakro (sau, vêr) | bakroen | bakroar | bakroane |
Substantiva i romani tek vanlegvis -(a/e)r i ubunde fleirtal, og dei har etterhengd bunden artikkel som i dei fleste nordiske språka og målføra. Endingsvokalen i ubunden form blir halden i bøygde former. Typiske endingsvokalar er hankjønnsendinga -o og hokjønnsendinga -i.
Avleiingsendingar inkluderer -ipa (rakra = ‘tala’, rakripa = ‘språk’, ‘tale’; nak = nase, nakkipa = ‘snus’) og -ar (tradra = ‘reise’, tradrar = ‘bil’).
Verb
Inf. | Pres. | Pret. | Perf. |
dikka (sjå) | dikkar | dikka | kammar dikka |
jia (syngje) | jiar | jia | kammar jia |
ja (gå) | jar | jadde | kammar jadd |
Verba har oftast a-infinitiv på romani. Dei fleste verba blir bøygde som nynorsk kasta. Einstavingsverb blir oftast bøygde omlag som nynorsk ha. Perfektum blir oftast danna med hjelpeverbet kamma (ha). Mange verb, inkludert ord frå germanske språk, har suffikset -(d)ra: bidra (vent), bodra (bu), dindra (tena), dragra (draga, reise).
Syntaks
Den grunnleggjande setningsbygnaden i romani er stort sett av SVO-type (Subjekt-Verb-Objekt): Vorsnus rakrar romani (SVO) svarar ordrett til «Vi talar romani». Ved tilføying av adverb først i setninga får vi, som i all skandinavisk, reverseringa SV > VS: Ninna rakrar vorsnus romani (AVSO) «No talar vi romani.»
- beckna v (svensk) ‘selja’ < rommani bekna (‘selja’)
- haja v (svensk) ‘begripe’, ‘innsjå’ < rommani heia (‘forstå’, ‘høre’, ‘vita’)
- hispa f (svensk) ‘hus’; ‘(mental-)institusjon’ < rommani hisp (‘hus’)
- jack m (svensk) ‘auge’ < rommani jakk ‘auge’
- jycke m (svensk) ‘hund’; ‘kar’, ‘fyr’ < rommani juklo (‘hund’)
- pava f (svensk) ‘flaske’ < rommani pave (‘flaske’)
- pröjsa v (svensk) ‘betala’, jfr. rommani preisipa (‘betaling’)
- tjej f (svensk) ‘jente’ < rommani tjei (jente’)
- tji adv. (svensk) ‘ikkje noko, ingen ting’ < rommani tji (‘ikkje, nei’)
- tok m (svensk) ‘narr’, ‘tulling’; ‘tull’ < rommani tok ‘tulling’
- vischan f (svensk) ‘landsbygda’ < rommani virsjan, versjan (‘skogen’)
Litteratur
- Hancock, Ian: «The Social and Linguistic Development of Scandoromani», i Language Contact: Theoretical and Empirical Studies. Berlin: Mouton de Gruyter, 1992.
- Hyltenstam, Kenneth (red.): Sveriges sju inhemska språk : ett minoritetsspråksperspektiv. Lund (Studentlitteratur), ca 1999. (366 s. : ill.) ISBN 91-44-00777-9 (hf.) [1]
- Iversen, Ragnvald: The Romany language in Norway. (Skrifter / utgitt av det Norske videnskapsakademi i Oslo. II. Historisk-filosofisk klasse ; 1944:3 1) 1944. (275 s.)
- Karlsen, Hermann: Romani-norsk ordbok. Fredrikstad (Stiftelsen Roma), 2000. (90 s.; ill.) [2]
- Karlsen, Hermann: Vandriar : et enkelt innføringskurs i romani : ved undervisning, skriftlig og på CD. Fredriksstad (Stiftelsen Roma), 2001. Hefte (28 s.) + CD. [3]
- Karlsen, Ludvig [...] et.al.: Romani-folkets ordbok : Tavringens rakripa = de reisendes språk. 1993. ISBN 82-992363-1-2. [4]
- Mac Mathúna, Séamus & Ó Corráin, Ailbhe (red.): Minority languages in Scandinavia, Britain and Ireland. (Studia Celtica Upsaliensia ; 3) Uppsala (University of Uppsala); Stockholm (Almqvist & Wiksell International), 1998. (220 s. : ill.) ISBN 91-554-4111-4 (hf.) [5]
- Sveriges officiella minoritetsspråk : finska, meänkieli, samiska, romani, jiddisch och teckenspråk : en kort presentation. (Skrifter utgivna av Svenska språknämnden ; 86) Stockholm (Norstedt), 2003. (76 s. : ill.) ISBN 91-7297-611-x (hf.) [6]