Rukenstølane (Ustaoset): Forskjell mellom sideversjoner
m (→Kjelder: overskr.) |
(omkat.) |
||
Linje 6: | Linje 6: | ||
<references/> | <references/> | ||
== Litteratur == | == Litteratur == | ||
Linje 25: | Linje 24: | ||
[[Kategori:Setrer i | [[Kategori:Setrer i Hol kommune]] | ||
[[Kategori:Ustaoset]] | [[Kategori:Ustaoset]] |
Sideversjonen fra 18. sep. 2012 kl. 21:33
Rukenstølane (Ruken, Rugestølen) ligg på Ustaoset, Hol kommune, nedanfor Rukehøvda i retning Ustevatnet. Dei omfattar Geilo-Ruken, Sekshus-Ruken (begge gnr 19, bnr 14), Nordre Ruken (19/12) og Krossbugjerdene (19/24). Etter Krossbugjerdene (A på kartet) ligg i dag (2012) restar etter to steinbuer. På Nordre Ruken står to stølshus (B), mens det på Ruken står 3 hus (C).
Opphavleg låg truleg Ruken til Mehus i Kvisla. Lars Guttormsen Mehus og svigersonen, Ole Asleson Mehus, selde ein Rukenstøl til Eirik Knutson Verpe, Ustedalen, for 8 rdlr. i 1748. Eirik selde denne vidare til Eirik Olson Nerol (Nerolshaugen), Holet, for 40 rdlr. i 1769.[1] Sonesonen til Eirik O., Ola Olson Sekshus, bytte i 1851 til seg ein voll på Ruken som broren Knut Olson Nerolshaugen då eigde. Eit skyldskifte frå 1881 syner at den same Knut på denne tid selde ein Rukenstøl til Ola Tolleivson Geilo, Ustedalen. Ola fekk sett opp to trebuer der i staden for dei gamle steinbuene. I 1892 selde han ein del av stølen (3 gjerder) til Ola Olson Sekshus (1859-1922), Ustedalen. Her var store vollar og mykje stein, så Ola syntest det gjekk seint med slåtten. Dette dreidde seg truleg om Krossbugjerdene som Ola i 1904 sto ført opp som eigar av. Etter at Ola døydde fekk sonen, Knut Olson Sekshus, skøyte (1925) på både Krossbugjerdene og Nordre Ruken. Då Gudmund Olavson Tollerud overtok garden Sekshus med stølane i 1971, var Krossbugjerdene nedlagt, mens Nordre Ruken truleg framleis var i bruk. [2]
Fotnotar
Litteratur
- Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 7.
<googlemap version="0.9" lat="60.520595" lon="8.012981" type="terrain" zoom="13">
(C) 60.517976, 8.01281
Ruken (19/14
(B) 60.516371, 8.007231
Nordre Ruken (19/12)
(A) 60.515653, 8.005428
Krossbugjerdene (19/24)
(C) 60.517934, 8.015814
Ruken (19/14)
</googlemap>