Skapargledeskulpturen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 8: Linje 8:


[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Sykkylven kjomune]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
[[Kategori:Skulpturer]]
[[Kategori:Skulpturer]]

Sideversjonen fra 16. sep. 2013 kl. 04:40

Skapargledeskulpturen er ein skulptur som er plassert ved ei av rundkøyringane ved Aure sentrum i Sykkylven. Skulpturen vart avduka ved ein seremoni laurdag 14. september 2013. Det er kunstnaren Kjell Gunnar Overøye som har teikna skulpturen som vart kåra som vinnar i ein konkurranse som vart skipa til i 2012. Kunstnaren har omtala verket som ei fri fabulering over temaet «Menneske – stol.»

Skulpturen tek utgangspunkt i den næringa som er heilt dominerande i Sykkylven, møbelindustrien, men Overøye ønskjer at kunstverket skal vere ein honnør til alle dei som har vore med og skapt sykkylvssamfunnet, og at det skal vere med å inspirere til innsats for framtidig næringsutvikling.

Kjelde:

  • Historikar Eldar Høidal i samtale med kunstnaren Kjell Gunnar Overøye.