Selbjørn: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 7: Linje 7:
== Om ==
== Om ==
=== Navn ===
=== Navn ===
Ein veit ikkje kor navnet Selbjørn kjem frå, og det har vore mange skrivemåtar igjennom tidene.
Dei lærde meiner at Selbjørn kanskje er eit tabunamn, og at det har med dyrenamnet bjørn å gjera. Når fiskarane var ute på havet, skulle dei ikkje nemna visse dyrenamn, t.d. katt. Dei sa då klodyret, eller dei nytta ei omskriving - Salens bjørn, sidan katten høyrde til i salen eller stova. Dersom Selbjørnsøya den tid heitte noko med katt, så skulle dei ikkje seia namnet, men få meininga si fram på onnor vis. Noko rett tyding kan ein truleg ikkje koma fram til her, det er mykje uvisst korleis namnet er laga.
Blant anna;
 
Salbjorn, Søldbiøninn (1567) & Sælbiørn (1723).
Gamle namneformer: Salbjorn, Søldbiøninn (1567) & Sælbiørn (1723).
Nokre meinar det har med dyret bjørn å gjera.
<br>Uttale: Sælbjødn


=== Gardar ===
=== Gardar ===

Sideversjonen fra 15. nov. 2014 kl. 20:15

Øya Selbjørn i Austevoll.

Selbjørn er den nest største øya i Austevoll kommune. På austsida ligg Bekkjarviksund, der Selbjørnsbrua går over til Huftarøy. På vestsida ligg Stolmasund der Stolmabrua går over til Stolmen. Selbjørnsfjorden ligg på sørsida av øya, med Fitjar og Fitjarøyane på andre sida.

Fram til 1964 hørte sørøstsida av Selbjørn til Fitjar kommune, medan nordsida var ein del av Austevoll.

Om

Navn

Dei lærde meiner at Selbjørn kanskje er eit tabunamn, og at det har med dyrenamnet bjørn å gjera. Når fiskarane var ute på havet, skulle dei ikkje nemna visse dyrenamn, t.d. katt. Dei sa då klodyret, eller dei nytta ei omskriving - Salens bjørn, sidan katten høyrde til i salen eller stova. Dersom Selbjørnsøya den tid heitte noko med katt, så skulle dei ikkje seia namnet, men få meininga si fram på onnor vis. Noko rett tyding kan ein truleg ikkje koma fram til her, det er mykje uvisst korleis namnet er laga.

Gamle namneformer: Salbjorn, Søldbiøninn (1567) & Sælbiørn (1723).
Uttale: Sælbjødn

Gardar

Navn Gnr
Nordre Drivenes 1
Store Drivenes 2
Fagerbakke 3
Eikholmen 4
Kalvenes 5
Veivågen 6
Noven 8
Indre Rabben 9
Ytre Rabben 10
Djupevåg 11
Tøkje 12
Salthella 13
Søre Drivenes 66(8)
Bekkjarvik 67(9)
Sætre 68(10)
Grasdal 69(11)
Gauksheim 70(12)

Tal i parantes: gardsnummer før 1964 (Fitjar).

Historie

1800-talet

  • 1890 Møte om felles skulehus mellom krinsane Gauksheim og Drivenes. Dei vart enig om å gløyma tanken pga den "lange og besværlige vei at gaa for smaa börn".

1900-talet

  • 1901 Gauksheim skule vart bygd for krinsane Vikestøl, Sætre, Båtevik, Grasdal og Gauksheim.
  • 1905 det vart løyvd midlar til 7910 meter veg frå Salthella til Drivenes.
  • 1910 vart det gjeve løyve til bygging av veg frå Austevoll si grense til Bekkjarvik.
  • 1959 Gauksheim skule vart nedlagt.
  • 1980 Selbjørnsbrua vart opna og Selbjørn vart knytt saman med Huftarøy.

Kjelder

  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt I. Møkster sokn. Austevoll sokn. Utgjevar: Austevoll herad. 1978.
  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt III. Tidlegare Bekkjarvik Kapellsokn. Austevoll sogenemnd. Utgjevar: Austevoll kommune. 1991.

Koordinater: 59.9920786° N 5.1588766° Ø