Sjølveigargardar i Vest-Agder og utflytting til Setesdal og Fyresdal på 1600- og 1700-talet: Forskjell mellom sideversjoner

m
Teksterstatting – «til til» til «til»
Ingen redigeringsforklaring
m (Teksterstatting – «til til» til «til»)
 
Linje 18: Linje 18:
Gardane i Fjotland som lå opp mot heia, ser ut til å ha vore rikare stilt enn gardar litt lenger nede i dalføra, ved at det var meir fjellbeite. Som eksempel så har vi garden Netland sør for Knaben. Før svartedauen skal her ha  lege to store gardar jamsides her, Nesland ute pa neset og Skeid lenger vest.  Seinare var øydegardene kalt Netland, og dette var gods som futen Niels Jensson hadde tillegna seg. Han selde i 1508 vidare  øydegardane Netland og Risnes til sirdølen Kolben Guttormson Josdal, og josdalætta vart seinare sitjande på garden. Til desse øydegardane låg fleire andre såkalte øydegardar som no var kalt støylar. Lenger ned var garden Lindefjell. På eigedomstilhøva kan det virke som om alle gardar langs Kvinaelva mellom Lindefjell og Nedre Kvinlog ei tid har hatt ein eigar, der kjernegarden kanskje var Engedal.  Tidlig på 1400-talet levde ein Tore Torsteinsen på Øvre Kvinlog, men det ser ut som om garden har lege aude ei stund etter dette. Ein kan nevne at tidlig 1600 tal levde den fjotlandske ”bygdehelt” Trond Hosuldson på Nedre Kvinlog. Lenger aust vart Eiesland teken i bruk etter svartedauen. Vordal var ein audegard i næleiken, der Aanund var rudkall tidlig på 1600 talet.  Han sleit med økonomien, men etterkvart sikra han seg eigarskap til halve garden. Ellers var det mange gardar rundt Eiesland som  seinare eller ikkje blei rydda etter svartedauen. Navn i nærleiken vitnar om dette slik som Øygardstjønna, Øygarden Spillebrok, Audalstøl m.m.. Ellers var der gardar i heiane innanfor Vordal m.a. ved Mjåvatn.  Mjåvatn og Eftestøl va gardar som etter måten ligg langt inne i heia, og som blei nyrydda før år 1600.

Nedover i dei to dalføra i Kvinesdal var det nok heller folketomt etter svartadauen. I øvre delen, dvs. i nedre Fjotland og i øvre Kvinesdal (nord for Rafoss og Haugland) var det meste bondegods. I heile Fjotland var det bare Narvestad og Seland som var eigd av kronen. Frå ei sak om odelsretten til gardane Versland og Sinland, gardar som ligg mellom Auster og Vesterdalen, kjenner ein noko til eigedomshøva. Gamel Bjørnsen Moi ville kreve odel til desse gardane pluss  gardane Vatland, Årstøl og Røyseland. Han viste til at desse gardane var hans gamle odelsgods, og at dette hadde vore i hans slekt i 7 generasjoner. Han lista opp sine forfedre heil tilbake til til ein Salve Moi som var født i tida rett før svartedauen. Gamel sin farmors farmor var Jorunn Olsdatter og ho hadde ein bror Tjodolf som hadde eigd desse gardane, men Tjodolf døydde barnlaus. Omring år 1500 hadde han selt desse gardane til ein Tollak som var farfar til den Ståle Osmundsen Birkeland som han hadde sak mot. Ståle var svigerson til Håkek Hugesen Foss i Sør Audnedal, og hadde au fått ein del gods og jord fra kona. Retten meinte imidlertid at saka var forelda og var endelig avgjort i 1599. Dette viser at folk frå dalen hadde site med gods lenge, men når det gjaldt øydegardane så var det ikkje alltid så høgt prioritert å ha eigedomstilhøva på plass. På 1500 talet var det nok av jord å ta av.
Nedover i dei to dalføra i Kvinesdal var det nok heller folketomt etter svartadauen. I øvre delen, dvs. i nedre Fjotland og i øvre Kvinesdal (nord for Rafoss og Haugland) var det meste bondegods. I heile Fjotland var det bare Narvestad og Seland som var eigd av kronen. Frå ei sak om odelsretten til gardane Versland og Sinland, gardar som ligg mellom Auster og Vesterdalen, kjenner ein noko til eigedomshøva. Gamel Bjørnsen Moi ville kreve odel til desse gardane pluss  gardane Vatland, Årstøl og Røyseland. Han viste til at desse gardane var hans gamle odelsgods, og at dette hadde vore i hans slekt i 7 generasjoner. Han lista opp sine forfedre heil tilbake til ein Salve Moi som var født i tida rett før svartedauen. Gamel sin farmors farmor var Jorunn Olsdatter og ho hadde ein bror Tjodolf som hadde eigd desse gardane, men Tjodolf døydde barnlaus. Omring år 1500 hadde han selt desse gardane til ein Tollak som var farfar til den Ståle Osmundsen Birkeland som han hadde sak mot. Ståle var svigerson til Håkek Hugesen Foss i Sør Audnedal, og hadde au fått ein del gods og jord fra kona. Retten meinte imidlertid at saka var forelda og var endelig avgjort i 1599. Dette viser at folk frå dalen hadde site med gods lenge, men når det gjaldt øydegardane så var det ikkje alltid så høgt prioritert å ha eigedomstilhøva på plass. På 1500 talet var det nok av jord å ta av.

