Selbjørn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. nov. 2014 kl. 21:35 av Cathev (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Øya Selbjørn i Austevoll.

Selbjørn er den nest største øya i Austevoll kommune. På austsida ligg Bekkjarviksund, der Selbjørnsbrua går over til Huftarøy. På vestsida ligg Stolmasund der Stolmabrua går over til Stolmen. Selbjørnsfjorden ligg på sørsida av øya, med Fitjar og Fitjarøyane på andre sida.

Fram til 1964 hørte sørøstsida av Selbjørn til Fitjar kommune, medan nordsida var ein del av Austevoll.

Om

Navn

Ein veit ikkje kor navnet Selbjørn kjem frå, og det har vore mange skrivemåtar igjennom tidene. Blant anna; Salbjorn, Søldbiøninn (1567) & Sælbiørn (1723). Nokre meinar det har med dyret bjørn å gjera.

Gårder

Navn Gnr
Nordre Drivenes 1
Store Drivenes 2
Fagerbakke 3
Eikholmen 4
Kalvenes 5
Veivågen 6
Noven 8
Indre Rabben 9
Ytre Rabben 10
Djupevåg 11
Tøkje 12
Salthella 13
Søre Drivenes 66(8)
Bekkjarvik 67(9)
Sætre 68(10)
Grasdal 69(11)
Gauksheim 70(12)

Tal i parantes: gardsnummer før 1964 (Fitjar).

Historie

1900-talet

  • 1980 Selbjørnsbrua vart opna og Selbjørn vart knytt saman med Huftarøy.

Kjelder

  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt I. Møkster sokn. Austevoll sokn. Utgjevar: Austevoll herad. 1978.
  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt III. Tidlegare Bekkjarvik Kapellsokn. Austevoll sogenemnd. Utgjevar: Austevoll kommune. 1991.

Koordinater: 59.9920786° N 5.1588766° Ø