Sågnes skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. jun. 2016 kl. 08:22 av Sigrun Espe (samtale | bidrag) (Sigrun Espe flyttet siden Sognnes skule til Sågnes skule: lokal rettskriving)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sognnes skule i Hyllestad kommune vart plassert i Sætevika i 1927, men før dette var det bygningen skulehus på Birkeland.

Skulekrins

Sognnes var eigen skulekrins i 1861 og fram til den vart lagt ned i 1956.

Skulehuset

Då den nye Åfjorddalen skulekrins med nytt skulehus kom på plass i 1925, vart det fatta eit vedtak om at kommunen skulle betale ut skulehuset og flytte det til ein krins som ikkje hadde skulehus. Huset var demontert og frakta under oppsyn, og vart lagra i Leirvik. I 1927 vart det fatta nytt vedtak om at Sognnes skulekrins skulle få skulehuset. Det vart sett opp i Sætevika og stod klart til skulestart same året.

Andre bruksområde

Etter at Sognnes krins vart lagt ned i 1956 har bygningen funger som kårbustad og fritidshus.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Skule- og kommunestyreprotokollar frå Hyllestad
  • Branntakst 1892 (Statsarkivet i Bergen)

Digitale kjelder

Eide, Kjell (2003) Soga bak skulehuset i Sætevika, Sogeskrift for Hyllestad 2003, s17-20.

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.12585724° N 5.23014477° Ø