I brev satt opp i  åra 1600-1603 så stemner Stigan og Aanund Røynestad saman med Hans Andersen Gullestad og Gunder Sande på Feda (dei to siste i fullmakt av deira brør) nokre personar angåande retten til gardar i Fjotland, dvs Helle, Omland, Kvinlog og Engedal, som dei meiner at dei har like stor rett til som dei som er nåverande eigarar. Dette er eigentlig kjernegardane i Fjotland dei ønsker ein del av. Dei innstevnte eigararane er Lauritz  Magnussen Kvinlog, Øyuv Tjodolfsen Omland, Olav Ersdal og Olav Skjeggedal i Bakke. I eit nytt brev satt opp i 1610 spør Aanund Stigsen og Olav Nilsen almuen and kva for rett Sigbjørn Roddusen har til garden Helle i  Fjotland.  Då ga ein Tore Sveinungsen som svar at han hadde høyrt gamle Asbjørn Røynestad seie for meg og min far at han aldri visste kvifor dette godset var han frakommet i sin barndom og at han når var blitt gammel og brydde seg ikkje så mykje om det. Dette brevet kan tyde på at Aanund Stigsen og Ole Nilsen var tilflyttarar og dei hadde teke over gods etter Asbjørn Røynestad, enten ved kjøp, giftemål eller gamal odel. I ein grenseoppgang mellom Røynestad og Lyding i 1557 får vi vite at Asbjørn sin far heitte Sigbjørn og budde på ytre Røynestad. Sigbjørn navnet var m.a. brukt på Dunsæ i Gyland der Sigbjørn Gunnarsen var født ca. 1500. Noko etterslekt til Asbjørn på Røynestad er ikkje påvist. Når det gjeld breva som er skrivne på Akershus i 1601 så inneheld dei noko interessant tekst; ”.....alle de breffue, domme, quitanter som y hafr aff Stolle Birchellandt, Hasschall Ydne och Oxendalls mend paa samme goudz, sambtt altt anditt huis y ethr h´r udj mz forsuare will, och that om att lide occh undgielde epthr Norgiss Loug.” Her møter vi trulig att den Ståle Osmundsen som nevnt over, og det ser ut som ein Hoskuld og folk på Øksendal er at same slekt. I eit anna brev nevner au ein Aasmund Lelannd blant desse menn. Ut frå dette så virkar det som om den Tjodolf Olsen og den Tollak som er nevnt ovanfor ifm. garden Versland, ser ut til å ha eigd det meste av øvre Kvinesdal og Fjotland kring år 1500.  Hoskuld som er nevnt budde på på garden Øidne (Audne) i Grindum. Der ser ut som at Hårek, son til Ståle Birkeland, skattar av denne garden i 1594. Åsmund Leland budde på garden Leland i Grindum, og han ser ut til å vere ein annan son til Ståle Birkeland. Vi ser at Olav Kvinlog skatta av ei  halv hud i Leland så seint som i 1647. Dette gjev grunn til å tru at Eiel Åsmundsen  (født ca. 1560) som gifta seg til Kvinlog var son av den ovanfor nevnte Åsmund Leland. Slekta på Øksendal (som mest trulig gjeld garden med dette navn i Sirdal) er på eit eller anna vis kopla til desse menn. Merk at kring 1600 var fire menn som var søner av Rolleiv Stålesen Øksendal, nemlig Evert, Eivind, Ståle og ein Tollak. Faren var altså Ståle. Kan denne Ståle vere den nevnte Ståle Osmundsen – i så fall fell ein del brikker på plass?

Veiledere, Administratorer
173 140

redigeringer