Sætersdalen (foretak)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. okt. 2014 kl. 14:09 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''A/S Sætersdalen''' er eit investeringsforetak som formelt vart grunnlagt i 1895, etter å ha kjøpt sin fyrste eigedom året før. Selskapet eksister framl...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

A/S Sætersdalen er eit investeringsforetak som formelt vart grunnlagt i 1895, etter å ha kjøpt sin fyrste eigedom året før. Selskapet eksister framleis, og eig store områder i Setesdal.

Selskapet vart etablert av Bjerke og Foss, eit kompaniskap av to spekulantar. Bjerke hadde ei tid handla eigedomar i Bykle kommune, og fekk så med seg Foss. Kompaniskapet deire gjekk konkurs i 1894, og dei starta difor opp A/S Sætersdalen året etter. Dei fyrste eigedomane kjøpte dei på tvangsauksjonen etter konkursen i sitt eiga kompaniskap. I 1904 gjekk så A/S Sætersdalen over ende, og det vart ny tvangsauksjon. Bøndene kjøpte attende eigedomane for lågare pris enn dei hadde fått nokre år tidlegare. I 1906 kom A/S Sætersdalen seg på beina att, og kjøpte eigedomane attende frå dei same bøndene. I 1911 gjekk det enno ein gang gale, med ny konkurs. Bøndene kjøpte attende jorda, også denne gongen for lågare pris enn dei hadde fått.

Dette var tredje gongen Bjerke og Foss hadde gått konkurs, og denne gongen kom dei ikkje attende til foretaket. I staden tok Øvre Otteraaens Brugseierforening over, med Kristiansand Fossefald, Hunsfos Fabrikker og Vigelands Brug som hovudinteressentar. Dei overtok alle aksjane, og dreiv selskapet vidare.

Kjelder